...

fredag 9. august 2013

Eventyr 1564 moh

 
 
 
 
 
 

 
Turbeskrivelse finn du HER
 
 
I går besteig eg Slogen, eitt av mine største mål. Var oppe for 18 år sidan, og eg har alltid tenkt at eg skulle gå opp dit igjen. Etter fjoråret med krykker og halting og min fjerde prolaps, var det ikkje slik at eg trudde det var mogeleg å gå denne turen i sommar. Men med rett kosthald, vektnedgang og timevis med trening, innsåg eg at det kunne la seg gjere. Siste månaden har gått med til trening, mentalt og fysisk. Null blogging og nesten ikkje bruk av kameraet. Berre full fokus på å kome i bedre fysisk form igjen. Og å slappe av. Eg fekk meg ein skikkeleg nedtur på forsommaren, følte meg tom og ute av stand til å bli bedre. Målet er jo å bli heilt frisk!
 
Gårsdagen var ikkje av dei optimale, måtte ta medisin før eg starta. Og skodda låg heilt ned i dalbotnen. Men med OK sikt. På ca.1200 moh kom vi over dette laget, og utsikta var makelaus! Sjølv om vi ikkje fekk noko åpning i skylaget, klagar eg ikkje. Eg veit jo korleis utsikta var sist eg var oppe. Eg sleit veldig på veg heim heilt frå toppen, og halta siste 10 km, MEN det var verd det! I dag er kroppen tom, og verker. Men eg smiler :) Vi kan klare utruleg mykje viss vi bestemmer oss for det! Eg kryssar alt eg har for at smertene går over om nokre dagar, og eg har bevist at eg er mykje tøffare enn eg trudde sjølv! Husk endeleg på at det ligg hundrevis av treningstimar bak denne turen, sidan nyttår. Både med 15 km gåturar fleire gongar i veka, og økter på helsestudio. Det var ikkje berre å slå sammen hendene, og hive seg avgårde på fjelltur!
 
 
Eg har fleire mål ;)
Og er allereie i gang med å "tenkje
dei gjennomførbare"...
 
Håper desse små glimta frå mitt liv
kan inspirere andre til å
nå sine mål!
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 


17 kommentarer:

  1. Fantastisk Elin! Så glad du klarte det! Jeg er imponert over ståpåviljen din!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Beate! Fantastisk å kjenne at styrken min er i ferd med å kome tilbake, både fysisk og mentalt <3

      Stor klem!
      E

      Slett
  2. WOW Elin!
    Er SÅ imponert!
    Du er ein inspirator av rang!!

    Stor god helg klem frå Sigrid

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk kjære Sigrid!
      Takk for at du alltid er så positiv,
      og har omtanke <3

      Stor klem tilbake!
      E

      Slett
  3. Jeg er imponert over hvordan du utfordrer deg selv gang på gang! Du lar ikke sykdom stoppe deg, men virker nesten enda sterkere i motgang!
    Herlig at det finnes mennesker som deg der ute – er virkelig glad for at du deler dine opplevelser med oss! :)

    Har sjøl hatt en drøm i noen år om å bestige Ben Nevis (1344 moh). Etter at jeg endelig kom (på ferie) til Skottland i 2010 har min intuisjon hintet om at det skal skje på min 4. ferietur derover – forhåpentlig neste sommer. Jeg har (dessverre) ikke overskudd til å trene som du har, så viljestyrken (og min utholdenhet) blir min eneste drivkraft! Det er uansett ingen skam å snu (det gjelder vel også for bestigning av fjell? :) ), så om det skal ta meg flere forsøk, så gir jeg ikke opp! :]

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjære Yvonne! Hald fast på draumen din, så kan den gå i oppfylling! For eitt år sidan hadde eg gitt opp det meste. Når eg går i fjellet, trillar tårene nedover kinna mine. Av glede og takksemd. Ein skal ikkje ta noko som ein selvfølgje; ein skal vere flink å glede seg over alle framskritt, også dei som andre ser på som ørsmå. Det er nok der eg har ein stor styrke. Og viss ein klarer det, kan ein samle energi nok til å kome seg eit hakk vidare.

      Lykke-lykke til!
      God klem frå
      Elin

      Slett
  4. Fantastisk:)))
    Har lest bloggen din lenge, og nå kjente jeg at det jammen var på tide å kommentere. Du inspirerer med din stå på-vilje, og du viser så mange flotte bilder og skriver gode tekster. Jeg vet hvordan møtet med kjelleren er, og også hvordan det føles når man overvinner det som er vanskelig og oppturen med å kjenne mestringsfølelse igjen. Tusen takk for god inspirasjon:)))
    Klem Marianne

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk sjølv Marianne! Utruleg kjekt med tilbakemeldingar! Det beste eg veit er når folk tek kontakt og seier at eg har gjort ein forskjell for dei! Gir meg energi og lyst til å stå på vidare! :) Snusar på kursing for å bli coach. Ein annan draum ;)

      God klem!

      Elin

      Slett
  5. Grattis till din bedrift, så bra gjort! Önskar lycka till med kommande utmaningar //kram maria

    SvarSlett
  6. Fy flate Elin, du er helt rå!!! Og ja, jeg ble fryktelig inspirert akkurat nå. Min store drøm er å gå videre ned i vekt men nå har det vært stillstand og cm har krøpet på igjen etter at vi hentet Samuel. Men nå - jeg kan klare det!! Tusen takk for inspirasjon. God klem!

    SvarSlett
  7. Så herlig Elin!!! Bilda e berre heilt nydelige!! vakkert! Og sist men ikkje minst bra jobba! Det e jo eit bratt fjell, så det e imponerande å bestige! Veldig kult!Heia på deg og frammtida di!!klemma

    SvarSlett
  8. brrraaaaaavvvoooooo!
    Supergod er du!

    SvarSlett
  9. Det var verklige BRA JOBBAT!!! :)

    Stolt ska du verkligen vara ;)

    Ha en fin vecka, kram/Olg@

    SvarSlett
  10. Kjære deg, dette er imponerande lesing. Så flink du er med trening, vektnedgang og målsetting. Ønskjer deg god betring, alt godt og lykke til. Veldig kjekt å lese om slike historier.

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!