...

mandag 30. april 2012

Drivved jakt




Eit mobilbilde frå dagens tur til drivvedsparadiset, ein liten tur nedanfor huset vårt.
Nokre superflinke folk er i gang med å rydde i alt rotet, og innimellom finns det mange skattar for lettare gale folk, slike som meg f.eks. No er det ikkje slik at mannen min automatisk ropar hurra når eg foreslår slikt, men han veit nok at eg blir veldig glad når han hjelper meg. Bevæpna med brekkjern og hammar, vart fangsten flott. Det skal bli både ny sengegavl og sofabord - trur eg. Time will show.

Eg har fått forespørslar om møblane eg har laga, og eg skulle gjerne laga meir. Men slik som eg har hatt det no med denne ryggen min, er det ikkje slikt eg kan drive med, desverre! Men eg kan tipse om denne nettsida : drivved.no. Masse flott inspirasjon, og kanskje får du lyst til å kjøpe noko der?


Så då vil fortsettelsen kome etter kvart. Sidan eg må ha hjelp til alt, veit eg ikkje kor fort det vil gå. Men vi er i alle fall i gang, både med "bygging" av seng og sengegavl ;)


God måndag!


Elin



fredag 27. april 2012

Dagens outfit




I don`t think so...  For klede er nedprioritert. Eg handlar ofte på B Young på Moa Gård. Får SUPER hjelp der. Men som sagt, eg er ingen fashionshopper. Kleda mine er veldig svarte, eg er meir som ein heavyrockar... Berre ting er heilt og reint, er det greit. Skulle gjerne vore meir fasjonabel, men det er interiør som er mi greie.  Kom i snakk med ei butikkdame, og sa at eg heller kjøpte ting til huset, enn til meg sjølv. Ho foreslo at vi kunne hjelpe kvarandre, sidan ho hadde det stikk motsatt ;) 

På bildet er speilet frå Emmas Verden, knottane på kommoden frå Tante Bruun, lampefoten frå Herlighet, og skjermen frå ZanZ. Buksa mi er frå B Young, men eg huskar ikkje kvar eg kjøpte blusen og singleten... Dette kjøpte eg etter nyttår, interiøtinga er alle meir enn 2 år gamle... Er det berre eg som er så tullete, eller er der fleire der ute som kjenner seg igjen?


Ha ein fin dag!
Med eller uten dagens outfit! ;)


Elin



torsdag 26. april 2012

Mønster frå ZanZ






I tillegg til meir fargar, ynskjer eg meg meir mønster i innreiinga. Desse to putene frå ZanZ, er berre midt i blinken! Og så synes eg det er flott at butikkane rundt omkring er så kjempeflinke å imøtekome ynskjer frå oss som bor milevis unna.

 
Hurra for god sørvis! 


 
Elin

 

Lure-blogging?









Elin


onsdag 25. april 2012

Vår i DIY hyller



 



Duppedittar i hyllene frå Kremmerhuset

Er det ikkje herleg med vår vel? :) Eg NYT å sjå alt som spirer og gror ute! Lillebror har plukka kvitveis til meg i dag, i tillegg fann vi to andre ville blomstersortar i hagen. LUKKE!

Takk for fin respons på all skrivinga mi lengre nede, kjekt å høyre at det ikkje berre er eg som er svak i bloggetrua innimellom. Eg er svært takksam for at så mange er innom her, og tydeligvis finn inspirasjon og glede. Eg krev ikkje meir enn det. Audmjuk. Eg veit eg er heldig. Som eg har sagt før; det hadde vore temmeleg tungt å blogge, uten lesarar.

Så takk for at akkurat du er innom!

My blogging would not made so much sense, without my lovely readers. I`m humble... Thank you so much for visiting Draumesidene!


Elin


tirsdag 24. april 2012

Pensjonist i bloggverda, usensurert tankespinn



Har tenkt ein del i det siste. På ferda mi som interiørbloggar. Frå ny og uerfaren hausten 2009, til "pensjonert frue" i 2012. For det kjennes litt slik. Har vore litt rundt på bloggar som er nyare og i vinden, og ser kommenteringa og entusiasmen lyse mot meg. Og eg er misunneleg. Huskar godt når eg sjølv sprudla over av kreativitet, og sprang rundt med kameraet og knipsa hundre bilder i døgnet. Store delar av kveldane brukte eg til å gjenkommentere til alle som hadde vore innom meg. I tillegg til at eg var innom med nokre ord til alle som eg beundra stort, men som aldri skreiv tilbake til meg...

