Kva skjer i huset til ein interiørblogger, når ho som har blogga i snart fem år sluttar med det? Ikkje så mykje? Det var meir fokus på det å forandre på ting når det skulle takast bilder nesten dagleg. Det som også har forandra seg her, er at i staden for å kjøpe puter og pynteting, brukar eg "interiørpengane" på meg sjølv. Eg kan ikkje forstå at eg synes så dårleg om meg sjølv, og hata prøverom så sterkt, at eg lot vere å fornye meg? No er det viktig for meg å føle meg så bra som eg kan. Eg huskar at eg las blogginnlegg om sånt som dette eg skriv om no, og at eg tenkte at DIT kjem eg aldri. No er eg verdas lukkelegaste for å ha kome akkurat dit. For ein blir nok aldri lukkeleg av 100 puter og designervaser, tolix-stolar og TineK skåler i alle variantar. Ikkje det åleine.
Når det er sagt, elskar eg interiør enno. Håper å kunne arbeide med interiør og foto ein gang i framtida. Gjer det innimellom no også. Det gir meg enormt. Når eg starta bloggen, lurte eg veldig på kva eg skulle kalle han. Det enda opp med Draumesidene, for eg såg for meg at eg skulle lage ei visuell dagbok, der eg held fast ved draumar og visjonar som eg var i ferd med å miste. Det skulle vise seg å vere ein flott måte å halde meg sjølv i live. Halde meg i gang. På dei tyngste dagane drog eg meg ut av senga og tenkte, at i dag MÅ du blogge. Eg har forresten også blogga liggande på sofaen... Fordi eg ikkje klarte å røyse meg opp.
Eg stod på ein fjelltopp i går og såg utover fjorden og ut mot havet. Tårene stod i augene mine då. Fordi eg er så takksam over å ha fått tilbake eit liv som tilfører meg så mykje bra. Men det er ikkje slik at alt går av seg sjølv. I periodar må eg kjempe. Og eg er innstilt på at slik vil det også vere i framtida. Men eg skal klare det. For dette er det livet eg har fått tildelt. Eg kunne hatt det mykje bedre, men også mykje verre. Så får vi alle gjere det beste ut av dei dagane vi vaknar opp til.
Eg reknar med å signere mi første jobbkontrakt komande veke. Etter 6 1/2 år som sjukmeld. Det er både kjempekjekt, men også veldig skremmande. Eg gleder meg stort til å vere med å bidra med ting eg kan på ein arbeidsplass, samtidig som eg er redd for å mislykkast. Men eg veit at ein må tørre å prøve. Enn så kjem ein ingen vei. Det å sprenge grenser må til innimellom. Det er jo slik eg har kome meg opp og fram siste to åra. Beinhard sjølvdisiplin og evna til å sjå angstar og begrensningar rett i kvitauget. Belønninga er så stor, at eg har gløymt redselen eg følte då eg sette i gang prosessen.
Eg håper ein gong å kunne hjelpe andre som har køyrt seg fast i seg sjølv, som slit med kroniske smerter. Som har mista evna til å kjenne seg verdifulle. For det er vi verkeleg alle saman!
Eg dukkar nok opp med bilder her inne framover hausten,
må jo halde ut til Draumesidene bikkar fem år!
Ha ein flott haust alle der ute!
Elin
Det står virkelig respekt i jobben du har gjort ang helsen din.
SvarSlettJeg tar hatten av og bøyer meg dypt og heier på deg.
Det du skriver er så sant så sant. En blir ikke mer lykkelig av flere puter, TineK skåler eller en Tolix stol,
det handler kanskje mest om at også "du" har akkurat denne tingen som ALLE ANDRE har.
Jeg blogger ikke som før, og ikke strever jeg etter å få flere lesere heller.
Jeg har aldri hatt som mål å bli en stor blogger, men ha en blogg jeg kan se tilbake på for å se hva jeg har drevet med.
Har laget meg 3 bloggbøker, og det å bla gjennom disse er utrolig inspirerende :)
Ønsker deg alt godt fremover.
