Ein av dei tinga eg har vore redd for siste åra, er å reise. Livredd for å bli dårleg og sengeliggjande med ryggen når eg er på ferie. Dette har lagt masse begrensningar på kvar og korleis vi har reist. Men rundt nyttår inviterte gode vener oss med til huset sitt i Spania. Eg tenkte at dette var eit stort mål, men noko eg skulle jobbe for å gjennomføre. Avtalen var at dei andre skulle reise uten meg viss eg fekk ein dårleg periode. Det gjorde eg ikkje, og forrige veke kosa vi oss sør for Alicante.
Eg saknar å liggje på stranda i steikande sol, men i dag var eg på min første stortur
til ein fjelltopp sidan hausten 2011, ikkje verst det heller? Store kontrastar til nysnøv og kald vind; men eg elskar jo tross alt det også :)
Blogginnlegg er på gang,
det blir tapasmåltid i hagestova før pinsehelga ;)
Elin
Hurra for deg at du sprenger grenser :)
SvarSlettstor klem !!
Takk! Dette var ikkje småtteri for meg...
SlettMen fantastisk å kjenne på at eg klarte det! :)
god klem,
elin :)
Så fantastisk og kan tenke klimaet og varmen gjorde deg godt❤
SvarSlettØnsker deg ein fine kveld!
Klem fra Lillian
Tusen takk Lillian!
SlettVar herleg med sol og varme!
God klem til deg også!
e :)
Å så godt at det var noko kjekt som gjorde at du hadde bloggepause!!
SvarSlettMå vere godt å få reise vekk og "tine" litt opp :-)
Godt når ein når nye mål i livet!!
Stor klem
Takk Sigrid!
SlettDet er utruleg godt å ta kontroll
over livet igjen. Ein så god følelse av ro.
Har tenkt på deg!
klem,
e :)
Det er så innmari fortjent Elin! (Sjølv om eg skulle ønske det var meg ;))
SvarSlettOg knallbra jobba med topptur! Ingenting slår ein Sunnmørsk fjelltur ;)
Håper eg får mange slike i år sjølv, men i år kom astmaen tilbake for første gong på mange år (når pollensesongen slo inn...) så kjenner at legg ein liten dempar på det.. Men hey, eg kjem meg opp om eg berre reknar inn nokre ekstra småpauser for å hente meg inn att og puste litt ;)
mmm.... hadde eg hatt hagestue skulle eg heilt klart invitert til tapas-fest!! Gler meg til å sjå bileta!
Förstår din oro över att resa då jag själv har en wiplash. Men det är så skönt att ta tillbaka kontrollen över sitt liv igen. Visst kostar det i värk men ibland kan det vara värt det.
SvarSlettUnderbara konstraster du har. Spaniens sol till fjälltopp :)
Kram Maria