No er situasjonen ein heilt annan. Eg bloggar enno, men det blir på ein annan måte. Det er kjekt å poste bilder og litt tekst, prøve å bli bedre både på fotografering og layout; eg lærer dagleg. Men kommenteringa mi har nesten stoppa opp, ikkje for at eg er sær og har primadonnanykkar, men fordi eg ikkje har energi til det. Eg har snakka med fleire andre som var "høgt oppe" for nokre år sidan, og dei har det heldigvis på same måten. Eg trur det er naturleg? Og det kjem stadig nye bloggar, eg har fullstendig mista oversikta.

Så no forstår eg så veldig godt dei bloggarane som ikkje kom innom meg med nokre ord då eg var i startfasen. Det var nok aldri gale meint; dei hadde rett og slett ikkje overskot og oversikt nok til å gjere det. Eg har fått mailar frå bloggarar som vil at eg skal leggje dei til i bloggrollen min, og at eg skal vere med på GiveAways. Prinsipielt er eg imot dette. Gjenbesøk skjer ganske ofte sjølv for meg, gjerne via ein kommentar hos meg, og dei som tiltalar meg legg eg til i lista mi. Byrjar eg å lese dei fast, legg eg dei etter kvart til i bloggrollen min. Det er eit strev å sanke følgjarar og lesarar. Det finns få snarvegar. I alle fall slik mi reise har vore.

Eg har lite kontakt med andre bloggarar i forhald til før. Men dei venskapa som har oppstått er der, og det kjennes veldig fint. Enkelte jenter har forsvunne langsmed, slutta å blogge, slutta å kommentere, blitt borte for meg. Saknar fleire av desse. Kanskje er dei innom enno?

Eg har fått mange gode råd siste mnd. frå andre røynde bloggedamer, om å ikkje bry meg om at lesartala stupte medan eg var sjuk, og at antal kommentarar ikkje er så viktig, eit innlegg kan vere bra for det. Jauda, eg er med. Men føles det ikkje som ein mislukkast når slikt skjer? Sånn heilt ærleg? Trøysta mi har blitt å tenkje, at bloggar i stadig større grad fungerar som sosiale inspirasjonsstadar, der du ikkje behøver å leggje att noko av deg sjølv. For det må du ikkje. Det er fullt lovleg å supe til deg inntrykk på ein blogg, og suse vidare. Det må bloggaren akseptere. Men viss du vil gi næring til inspirasjonskildene dine, så gjer du det enkelt med å leggje att ein kommentar. Det føles alltid fint å få positiv feedback! Ikkje minst viss bloggaren er ny, då er det ekstra viktig!

Vel, eg er som sagt på veg inn i "pensjonstilværet" her inne. Det er noko med å finne roa, blogge når ein kjenner for det, og ganske enkelt klare å gi blaffen i kven og kor mange som er innom, og kven som elegant fyk vidare til neste blogg. Eg er ikkje så god på det enno, men eg håper å finne denne roa i framtida.


So I`ll keep calm,
and carry on!

Elin

NB! Eg veit at mange har blogga myyykje lenger enn meg!
Dette er berre mine tankar om prosessen.

mandag 23. april 2012

Sitronar på kontoret









Sånn er det med den saken. Dessuten er eg kjempeglad i ferskpressa sitron i H2O ;)
Har anstrengt meg veldig for å lære meir om kameraet mitt i dag. Strevar med lyset for å få det mest mogeleg kvitt, synes det er vanskeleg? Kontoret i hjørnet av stova gjer meg i alle fall glad, og no er alle ting på plass i kassene eg kjøpte. Orden. Du verden så herleg!

Har vore heilt avskipla etter å ha sett putene frå Niki Jones før i dag. Blei veldig glad og inspirert. Så inspirert at eg akkurat har vore nede i fjøra saman med min bedre halvdel, og vist han mitt siste funn i drivvedsdungen. Han vart superglad må vite! (snev av ironi) (rettelse: svært ironisk) Men det var for tungt og stort å få med heim... Men han veit nok råd i morgen når han får sove på det! Eg veit allereie råd, men det er best han trur at han finn ut av problemet sjølv (har lært dette av mamsen min)


Ja til hjelpsomme mannfolk!
Eg hadde stagnert uten...
Takk kjære!
LoveU!


