...

tirsdag 7. februar 2012

Svarte detaljar også på kjøkkenet





Det svarte og kvite vil nok etter kvart fylle alle romma i hovedetasjen. Ser at eg er blitt hekta. Den gamle brune stolen med målingsflekkar har også blitt svart. Synes den kledde den blanke nye fargen veldig godt? Har planar om å trekke om dei kvite stolane også, har lagt oppå putetrekk i svart og kvitt, og leitar no etter eit liknande stoff. Saknar "gamle dagar" når fleire butikkar hadde superbra utval av slike. No er det helst å leite etter ei ferdigsydd gardinlengde, eller ein duk e.l. som kan brukast til same formål.

Planane mine er mange, våren nærmar seg. Kjenner at lyset gir ny energi. Eg har ikkje lyst å skrive meir om ryggen min, prøver å late som om alt er bra når eg er innom draumeverda mi. Eg har kjempelyst på å få til ein arbeidsplass inne i eine hjørnet av stova. Har sendt mail til IKEA, og håpar verkeleg at det eg vil ha kan sendast som postpakke. At det er lite og lett nok. Då er det kun 190 kr i porto. Visste du det? Ellers må eg ut med 1500kr hit til UrenLurenHimmelturen 6253Huttiheiti.

Bildet i dag er tatt med det nye kameraet mitt, CanonEos 7D. Har hatt litt oppstartingsvanskar, eg og bruksanvisningar er ikkje heilt bestevener. I dag brukte eg eit 60mm objektiv, veldig artig fordi du kan leike deg med å få berre enkelte punkt heilt skarpe. Får av og til spørsmål om slike ting, men føler ikkje eg er kompetent til å svare, sidan eg er stort sett sjølvlært i fotografering.


Elin



3 kommentarer:

  1. Skjønne godt at du e hekta, det er jo så kult med svart og kvitt.
    Nydelig kjøkken du har, og nydelig blogg ♥
    God klem:-)

    SvarSlett
  2. Love love love

    Jeg har kjøpt sort og hvitstripete kopphåndkær på princess. Kanske du kan bruke det?

    Klem

    SvarSlett
  3. Er påmeldt i den klubben jeg med;))) herlig kjøkken ;)))

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!