...

tirsdag 17. juli 2012

I hagestova ein gråvèrsdag









Kakao og geiteskinn framme i midten av juli... Det er ein dyster regndag her hos oss. Men Litt telys og varm drikke gjer alt så mykje kjekkare! Dessuten ser det ut til at skydekket held på å revne, og eit kjærkome, gult lys er innan rekkevidde.

Velkommen til alle nye følgjarar! Tusen takk for alle fine kommentarar i går. Eg veit ikkje om eg har funne alle, sidan dei var på ulike innlegg. Men veldig kjekt med slike tilbakemeldingar. Eg har desverre begrensa kapasitet til å skrive tilbake, eg må stadig passe på denne nakken min. Og etter å ha tatt bilder og laga eit innlegg, må eg ta det heilt med ro. Høyres kanskje dramatisk ut, men slik er det berre. Har fått betale for timane eg var på fotoshoot med Ty Pennington sist veke. Men det går seg nok til igjen. Slik har det vore i fleire år. Det blir til slutt ein vane.

Nyt dagen!


Elin

mandag 16. juli 2012

Er gult kult? Og får eg meg betongvegg?





Som mange av dokke sikkert har fått med seg, har eg takka ja til ei reportasje her i heimen i september. Det var leeenge til september når eg sa ja, men kva er det som skjer med kalenderen??? Det er jo snart september??? Eg har ei ynskjeliste. Og viss eg var rik, kunne eg nok fått til det meste i løpet av neste månedane. Men tenk; eg er ikkje rik. Ikkje litt eingong. Det er då ein må vri hjerna for å finne rimelege løysingar. -du har det meir enn bra nok, seier mamsen min. Så for å forklare henne kva eg føler rundt dette, sa eg at det blir det samme som at ho setter fram ei av sine fantastiske kaker, halvsteikt... eller halvpynta... Det behøv nemleg ikkje vere dyrt å få eit hus til å sjå gjennomført ut. Ein gjer mykje med litt rydding, vasking og styling. Grin du på nasen no? Vel, eg er av den formeining at orden har mykje å seie. Og orden over alt er her sjelden. Det går i rykk og napp, men akkurat denne eine dagen i september vil eg at her skal vere ship shape. Sånn er det med den saken.Og så er det dette med å bruke ting på nye måtar. Å kunne vise fram ting som ikkje alle andre har. Eller kanskje har, men ikkje heilt veit korleis dei skal bruke?

Mitt neste prosjekt er ein betongvegg på soverommet, i alle fall ein lookalike... Mannen har høyrt om dette i fleire månedar, og sidan eg er ganske hjelpelaus m.t.p. fysisk arbeid for tida, treng eg hans hjelp. Og han ser ut til å vere klar? Gleder meg! Ellers har lillebror stilt store spørsmålsteikn ved den store interessa rundt storesøster sitt rom. Han vil også gjerne fornye seg... Ja, ja. Kva med knall gule detaljar skal tru?

Viss du har lyst til å vinne ein knall gul, blå eller lilla Muuto lampe (som vist i collagen) eller andre fine premiar, rekk du å melde deg på GiveAwayen min før helga. Trykk HER for meir informasjon!

Det er ein spesiell dag her på Draumesidene. Følgjar nr.700 har nettopp lagt seg til. Noko eg er så forferdelig glad for! Tusen takk til alle som er innom her, eg kan visst ikkje få sagt dette ofte nok! I dag har eg også fått mange besøk via facebooksida til Tips & Inspirasjon Til Hjemmet, der dei har lagt ut bilder og link hit til bloggen min. Anbefaler deg å LIKE sida deira, der er MASSE flott inspirasjon heile tida! Det å bli linka til er veldig kjekt, og det er slik stas å bli oppdaga av nye interiørglade menneske. Gir eit solid løft i bloggekvardagen :)



Elin


søndag 15. juli 2012

Storesøster sitt rom - FARGAR!












