I dag har eg vore på jobb. Nesten uverkeleg å bruke det ordet... Veldig godt, men likevel vemodig, fordi eg veit at det er langt opp og fram før det å jobbe dagleg kan bli ein realitet. Men eg storkosar meg kvar gong eg er ute på oppdrag. I dag var jobben ekstra kjekk. Kjem meir om dette seinare.
Før eg reiste, prøvde eg å ta bilder av adventskalenderen i trappeoppgangen til loftet. Der er minimalt med lys, og eg tok meg ikkje tid til å hente stativet til kameraet. Det som kanskje ikkje kom fram i går, var at kalenderen er 2.2m... Største adventskalenderen som har vore i hus her i alle fall. Men familien synes det er greit med eit tre i trappa, så då er vel alle glade og fornøgde? :)
Har fått spørsmål frå fleire om korleis eg fester greinene. Når ein arbeider med så store ting, må ein skru eller spikre. Eg anbefalar å skru. Til mindre tre har eg brukt stift og lim. Eg borar alltid hol med maskin før eg setter inn skruar eller stift, slik at treverket ikkje skal sprekke.
Elin















































