...

søndag 4. januar 2015

Workspace in the kitchen









Fantastisk lys ute i dag! Herleg!
Ein lang gåtur inspirerte til eit lite blogginnlegg frå
kontorkroken på kjøkkenet.



Elin






lørdag 3. januar 2015

Makeover livingroom!

 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
A makeover in february is always a pleasure... To start the New year with new ideas and new spirit... I need it a lot these days, trying to find my energy! The biggest problem is to manage to take pictures without daylight. I think I managed OK, but are looking foreward to more light in the weeks to come. Hope some of you find the look inspiring!
 
 
 
Elin
 
 
 
 
 


fredag 2. januar 2015

HAPPY NEW YEAR!























Godt nytt år! Eg har klart å vere sjuk sidan lille julaften. Vart operert 30.desember, og har i tillegg fått meg ein heftig reaksjon i magen etter hard medisinbruk... Men til tross for lavt energinivå og slapp kropp, så måtte eg blogge i dag! Har fått så mange nye følgerar på Instagram i romjula, fordi kjekke folk linker til meg. Dette setter eg enorm pris på, og vil sjølvsagt gjerne yte litt ekstra framover! Eg skal ta det med ro i januar, og håper derfor å kunne ta meir interiørbilder, og kose meg med blogging! 


Ynskjer alle som er innom eit flott 2015!



Elin





mandag 29. desember 2014

onsdag 17. desember 2014

Kobberlysestake, DIY

















Hei alle som er innom! Snart er det jul! Tenk det?
Bloggen er forsømt stakkar, ho som skal ta bilder og skrive har vore heilt på ein snurr siste månedane. Det har vore mykje jobbing, og mykje fjellturar. Eg hadde tenkt å lage eit innlegg i ny og ne, men det er lett å dette av lasset viss det går for lenge mellom kvar gong.

Eg har jobba hos eit rørleggerfirma siste året. 
Eg har heile tida hatt lyst å lage lysestakar av kobberdeler. I går gjekk den draumen i oppfylling! Og det gav enormt med meirsmak! Den toarma lysestaken vi lodda i går, blir lagt ut på FB-sida til firmaet, og vil bli gitt bort til ein heldig vinnar 23.des. Dessverre er det berre folk innen Norge som kan delta i konkurransen. Reglane er enkle, ein likar firmasida, og deler bildet frå konkurransen.

Viss du har lyst å vere med, kan du bruke denne
linken HER

Eg vil ynskje alle fine lesarar der ute ei vakker julehøgtid!
For akkurat tre år sidan i dag, datt eg om med min fjerde prolaps... Jula vart ikkje slik som eg hadde tenkt. Men den kom og gjekk likevel. Oppfordrer alle om å gi ekstra omtanke til folk som treng det! Det skal ofte ikkje så mykje til! 

I wish you all a joyful X-mas!



Elin




lørdag 11. oktober 2014

Kjøkkenet etter makeover The kitchen after makeover













Kjøkkenet er sjølvsagt ikkje heilt ferdig... Eg er jo treig når det kjem til ferdigstilling av prosjekt... Men det nærmer seg. Held på å lage nye hyller. Det er vakkert vèr på Sunnmøre, må ut på tur, kan ikkje vere inne og rydde og vaske heile dagen!


Finishing my project... A makeover of kitchen and livingroom.
Working on some new shelves. But the weather is so nice, the mountains are constantly calling! I guess shelves can wait until wintertime is here? 


Have a wonderful weekend!



Elin




fredag 3. oktober 2014

Makeover, such a pain in the ass? But worth it? And DRAUMESIDENE 5 years!


















HIPP HURRA! Ferdig å ommøblere! TTT... Er ikkje heilt sikker på om eg vil ha det slik? Og det er jo dumt, med tanke på kor lenge eg har streva med å finne nye plassar til ting? Det som er fint, er at ein får tørka støv av alt, og flytta fram tunge møblar osv. Det er sjølvsagt ikkje berre stova som har vore eit kaos, heile første etasjen har sett ut som eit krigsområde. Men dette er jo ei frivilleg greie; så eg kan ikkje klage alt for mykje. Herleg å ha fått vaska og rydda til helga; DET er i alle fall sikkert!

