Kjøkkenbilder. Mynte og salvie på kjøkkenbenken, elskar slike planter! Blir i godt humør av desse grøne innslaga som luktar og smakar så godt! Har sett to av stubbane mine ved kjøkkenbordet, eg likar dei over alt :) Har fått spørsmål om korleis ein finn slike? Mitt råd må bli å oppsøkje strendene rundt omkring, og håpe på at eit stort tre har drevet i land. Så må ein ha med sag, helst motorsag på slike dimensjonar, og lage til passande stubbar. Dei er tunge, så ein bilveg tett ved er nok ein fordel. Akkurat no står mine 4 ute i sola og tørkar. Dei har fukt i midten, så det vil nok gå litt tid før dei blir heilt tørre.
Lykta frå Bella Rosa kom aldri til butikken igjen, eg synes ho er så fin, at eg valgte å kjøpe henne. Denne flyttar også rundt om i huset i løpet av veka. Like fin på stova som kjøkkenet, og på kveldstid lyser ho lunt på hagestova. Eg har også kjøpt meg skilt til kjøkkenvifta, "Five star kitchen", frå Herlighet. DET må ein vel kalle ein overdrivelse! Vi er god på å lage laksegryte, og heimelaga pizza ;) Men Hellstrøm bør ikkje kome hit, for å seie det slik. Nye stripa puter på Tolixane frå Åhlens.
Eg har måtte kapitulere i dag,
nakken gjekk ut i streik, og då er eg hjelpelaus.
Men i morgen er ein ny dag! Og eg velger alltid å tru
at ting blir bedre - fort! :)
Elin