Vekkjarklokke og lyslenkje frå Ahlèns, tapetendar frå Herlighet, Sengeklede Hennes&M Home, Princess, pute frå ZanZ.  Teppe frå IKEA.
Det byrjar å bli ein del månadar sidan eg starta opp prosjekt jenterom. Men p.g.a. varierande helse, har det tatt VELDIG lang tid å kome i mål. Enno har vi nokre uløyste problem igjen. Men det ser no i alle fall ut som eit delvis ferdig rom? Fargane ho valde, vart svart, rosa og lyseblått. Tavle-sengegavlen har eg sett rundt omkring, og er inga nyskaping i seg sjølv. Eg forlenga den svarte veggen til vinduet, ved å måle med vanleg svartmåling på stria ved sidan av tavleplata. Brukte restane av den svarte Ladymålinga frå stova, som du kan lese om HER! Nattbord og oppbevaring ved sidan av senga er gamle fruktkasser, tapetserte på bakveggen. Hyller er enkle å lage, berre å sage ut av tynn kryssfinèr. nokre stiftar held dei på plass. Storesøster er glad i Moods of Norway, og yndlingssingleten heng til pynt når han ikkje er i bruk. Skoa, som har litt "vanskelege" hælar, fekk ho av eit velmeinande søskenbarn. Vi er begge enige om at dei tek seg best ut oppe på den heimelaga knaggrekkja. Supre fargar på dei om ikkje anna!

Ser at veldig mange har bloggeferie, og det er fornuftig! Men eg prøver likevel å kome med nokre meir arbeidskrevjande innlegg innimellom, for eg veit at eg har trufaste lesarar som setter pris på dette! :) Takk for kommentarar og mailar; som eg alltid har sagt, dei er som bensin på "bloggemotoren" min!

Og no har eg vel bevist ein gong for alle, at her
ER faktisk fargar i huset? ;)


Elin


lørdag 14. juli 2012

Om inspirasjon, og tips til deg som er ny bloggar







Eg er på inspirasjonsjakt. Høgt og lavt. Saumfèr nettet, kjøper blad som ser lovande ut. Men til sjuande og sist er det andre ting som gir meg nye idèar. Slik som ein fin dag saman med dei eg er glade i. Det handlar om positiv energi. Berre slik får eg vingane for å flyge, dei eg treng for å skape.

Nokre svar i kveld, på spørsmål som eg har fått i innboksen i det siste :

Bilda i dag har eg tatt med min htc mobil, og redigert alt på den, unntatt signaturen, så til deg som sende mail om kva kamera ein bør ha for å blogge, er svaret at eg ikkje stiller så høge krav :) Det viktigaste er å kome i gang, så ser ein kvar ferda fører ein. Eg har eit Canon eos 7D. Er veldig fornøgd. Men starta med eit Canon 1000D. Brukar ofte eit Sigma objektiv, 18-200mm, eller eit Canon, 50mm. Av redigeringsprogram brukar eg PhotoShop og PhotoScape. Det siste finn du gratis på nettet. Div.skrifttypar kan du søkje etter på nettet og laste ned (kallas fonts). Likeeins rammer og andre duppedittar. Eg er ikkje så god på slikt, så eg klarer sjelden å gjengi kva eg har gjort, når eg klarer noko nytt...

Angåande dette med kvalitet på bilda på blogger, har det blitt ein hard kamp om lesarane siste åra. Synes det finns utruleg mange flinke folk der ute, som er gode både på fotografering og layout. Dei fleste startar opp på null ein stad, og deretter lærer underveis. Somme er gode frå starten, andre treng litt tid på å varme opp. Mitt råd må vere å "hang in there". Blogginga skal først og fremst vere ei kjekk sosial greie, der ein skaper nye band og kanskje venskap til folk ein elles ikkje hadde blitt kjend med. Og ein må gi i stort monn i starten, for å få fotfeste. Slik er det berre. Det finns få snarvegar. Ikkje be folk om å leggje deg til, vèr heller oppmerksom og skryt av dei bloggane du likar. Det er slik ein blir oppdaga av andre. Og tør å gjere dine eigne ting! Det å kopiere andre sine idèar er enkelt, eg gjer det sjølv stadig vekk, men prøv også å kome opp med din eigen interiørvri. Det setter i alle fall eg som lesar stor pris på! Og link til bilde og inspirasjonkilder! Viktig! 


Ynskjer alle ei fortsatt fin fin helg!