Ellers vil eg rope eitt til HIPP HURRA! Draumesidene er i desse dagar heile 5 år!

Tusen takk til alle som har sett, lest og kommentert gjennom desse åra.
Eg har forstått på andre interiørbloggarar at trenden med blogging er på hell? Det er jo synd? Eg har hatt det utruleg kjekt, bloggen har betydd veldig mykje for meg. 


Ynskjer alle ei fin helg!
Happy Weekend to all!


Elin



søndag 24. august 2014

MY KITCHEN on a sunday in august, og tankar frå ein interiørbloggar












Kva skjer i huset til ein interiørblogger, når ho som har blogga i snart fem år sluttar med det? Ikkje så mykje? Det var meir fokus på det å forandre på ting når det skulle takast bilder nesten dagleg. Det som også har forandra seg her, er at i staden for å kjøpe puter og pynteting, brukar eg "interiørpengane" på meg sjølv. Eg kan ikkje forstå at eg synes så dårleg om meg sjølv, og hata prøverom så sterkt, at eg lot vere å fornye meg? No er det viktig for meg å føle meg så bra som eg kan. Eg huskar at eg las blogginnlegg om sånt som dette eg skriv om no, og at eg tenkte at DIT kjem eg aldri. No er eg verdas lukkelegaste for å ha kome akkurat dit. For ein blir nok aldri lukkeleg av 100 puter og designervaser, tolix-stolar og TineK skåler i alle variantar. Ikkje det åleine. 

Når det er sagt, elskar eg interiør enno. Håper å kunne arbeide med interiør og foto ein gang i framtida. Gjer det innimellom no også. Det gir meg enormt. Når eg starta bloggen, lurte eg veldig på kva eg skulle kalle han. Det enda opp med Draumesidene, for eg såg for meg at eg skulle lage ei visuell dagbok, der eg held fast ved draumar og visjonar som eg var i ferd med å miste. Det skulle vise seg å vere ein flott måte å halde meg sjølv i live. Halde meg i gang. På dei tyngste dagane drog eg meg ut av senga og tenkte, at i dag MÅ du blogge. Eg har forresten også blogga liggande på sofaen... Fordi eg ikkje klarte å røyse meg opp. 

Eg stod på ein fjelltopp i går og såg utover fjorden og ut mot havet. Tårene stod i augene mine då. Fordi eg er så takksam over å ha fått tilbake eit liv som tilfører meg så mykje bra. Men det er ikkje slik at alt går av seg sjølv. I periodar må eg kjempe. Og eg er innstilt på at slik vil det også vere i framtida. Men eg skal klare det. For dette er det livet eg har fått tildelt. Eg kunne hatt det mykje bedre, men også mykje verre. Så får vi alle gjere det beste ut av dei dagane vi vaknar opp til. 

Eg reknar med å signere mi første jobbkontrakt komande veke. Etter 6 1/2 år som sjukmeld. Det er både kjempekjekt, men også veldig skremmande. Eg gleder meg stort til å vere med å bidra med ting eg kan på ein arbeidsplass, samtidig som eg er redd for å mislykkast. Men eg veit at ein må tørre å prøve. Enn så kjem ein ingen vei. Det å sprenge grenser må til innimellom. Det er jo slik eg har kome meg opp og fram siste to åra. Beinhard sjølvdisiplin og evna til å sjå angstar og begrensningar rett i kvitauget. Belønninga er så stor, at eg har gløymt redselen eg følte då eg sette i gang prosessen. 

Eg håper ein gong å kunne hjelpe andre som har køyrt seg fast i seg sjølv, som slit med kroniske smerter. Som har mista evna til å kjenne seg verdifulle. For det er vi verkeleg alle saman!

Eg dukkar nok opp med bilder her inne framover hausten,
må jo halde ut til Draumesidene bikkar fem år! 

Ha ein flott haust alle der ute!




Elin




tirsdag 12. august 2014

Sim salabim... Some paint... Some crazyness... Some Indiska & some Granit...




















In the middle of all my projects, I found some time to paint my kitchen... I love the result, and the new look. The new stuff are from Indiska and Granit. 