Elin


Spring feelings by Niki Jones with help fromTineK















Alle bilda via TineK via Niki Jones

Til å bli i godt humør av! Eg MÅ ha den avlange puta øverst med rosa i midten!!!
(eg forklarar meg sjølv, så godt som eg kan, at eg ikkje MÅ ha den puta, men det går liksom ikkje inn???)

Trur eg må melde meg inn i anonyme putekjøparars landsforbund...

Besøk TineK sin fantastiske blogg HER! 
Niki Jones finn du HER!

Elin

søndag 22. april 2012

Lavendel - endeleg!










Endeleg lavendel på blomsterbutikkane! :) Og til og med peonar... Men ikkje kvite.
Då er våren her, når slike skjønnheiter får kome opp på bordet! Men eg berre elskar lavendel også, har i forskjellege variantar ute i hagen. Enkelte år frys dei, men i vinter ser det ut til å ha gått bra.

Er berre ein tur innom for å leggje ut resten av bilda. Vi har laga middag i hagestova, og det er så herleg der ute! Hadde gløymt kor roleg eg blir av å vere i det rommet. Så no går eg ut igjen!


Ha ein flott søndagskveld der ute,
og måtte den nye veka bli kreativ og innhaldsrik!



Elin


Lovely Sunday in my Kitchen!







 



Takk for alle fine ord under innlegget i går. Eg trudde ikkje så mange kom innom, når temaet ikkje var interiør. Dette er først og fremst ein interiørblogg, men med innslag av meir personleg karakter innimellom. Når eg skriv slike innlegg,  kjenner eg meg veldig sårbar og ærleg. Eg setter difor veldig stor pris på at så mange brukte litt av tida si til ein kommentar akkurat i går.

I dag har eg derimot kosa meg med kameraet på kjøkkenet. Og kanskje kjem det fleire bilder til kvelden? Viss det ikkje gjer det, valgte eg å bruke resten av dagen ute i sola ;)

Ha ein fin søndag!


Elin


lørdag 21. april 2012

I hjertet mitt for alltid





"En 19 år gammel gutt fra Ålesund omkom i ei trafikkulykke
ved Lillehammer natt til tirsdag 21.04.08".

Sjokk.
Eit metallvirvar...
Smerter i bringa som sitt der enno.
Bildet som vart frigitt på nettet, før vi visste at du var død.
Den grusomme følelsen når eg forstod at dette vraket
faktisk var din bil, og at det var du som var "sjaføren som døde".
4 år med sorg. 4 år med sakn.
4 år i dag.

Livet går vidare, vi går vidare. Men eg gløymer
deg ikkje. Du er i hjertet mitt for
alltid Marius.


tante Elin 


Eit frykteleg nært og ærleg innlegg i dag, men eg vil minnest denne flotte guten, som reiste frå oss så alt for tidleg. Tankane mine i natt går til alle som har opplevd å miste eit barn eller ein ungdom. Ikkje minst til alle dei pårørande til offera etter 22. juli. Meiningsløysa er så stor, at ein innimellom lurer på om det verkeleg har skjedd. Eg kan ikkje forestille meg korleis alle desse berørte har hatt det sidan det skjedde. Og denne veka som har gått, må vere uendeleg vond og opprivande for alle involverte.


Fred over minna

fredag 20. april 2012

Stripes





Litt striper på ein fredag. Snart helg. Eg har mykje eg ynskjer å få gjort,
men eg ser vel for meg at han som må gjere det, kanskje ikkje er så klar? ;)
TTT. Ingen tvil. Og det viktigaste er faktisk å vere ute i sola!

Ha fine timar mot helg!


Elin


torsdag 19. april 2012

Oppfreshing av stova



 




 
Nye bildelister frå Stranda blomster over tv`en. Den eg har på kjøkkenet er kjøpt hos Åhlens, og alle rammene mine kjem også frå denne butikken. Eg nyt herlege vårdagar, lagrar kvar ein solstråle... Men litt blogging blir det alltid tid til ;)


Elin

 

onsdag 18. april 2012

Prosjekt soverom og eit nytt gratis red.program du berre MÅ prøve!