Elin

torsdag 12. juli 2012

The livingroom a rainy summerday











Lyslykter av div.slag frå Herlighet, puter frå Ikea, lampeskerm frå Ølen Møbel


It`s raining again...

Det er sommar for det? Men koseleg med litt levande lys, og ein ekstra lunk frå varmepumpa. Kos på hagestova med fyr på peisen, eller ein tur i naustet med pledd over knea og god mat. Jauda, livet er godt, trass i at eg har vore veldig låk i nakken siste dagane. Det blir nok bedre snart? Og i dag klarte eg å ta nokre bilder igjen. Nokre roser frå bursdagsfeiringa sist helg er fine enno. Treperlekjeda er heimelaga, og eg ELSKAR dei! Trur det kjem til å bli laga fleire før hausten kjem?

Takk for shoppingtips under her!




Elin

 

onsdag 11. juli 2012

Treng shoppingtips før Oslotur!


Jammen gjekk lufta ut av meg etter fotoshooten med Ty Pennington... Var vel som forventa, denne kroppen min vil aldri vere med på noko løye, uten å lage tull etterpå. Uansett, det er berre å gå på lavgir nokre dagar, og ikkje gjere meir enn akkurat det som ein må. Håper at energien stig, for eg skal snart til Oslo. Sitt og googlar etter fine butikkar, men tenkte at det kanskje er bedre å spørre lesarane av Draumesidene om hjelp? Har nokon tid til å gi gode råd? Eg har kun ein dag til rådigheit, og skal bo i Bogstadveien ;) Derfor treng eg tips om butikkar som er i gangavstand derifrå. Har fått med meg at Hennes&M Home er der, Home&Cottage... But what else? No er det ikkje slik at eg skal flotte meg med massevis av shopping, men eg elskar å vindusshoppe også. Eg får ofte inspirasjon til interiørrelaterte prosjekt etter ein slik runde. Kan du hjelpe meg?



Og så må eg få lov å dele bildet min bedre halvdel tok
på måndag midt i fotoøkta...

Have a nice evening!


Elin

mandag 9. juli 2012

Min dag med Extreme Makeover`s Ty Pennington








Det er no mykje merkeleg ein skal oppleve. Fekk forespørsel på laurdag om eg hadde lyst å vere med på tur i nærområdet, og ta bilder av Ty Pennington. Kva skal ein svare til slikt? Må seie eg angra VELDIG på å ha takka ja i går kveld, men eg kom meg opp i dag tidleg, og trødde kroppen i gang. Når ein møter slike som har vore mykje på tv, kjennes det nesten som ein kjenner dei frå før? Og det trur eg jammen stemmer når det gjeld denne fyren. Han var akkurat slik som på tv, ekte, full av humor, omtenksom og flink å lytte. Ikkje meg imot at han er så opptatt av design og interiør også. Det viste seg også å vere enkelt å vere litt "ufør" saman med Ty. Han skulle for eksempel springe fordi dei hadde dårleg tid på slutten, men når han såg at eg ikkje klarte det, stoppa han og smilte. Så gjekk han saman med haltande meg i staden for. What a gentleman ;)

På bilda sitt han i ein stol frå Vad møbler. Han hadde møtt ein delegasjon frå fabrikken "over there" i fjor på messe. Ty er i Norge for å samle inspirasjon til eit nytt hus han held på å byggje. Han filmar deler av reisen, som kanskje blir ein ny tv-produksjon etter kvart. Han elska møblane som stod i dei naturskjøne omgivelsane, bl.a. i ein foss... Han reiser vidare mot Bergen i kveld.

På bilda eg viser, har han fått seg ein Devoldgenser frå butikken her i bygda, noko han sette stor pris på. Eg jobba for Devold for ein del år sidan, og synes at dette måtte vere ein passande presang ein kald og våt sommardag.  


Og grunnen til latteranfallet? Eg sa berre :
strike a pose, and show me some legs! :)
(I have watched Tyra Banks...)