Elin




tirsdag 5. august 2014

H A G E S T O V E , but what english word should I use?







I have always forget what english word to use when talking about the livingroom "outside" our house. We built it on the terrace next to the house. In front there are sliding doors/windows. This room has been a project for many years. I think we will finish this year? We started in 2005... Black Loft-laps from Bloomingville/ Design Belysning AS 

Black and gold are still favourits in my interior.
Have some new idèas in fact?



Elin



mandag 4. august 2014

S U M M E R and SUNFLOWERS in my kitchen









Still enjoying SUMMER! But the endless days and nights of light here up north is over.
We know the autumn is coming, and are going to enjoy this season too.

Endelause dagar og netter med lys og varme er over for denne gong.
Sommaren 2014 vil alltid bli huska på av små og store.
Vi har bada meir enn siste ti åra til saman.
Vi har kosa oss maksimalt!

Velkommen AUGUST!


Elin



tirsdag 15. juli 2014

Summer in my livingroom!










Hello! I just had to blog... The last months have been filled with projects and trying to work. I feel that things are becoming better, my body and mind seems stronger. I`m very thankful... We have had lovely weather, and no time to be inside the house. When I woke up to rain this morning, I decided to take some pictures. Long time since last time. The two black lamps are from Bloomingville/Design Belysning. They are supposed to hang down from the roof, but I love them like this, standing on the floor. I still prefer black and white in my interior, but are putting in some green plants and golden details. 


Maybe I`ll be back real soon?


Enjoy SUMMER!



Elin





tirsdag 8. juli 2014

ENJOYING SUMMER!

 
 
 

 
 
 
 
 
Having a lovely summer!
My cute, new friends!
 
 
 
 
 
Elin
 
 
 


søndag 15. juni 2014

Safe

 
 
 
 
 
 
 
Keep me safe...
 
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 
 


søndag 1. juni 2014

Draumebutikk


 
 
Hei alle sammen! Long time, no see... Bloggpausen ser ut til å vare, rett og slett fordi eg ikkje har tid og energi til å oppdatere med bilder og tekst lenger. Heldigvis. Livet mitt nærmer seg normalen, etter mange år med redusert livskvalitet. Målet har heile tida vore å bli frisk nok til å arbeide igjen. Det ironiske er at eg måtte akseptere at det kanskje var umogeleg, før eg klarte å finne igjen energien min.
 
Eg får stadig spørsmål om kva eg har gjort, og korleis eg har blitt bedre. Vel; eg har veldig tru på at skjerping av kosthaldet var viktig for meg. Eg prøver å unngå så mykje sukker eg klarer, og eg kutta også ut kveitemjøl i kosten. Eg et mykje frukt og grønsaker, og trener jevnlig. Ingen voldsomme økter, helst ein gåtur i skog og mark nokre gongar i veka. Etter eit fjorår med jerndisiplin, har 2014 blitt eit godt år. Meir mot normalen. Eller; det er nok eg som har vent meg til min nye livsstil? Det å gå gjennom store fysiske forandringar, er ikkje berre enkelt. Ein må liksom fikse det som er på innsida også. Og alt tek tid. Summen av dette har for meg blitt fornya livsglede.
 
I januar fekk eg forespørsel om eg ville hjelpe til å ordne eit fabrikklokale om til rørleggerbutikk. Først sa eg nei. Skremmande å skulle gjere ting for andre. Men heldigvis ombestemte eg meg, og sjølv om prosjektet har tatt laaaaaaang tid, er det i ferd med å likne på noko?
 
 
 

 
 

 
 
 
Det føles fantastisk å ha fått bruke interiørinteressa til noko slikt,
men er sjølvsagt spent på om kundane likar utstillinga.
 

 
 
Har nokre sprekkar innimellom... ;)
 
 
 
Veit ikkje heilt når eg bloggar neste gong?
Vil ynskje alle der ute ein flott sommar! Ekstra gode klemmar til alle dei som har store utfordringar i kvardagen sin!
Husk på at det å forandre livet tek tid!
Ikkje gi opp!
 
 
Skynd deg sakte...
 
 
Elin