I løpet av dagen i dag, passerar teljaren min 50.000 besøk. Dette finn eg ganske utruleg, og eg hadde ALDRI trudd at så mange fann vegen innom draumesidene mine på under eitt år! Når eg starta, kalla eg bloggen "Elin sine draumesider". Etter kvart kjøpte eg domenet Draumesidene.com. Eg kjende ei jente som blogga om interiør, ellers var eg heilt åleine inne i denne verda. Men det gjekk ikkje lenge før nye navn og nick dukka opp på skjermen. Eg var veldig aktiv dei første månedane, og var flink å leggje att kommentarar. Eg var ajour med å få med meg kva folk la ut, og storkosa meg med masse inspirasjon.
Etter kvart vart bloggen min lest av fleire, og veldig mange la att kommentarar hos meg. Då byrja det å gå over styr. For eg rakk jo ikkje å skrive tilbake til alle? Eg hadde konstant dårleg samvet, og kosa meg slett ikkje lengre... Så kom det trasige tider i livet mitt ellers, og det enda med at eg sletta den gamle bloggen min. Det gjekk ikkje mange dagane, før Nye Draumesidene var på plass. "Med blanke ark og fargestiftar til", stod det på headeren den gong. Og det vart starten på ei ny tid for meg. Det har vore kjempetøft å snekre saman denne bloggen, med lite overskot innabords, men eg er veldig glad at eg fortsette å ta bilder, og dele med alle dokke der ute.
I sommar sletta eg alle på favorittlista mi, og la inn att dei som eg les kvar dag, og dei som kommenterar ofte hos meg. På denne måten har eg igjen fått tid tl å følgje med på "alt som skjer". Og dei som ikkje er på lista mi lengre, må ikkje vere lei seg. Av og til er eg innom dei også. Og somme har eg kanskje gløymt å leggje til att? Poenget mitt er, at blogging skal vere ein ting eg gjer for å ha det kjekt!
Eg fekk tilogmed premie i går for lang og tru blogging... Neida; men det passa veldig bra å bli trekt ut i konkurransen til Riviera Maison Molde :) Produkt for 1400 kroner! Eg som aldri vinn... Tusen takk til damene der!!!
Eg har utsatt Give Awayen min til oktober, når bloggen min fyller eitt år. Tida går så fort?
Bilda er frå hagestova vår, og det vesle kjøkkenet eg har der.
Tinga er skattar eg fekk forrige veke. Eg er så glad i
gamle bakeformer, og
desse var heilt
etter min
smak
:)
Eg kjem til å fortsetje å drøyme. Utan draumane mine kan eg aldri bli den eg ynskjer å vere...
Kanskje legg du att ein kommentar i dag,
viss det er akkurat du som er
besøkjande nummer
50.000?
God klem til alle kjekke
lesarar frå
Elin!
♥ ♥ ♥