Elin

 

søndag 8. juli 2012

Tivoli PAL+






Søtaste DAB radioen er blitt min! Ikkje verst å ha bursdag? Eg ynskte meg høgtalar til mobil/data, og så fekk vi tips om at denne radioen var fin fin til slikt bruk. Svært god batterikapasitet (på ca.6t?) gjer at du kan ta denne søtnosen med på tur. Vi hadde musikk i naustet i går via Spotify/mobil og denne. Akkurat no har eg kobla den til pc`en, og kosar meg ENORMT med yndlingsmusikken min. Eg har massevis av musikk eg er glad i, akkurat i dag har det gått i bl.a. Eva Cassidy, synes ho var/er fenomenal... Ladar batteria etter bursdagsdøgnet mitt, ein ubeskriveleg fin dag, kveld og delvis natt. I morgen har eg ei voldsom utfordring, og skal slappe av resten av dagen. Ser ut som om eg kan dele med lesarane mine også? Blir i alle fall VELDIG spennande! ;)

Eg har halde på med denne GiveAwayen min siste veka,
og som vanleg har det kome til ting eg ikkje visste om når eg starta. Forstår om det kan vere litt forvirrande, så her kjem eit oppsamlingsheat med bilder og informasjon :

Møbler og miljø gir bort ein Muuto taklampe, GUL, BLÅ eller LILLA




Herlighet gir bort 4 kjøkkenhandkle
frå by nord






hviit spanderer ein goodiebag
til ein verdi av 500 kr

Bildecollagen er samansett av nokre av mine
haustfavorittar hos hviit, kva som er i goodiebagen er ein overraskelse!

For at eg skal sleppe å telje saman kommentarar og lodd fleire stadar, har eg prøvd å sluse alle som vil vere med til


Reglane er :

Kommentar - eitt lodd
Følgjar - eitt lodd
Dele giveawayen på blogg eller facebook - eitt lodd

Viss du har lyst å melde deg på trykk


Eg trekkjer dei heldige vinnarane 20.juli!

Tusen takk til butikkane som har sponsa premiane!


Fin, ny veke til alle!



Elin

Glimt frå bursdagen min







Takksam, glad, sliten


Elin


fredag 6. juli 2012

Sommarbadet, og snart 41 ...








Nokre bilder frå sommarbadet vårt. Vi har herlege dagar med ferie, sol og avslapping. Kjennes utruleg fortent! I morgen har eg bursdag, tenk at eg blir 41... Det var jo veldig gammalt synes eg å huske, når eg var yngre? Men no blir eg altså det. Rart. Dagen blir feira med familie og gode vener. Gleder meg veldig! :) Håper at regnet held seg unna nokre dagar til? Hadde vore perfekt om dette glansbildet varte og varte... Kanskje kjem det nokre bilder frå bursdagspynta naust?


Vil takke alle som har meldt seg på giveawayen, og lagt seg til som følgjarar siste veka. Fekk høyre i går at bloggen min klatrar på listene, noko eg er heilt intetanande om. Eg har null kontroll på slikt. Men som eg har sagt før; det kjennes fantastisk å ha så mange lesarar! Sidan dette er min kanal ut i verda, blir det ein slags bekreftelse på at det eg gjer blir sett pris på.

Bursdagsynskjet mitt er å kunne jobbe igjen. Å få lov å vere kreativ, gjerne ta bilder. Å vere aktiv i vekene, og glede meg til fri i helgane. Berre det. Kanskje er det mogeleg ein gong i framtida?


Ha ein nydeleg dag der ute!


Elin


torsdag 5. juli 2012

Goodiebag frå hviit i GiveAwayen!


Det kjem til fleire premiar i GiveAwayen min. Denne gongen er det hviit som er gavmilde. Dei vil gi bort ein goodiebag til ein verdi av 500 kroner til ein heldig vinnar Hurra! Sidan hviit er ein av mine favoritt nettbutikkar, var det ikkje vanskeleg å takke ja til dette! Eg har handla ein del via nettet siste åra, det er ikkje alltid eg finn yndlingsmerka her i området. hviit har imponert med eit flott utvalg, kjempefin sørvis, og ikkje minst rask levering via posten.

 

Du finn hviit sin blogg HER, nettbutikken HER, og facebooksida deira HER!
Og giveawayen min kan du melde deg på HER!
Vèr snill å gå til dette innlegget for å melde deg på via ein kommentar, så har eg alle samla på ein stad :)


Elin