Knallfint bilde av deg :)
Klem Heidi
Tusen takk Heidi, det å blogge for sin eigen del, er nok det som er mest givande i det lange løp? Det å skulle tilfredstille hordane er nok ganske umogeleg ;)
SlettKlem,
Elin
Thank you Laura!
SvarSlettE
Herlig å lese. Dette fikser du framover. Bloggen er nyttig for både en selv og for de som leser. Jeg har fulgt deg i flere år og jeg håper virkelig du fortsetter når du har tid og lyst. Lykke til med jobb og vær stolt!
SvarSlettTusen takk Randi, for alltid fine ord og oppmuntringar! Eg skal nok blogge vidare, veit ikkje heilt kor mykje, men eg likar som sagt både å styre med interiørting og å ta bilder. Så Draumesidene består! Byrja forresten å spele ukulele her i vår, så det dukkar opp nye hobbyar langsmed... ;)
SlettKlem,
Elin
Heia deg :) - jeg har fulgt med deg hele veien, her på bloggen
SvarSlettog på Face - og du er bare kjempeflink og inspirerende! Ikke
bare lett å snu om slik du har gjort - det trengs en stor dose
selvdisiplin og være konsekvent - jeg heier på deg også med
den nye jobben og nye utfordringer :) - og jeg håper du får til
å blogge litt innimellom - alltid koselig å se inn her til deg ♥
Ønsker deg all lykke fremover, stor klem fra Mette
Tusen takk Mette! Du veit jo alt om det å kjempe for livsglede ♥ Ingenting kjem gratis. Ynskjer deg ein flott haust, eg dukkar nok opp både her og der! :)
SlettKlem,
Elin
Lykke til med jobb, og et litt nytt liv Elin!
SvarSlettDette går nok veldig bra:)
Du er en dyktig og driftig dame!
Tusen, tusen takk! ♥ Eg skal gjere mitt aller beste!
SlettKlem,
Elin
Alltid kjekt med nye innlegg frå deg Elin!
SvarSlettLukke til med nye utfordringar og gleder.
Heiar på deg! Herleg det Solsikke bilete av deg :-)
Fin ny veke i ditt liv!
klem frå Sigrid
Tusen takk Sigrid! ♥ Takk for alle fine ord og heiarop siste åra!
SlettHa ei fin veke du også!
Klem,
Elin
Har akkurat skrevet et innlegg om disse Tolix-stolene, Kâhler vaser og kartell-lampene.. De sprer om seg i interiørblogggene, og det er mange som får like uttrykk. Syns ikke det viktigste er å ha disse merkegreiene, men å ha et hus man trives i :)
SvarSlettSkjønner det blir mer stress enn moro når det føles som at man "må" fornye, må bytte ut ting for å ta bilder hver dag.. Jeg tar bilder når jeg føler det er noe nytt å vise, og jeg har lyst til det. Er ikke lett å rekke alt i en hektisk hverdag :)
Koser meg med å titte innom hos deg :)
Som eg skreiv over her, det er viktigast å blogge for sin eigen del. Ingen andre kan bestemme kva som er rett for deg å gjere. Eg fann stor glede i tinga eg blogga om før. Det gav meg livslyst. Gjorde meg kreativ.
SlettTakk for fine ord!
klem,
elin
Ønsker deg masse lykke til Elin i den nye jobben din! :)
SvarSlettTusen tusen takk Lene! :)
Slettklem,
elin
Jätte fin!! Svart och vit - en dröm!
SvarSlettHälsningar Kathrin
Takk Kathrin!
Slettklem,
elin
Amazing table and beautiful photos! brgds Minna/houseandcottage.blogspot.fi
SvarSlettThank you Minna!
SlettE
I just added this blog to my rss reader, excellent stuff. I wish I had your passion for writing!...Cardsharing Server
SvarSlettTakk. Det var denne bloggen jeg trengte. Når det ser som svartest ut er det kjekt å vite at det har sett svart ut for andre også, men at det er mulig å komme seg ut derfra igjen. Du er flink og inspirerende:)
SvarSlett