...

mandag 23. juli 2012

Shopping til kontoret hos Granit


Eg har vore i Oslo i helga, og klart å vere halvannan time på konstert med Brucer`n på Valle Hovin. Lei meg for å ikkje ha fått med meg heile konserten; men hallo! Eg er så stolt og glad for å ha hatt guts til å reise så langt med denne kroppen! Har vore temmeleg utblåst i hovudet og merkeleg etterpå, stiv og støl. Men eg KLARTE det! :) Og så fekk eg handla på GRANIT. Ei stor oppleving i seg sjølv. Fantastisk sørvis, fekk nærmest personal shopper når eg var innom. Mannen min sovna i ein stol i sola på utsida av butikken, det var kanskje like bra... Vi bodde i Bogstadveien, så det var ein aldri så liten spasertur vi var ute på. Men vel verdt kvart eit steg. Stor takk også til Norwegian som lot oss ta med temmeleg mange kilo over handbagasjestandard...

Eg skal fullføre ein haug av halvferdige prosjekt i vekene som kjem. Reknar med at det blir nokre blogginnlegg langsmed også? ;) I dag har eg gått for halv maskin, men har tulla rundt og hengt opp ting og tenkt. Gamle interiørblad flyt på kjøkkenbenken. Eg studerer og riv ut sider. Kom inspirasjon til meg, du skal IKKJE motstand finne! :) Det kjennes faktisk ut som om nokre gode idèar er på vei? (eller så er det berre luft i magen...) Time will show!





Ikkje ideelt å ta bilder klokka halv ti på kvelden...
Men ein liten smakebit på dagens aktivitet vart det likevel.
Skal ta fleire bilder ein annan dag.


NB! Vinnarane av GiveAwayen finn du under her!


Elin

3 kommentarer:

  1. Hihi, fining som sovna utanfor :) Eg har berre vore ein gong på Granit, det var i Sverige og då vart eg skuffa. Men eg veit jo at eg må berre prøva igjen. For dei har så mange fine ting, har jo sett det i bloggane rundt om kring.

    Eg trur nok at du har maaasse inspirasjon i deg, og ikkje luft i magen :-)

    Klem Eli

    SvarSlett
  2. Aaaahhh...elsker granit. Skulle innom butikken dems på grünerløkka for litt siden, men de hadde vistnok flytta. Er det bogstadveien de holder til i nå?
    De har så mye kult og ikke minst praktisk. Regner med de det var de klypene o.l du kjøpte med deg? ;) Kjempe kule.

    Finfin uke til deg
    klem Jane

    SvarSlett
  3. Masse kult hos Granitt.Så bra at du hadde en fin tur.Så leit når ikke kroppen ikke fungerer.Ha en riktig fin dag.Klem Heidi

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!