...

søndag 15. juli 2012

Storesøster sitt rom - FARGAR!












Vekkjarklokke og lyslenkje frå Ahlèns, tapetendar frå Herlighet, Sengeklede Hennes&M Home, Princess, pute frå ZanZ.  Teppe frå IKEA.
Det byrjar å bli ein del månadar sidan eg starta opp prosjekt jenterom. Men p.g.a. varierande helse, har det tatt VELDIG lang tid å kome i mål. Enno har vi nokre uløyste problem igjen. Men det ser no i alle fall ut som eit delvis ferdig rom? Fargane ho valde, vart svart, rosa og lyseblått. Tavle-sengegavlen har eg sett rundt omkring, og er inga nyskaping i seg sjølv. Eg forlenga den svarte veggen til vinduet, ved å måle med vanleg svartmåling på stria ved sidan av tavleplata. Brukte restane av den svarte Ladymålinga frå stova, som du kan lese om HER! Nattbord og oppbevaring ved sidan av senga er gamle fruktkasser, tapetserte på bakveggen. Hyller er enkle å lage, berre å sage ut av tynn kryssfinèr. nokre stiftar held dei på plass. Storesøster er glad i Moods of Norway, og yndlingssingleten heng til pynt når han ikkje er i bruk. Skoa, som har litt "vanskelege" hælar, fekk ho av eit velmeinande søskenbarn. Vi er begge enige om at dei tek seg best ut oppe på den heimelaga knaggrekkja. Supre fargar på dei om ikkje anna!

Ser at veldig mange har bloggeferie, og det er fornuftig! Men eg prøver likevel å kome med nokre meir arbeidskrevjande innlegg innimellom, for eg veit at eg har trufaste lesarar som setter pris på dette! :) Takk for kommentarar og mailar; som eg alltid har sagt, dei er som bensin på "bloggemotoren" min!

Og no har eg vel bevist ein gong for alle, at her
ER faktisk fargar i huset? ;)


Elin


15 kommentarer:

  1. For et HERLIG jenterom!
    Flotte farger og detaljer:)
    Ha en fin søndagskveld!
    Klem

    SvarSlett
  2. Så fint det har blitt, rett og slett et skikkelig sprekt jenterom! Fin søndagskveld til deg, klem

    SvarSlett
  3. Utrulig fint jenterom! Trur ungar har godt av å ha spreke fargar på romma sine. Frøkna er sikkert strålande fornøgd! Takk for super inspirasjon :)

    SvarSlett
  4. Kjempefint :). Jeg likte spesielt godt tapeten i hyllene. Hvilken leverndør/merke er det ?

    Mvh anne.mette.dale@lyse.net

    SvarSlett
  5. Ja her må det vera lett å tilbringa litt tid :) Så herlig rom! Det gnistrar jo. Eg er ei ond mor, eg har tatt ned alle dei frynsete fotballplakatane frå lillebror sitt rom, dei hang tett-i-tett-i-tett-i-tett over senga hans, og med det resultat at kvar gong det kom litt luft under dyna så blafra plakatane litt meir og no var dei altså berre filler. Like fullt er eg full av ondskap som fjerna dei... huff og huff for ei mor...

    Ha ein deilig søndag kveld!

    Klem Eli

    SvarSlett
  6. Kjempestilig jenterom!! :)

    Koser oss på ferie!

    Klem

    SvarSlett
  7. For et flott jenterom!!!! Tenkjer jenta er godt nøgd med dette. Ha ei fin ny veke. Klem.

    SvarSlett
  8. Lekkert jenterom!!
    Stilig med sort og rååååsa ♥

    Håper dere nyter gode sommerdager, selv om det ikke akkurat er sommer i været overalt...

    SvarSlett
  9. Så kult!

    Heldige snuppa

    Klem

    SvarSlett
  10. Superstilig jenterom! Frisk rosafarge som dempes av det røffe svarte. Kunne flyttet rett inn, selv som voksen jente her :)

    SvarSlett
  11. Så fint du har gjort,og her var absolutt farger ja,kult!

    Nyt resten av sommeren:)

    Klem Linda:)

    SvarSlett
  12. Kjempeflott vart det!

    Vonar veka di vert god :-)

    klem

    SvarSlett
  13. For et stilig jenterom !:) syntes du har så fin blogg, får masse inspirajson :)

    SvarSlett
  14. For et utrolig kult jenterom. Skjønner godt at frøkna er fornøyd med det ja :)

    SvarSlett
  15. Så tøft og artig rom! Kjempestilige detaljer;) Har lagt meg til som følger;)

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!