Håper du fekk ein liten boost frå bilda, både av inspirasjon og energi!
Eg prøver forsiktig å trø i gang prosjekta mine på loftet. Eg klarer ikkje så mykje sjølv,
så det blir mest kommandering ;) Men alle er innstilt på at vi skal få ferdig alt før
sommaren er her. Då er det nok å styre med ute. Eg fekk pakke i posten i går,
med nokre skjønne lampar som har stått på ynskjelista i mange år. Igjen har
eg gått til investering av kopiar; eg har slett ikkje råd til originalane...
Viss du heller ikkje boblar over av kæssj, kan du gå inn her og kike.
Veldig rask levering! Og ein får pakken på døra.
  
Eg vil også tipse alle medbloggarar om eit nytt redigeringsprogram, som har tatt plassen til Picnik, som stengjer i morgen. Kom over det i går ved ei tilfeldigheit. Det heiter PicMonkey, og overraska meg positivt! Du ser likheitene med Picnik i inndeling av funksjonar, men har i tillegg mange morsomme ting du lett kan tilføre bilda dine. Stikk innom og prøv! Var ikkje nødvendig å registrere seg heller. Gi meg gjerne tilbakemelding om korleis du synes programmet fungerer! Og den einaste måten å lære på er å leike seg, prøve og feile.

Heilt til slutt; eg finn det vanskeleg å halde bloggen i gang i periodar der eg er sjuk. Slik har det vore heilt sidan eg starta hausten 2009. Men det skjer alltid hyggjelege ting innimellom, som gjer at eg får ny giv. Ein mail for eit par dagar sidan, løfta meg eit hakk høgare. Eg har takka nei til å bli med i reportasjer tidlegare, men den siste henvendelsen er veldig fristende å takke ja til. Spørs om vi ikkje hiv oss rundt og takkar ja? ;) For dette er ei sak alle i familien får uttale seg om. Det einaste som kan treffe oss i hovudet er vel Jantelova, og den er vi ikkje så opptatt av frå før... ;)


Takk for så fine tilbakemeldingar på siste innlegga!

You`re the best!



Elin

tirsdag 17. april 2012

Breakfast with a View...




Gjett om denne frokosten smakte i dag tidleg?
Eg er raud i kinna, og trøtt etter nok ein flott dag.
Friskluft er antageleg den beste sovemedisinen...
I alle fall for meg. Ein draum å ha ein slik terrasse,
som vi flyttar ut på sjølv om nordavinden er kald.
Vi vil nyte kvart sekund...


Elin



søndag 15. april 2012

Light in my kitchen








Fantastisk dag er over, vi har venta så veldig på sol på blå himmel! Eg har klart å gå heilt opp til fjellet, eg har lengta etter det i 4 mnd! Eg ser også at desse månedane har gått med til å ha det vondt, å vere optimistisk pessimist, eg har ikkje klart å vere sosial, og eg dett meir og meir av lasset her inne på blogger. Det kjennes ikkje bra, men eg har ikkje hatt energi til å stille opp for andre. Fekk streng beskjed om å skape meg ei Elin-boble, og forhalde meg til det som var høgst nødvendig. Og slik har det blitt. Det er ikkje så lett å huske på, at dette skal gå over. Ryggen min har krangla veldig siste 4 åra, og eg er så lei at eg har lyst til å kaste opp ved tanken... Men det er no ein gong min rygg, og eg må gjere det beste ut av det eg har. Men eg trur ingen som ikkje har prøvd å leve med smerter, kan setje seg inn i kor krevjande det er. 

Men denne dagen har gitt meg massevis av energi; slikt skal ein vere glad for! 

Bilda er frå kjøkkenet midt på dagen, luxus med herleg april-lys inn gjennom
alle vindua. Og små, rosa glimt blir endå sterkare i alt det kvite.


Ynskjer alle ei fin, ny veke.


Elin




Pink sunday









Fin søndag, sol, utetid, lang gåtur, middag
med familien...

Som å sveve på ei rosa sky.

Kva meir kan ein ynskje seg?



Elin