Aller først; TUSEN TAKK for alle fine kommentarar før i dag! Var tenkt å publisere forrige innlegg uten kommentarfelt, men hadde gjort noko feil? Eg må innrømme at eg er glad dokke kunne leggje igjen helsingar. Det var så godt å lese dei no, og eg veit at næraste familie til Marius også har vore inne på bloggen, og sett alt godt dokke formidlar. Det betyr så mykje på ein slik dag. Marius døydde i ei møteulykke med ein trailer ved Lillehammer i april 2008. Sjokket og sorga vil nok prege oss resten av liva våre.
"Sorg går ikke over. Den tar bare en annen form. En sorg ligner på havet. Til å begynne med er bølgene veldig krappe. Så kommer dønningene, men det blir aldri mer havblikk."
Iben Sandemose
Eg har gått ein lang tur til fjellet i formiddag, og ellers hatt fleire gode samtalar med ulike menneske. Det har vore ein fin dag. Livet går vidare, same kor vonde følelsar vi har. Det forundrar meg alltid at lys og mørke skifter mellom natt og dag, når døgna er uuthaldelege? Men livet er heldigvis slik, det stoppar ikkje opp, sjølv om vi ropar at vi ikkje vil bli med lenger. Og litt etter litt finn vi igjen ei meining, og litt etter litt kan vi smile igjen. Men det blir aldri heilt slik som før.
***
Eg vil blogge om stova mi igjen i dag. Ikkje så lenge sidan sist, men eg har måla i helga.
Og til alle som synes borda ved sofaen var fine som dei var; ja, det var dei. Men vi har fjerna døra mellom stova og gangen, og der har vi ein farge som heiter Sand. Gråfargen på borda, og panelet på veggen, var fullstendig krÆsj! Og eg likte veldig godt nattborda som stod der før, og dei var kvite. No har eg lagt eitt strøk med måling, og vurderer om dei skal få eitt til? Eller om eg skal shabbe dei slik som dei er no. Time will show :) Har veldig trua på å bruke tid når ein skal ta slike avgjerder. Det eg mest spontant kan tenkje, viser seg ofte å vere litt forhasta.
Som sist veke, omgjev eg meg med kjolar. Og no har ei snill dame skaffa meg ei så lita gine, at kjolane passa på. Tusen takk B! Kjolen som står i kroken ved sofaen, er ein såkalla "andredagskjole", ein finkjole til dagen etter bryllupet. Ganske lik brudekjolen i snitt, men svart. Eg likar han veldig godt! Så fine detaljar. Eg ventar på godvèr igjen, for ein seanse nede ved sjøen. Her er fønvind, rundt 19 grader, og litt regn i dag.
Som eg skreiv ein dag før, så føler eg at eg ikkje har så mykje å vise fram, etter eitt år med blogging. Men det har kome til 12 nye følgjarar berre siste veka, så eg får trøste meg med at alle nye her inne kanskje trur at eg er oppfinnsom! ;) Ellers trives eg ikkje med å la vere å skrive kommentarar inne på bloggane eg besøkjer. Men eg må nok innrømme at eg har det bedre med nakke og rygg, etter at eg slo ned på tempoet med tastaturbruk. Det er jo strengt tatt ikkje nødvendig å skrive noko til meg heller, men eg ser at då blir blogginga ganske trist, viss ein ikkje har noko feed back på det ein gjer. Det er vel difor vi bloggar? Men eg blir ikkje trist og lei meg, det lover eg, sjølv om du ikkje skriv kommentarar til meg! :)
Seinare i kveld legg eg ut vinnarane på GiveAwayen min, for det kjem stadig til nye deltakarar :) Link ligg på to innlegg under her.
Takk for at dokke var med på å gjere dagen min til
det beste han kunne vere!
God klem!
Elin
Hei kjære Elin:)
SvarSlettVil bare takke deg for at du la ut innlegget i går! Det var nydelig skrevet, og veldig rørende! Vi sender deg mange varme tanker, og tenker masse på deg!! Du er så flink! Og et så fantastisk menneske! Jeg, Katrine, satt stor pris på hilsenen du la igjen spesielt til meg! I det siste er det kun Tone som har blogget, men jeg satt meg opp for å skrive til deg i dag! Blir så glad av hvert ord du skriver! Det får meg virkelig på beina igjen! Det er på en måte godt (kanskje litt slemt å si) at man ikke er den eneste som har det vondt.. Det er godt å kunne dele erfaringer med andre! Og det kan jeg med deg! Må nok legge meg igjen etter dette, for hele kroppen verker. Ville bare inn å si det til deg! Du er et av våre store forbilder, og du er med på å redde dagen vår:) Håper du har det bra i dag?:)
Stor klem:)
P.S. NYDELIGE bilder fra stua!:)
Vi/Eg kjem igjen og igjen..
SvarSlettFordi du gir av deg sjølv på ein god måte..
Så flotte stove bilete ♥
Du klarer alltid få ein ny vri på det du skriv og tek bilete av..
Eg sløvar i dag, lov det også ;-)trur eg..
klem
Kjære Elin!
SvarSlettSender deg varme tanker på en slik trist dag...
Herlige bilder fra stuen din=)! Jeg blir ikke lei av å se bildene dine, blir alltid inspirert=)!
Ha en super uker!
Klemmer!
Hei vennen!
SvarSlettSynes det er så fint at du hyller minnet om tantebarnet ditt på denne måten! Det er mange dager i løpet av året som bringer frem et sterkt savn, og dagen i dag, som skulle vært bursdagen hans er en slik dag... Godt iallfall å kunne ta frem alle de gode minnene - de vil du alltid ha med deg!
Ha en fin uke gode du!!!
Stor klem fra Hildegunn