I dag har eg fått rulle meg i inspirasjon, både attover og framover. Litt sidelengs også, viss eg skal vere ærleg. Eg er svært glad i Slettvoll sine kolleksjonar, og likar utstillingane deira veldig godt. Mine valg med fargar og inventar, har i mange tilfelle vore inspirert av denne produsenten. Eg likar også svært godt stylingen på butikkar, og i katalogar. Litt røft, og med element frå verda over. Likevel enkelt, og lett fordøyeleg.
Det er kanskje slik du kjenner Slettvoll frå annonser og magasin. Men produsenten tilbyr så mykje meir. Det er det klassiske og tidlause som tiltaler meg. Siste åra forbinder eg stilen med beige, grått svart og kvitt. I ulike nyansar. Og striper i desse fargeskalaene. Men til all lukke, gjekk eg meg på fargar på vegen inn! :) Og sjølv om eg elskar stilen på bilda over her, smelta Elinhjertet heilt for desse lyseblå trekka på Archibald-stolane vist under her. Og når eg sjølv har to koksgråe slike, utan kappe, meldte spørsmålet seg LYNraskt : Elin, kan du å sy trekk til stolar, viss du prøvar VELDIG hardt??? ;)
Og når vi er i pastellhjørnet, nydelege utemøblar med rosa stæsj... Jauda, litt rosa tåler vi vel?
Eg må innrømme, at eg vart LITT stressa, når Bonytt kom inn døra bak meg... Og eg var ikkje supereffektiv første halvtimen. Men så gløymde eg av at der satt andre, og så gjekk det bedre. Blir spennende å sjå kva bilder som dukkar opp i magasinet?
Eg har mange fleire bilder, men trur eg setter strek for no. Må rekkje ein rask gåtur, og så er det fredagskveld på rett. Tusen takk til supersøte damer hos Slettvoll i Ålesund, som var kjempesnille og lot meg ta bilder! Setter STOR pris på dette! Anbefaler alle ein tur innom ein av mange butikkar rundt om i landet. Du finn informasjon og katalogar HER!
Ha ein eventyrleg kveld, drøym deg litt vekk! Anbefalast på det sterkaste... ;)
Elin.