...

onsdag 30. mars 2011

For ein eventyrleg interiørdag! :) 6 nye, gamle stolar har fått flytte inn hos meg! Og ein koffert... til...









Eg er heilt yr :) Våryr etter masse sol i heile dag, og ein oransj i himmel ut mot havet i kveld.
Og med så mange fine ting rundt meg! Tusen takk til T for 4 av dei "nye" stolane! Ikkje verst å få noko slikt, for ei taus som meg. Dei to pinnestolane har vore mine i tjue år, men eg hadde gløymt kor fine dei var. Fann dei igjen i kjellaren til mamma i dag. Eg har sagt det før; eg har null kontroll på alt eg har samla saman opp gjennom livet. Og det kan jo vere kjekt, ein blir så gledeleg overraska innimellom :) Skal ta bilder av dei to siste stolane i morgen. Den brune kofferten du kan skimte til høgre på siste bildet, har vore morfaren min sin. Det er litt spesielt når ting har ei personleg historie, som ein kan forhalde seg til.


So long!


Draumestol i morgonsol



Ser på det som positivt, at eg bloggar uten å planlegge det? Motiva dukkar opp av seg sjølv. Er på vei ut av huset for å sjå på noko veldig spennande til huset ;) Men måtte ta bilder på stova før eg smatt ut døra. Her er i skrivende stund 6 minus ute (!), så stillongsen må på igjen. Men strålande blå himmel, og ei sol som plutseleg står høgt på himmelen :)







Ynskjer alle ein vakker dag!



tirsdag 29. mars 2011

Streif av sol på kjøkkenet, og ein aldri så liten protest...


Eg hadde ikkje tenkt å blogge i dag, før eg oppdaga at sola kom inn gjennom vinduet i femtida. Eg berre måtte ta bilder i det vakre lyset... Vi fekk over førti cm.snøv i går, og nedbøren fortsetter i dag... Eg trur eg snakkar på vegne av (nesten) heile Sunnmøre, når eg seier at NO ER DET NOK! Eg vil ha bare markar, og bare vegar! Eg vil finne dei fyrste vårblomstrane, og vere glad og yr! BASTA bom!





Sånn. Då gjenstår det å sjå om protestane
mine blir høyrt? ;)

Håper du har det fint der du er!

Forresten; det er bra gale å klage over dette :



For det er eigentleg så vakkert... :)



mandag 28. mars 2011

Prosjekt lag din egen bakvegg til TV, og sjølvsagt alt for mange bilder frå loftstova :)



Eg laga bakvegg til tv`en vår på loftet for ei stund sidan. Det var ganske enkelt. Du sagar ut ei bygningsplate med litt tjukkelse på. Så må du lage ei ramme å leggje henne på. Eg brukte stavar, slike som du forer ut veggar med. Eg fann ut kvar eg ville ha tv`en, og laga deretter hol i plata, der ledningane skulle ut. Så monterte vi plata på veggen på loftstova, og festa denne veldig godt med skruar gjennom ramma, der vi hadde påvist godt feste i veggen bak. Så festa vi veggfestet til tv`en på plata. Så kunne vi dra ledningane gjennom holet, og ned mellom baksida av plata og veggen. Klønete forklart? :) Vel, berre send ein mail, viss du vil ha betre forklaring! Først var plata tapetsert ein periode. Så blei eg lei av dette, og kledde henne med grov strie i staden. Men i går fekk eg ein super, ny idè. I dag har eg måla stria med eggekvit vannbasert måling. Det blei lyst og fint, og eg slepp av plata stadig "loar". Var alltid rusk frå stria på dei svarte hyllene under tv`en. Til slutt brukte eg metallsjablongane, og dekorerte med bokstavar og tal. Eg er strålande fornøgd med resultatet; det er finare enn bilda viser, minte om ein slags kalkfinish.

Loftstova vår er ikkje så mange kvadratmetrane, men du verden så glad vi er for det rommet! Likedan den vesle overbygde lufteverandaen utanfor. Gull :) Tok ein del bilder, for eg kan GARANTERE at dette rommet ikkje vil vere ryddig så mange timane. Men det er OK. Dette er leikesone, og det flyt nesten alltid av ting og tang. (sjølv om lillebror har lova å bli flinkare å rydde...) ;) Akkurat no er alt av spel og fjernkontrollar, DVD`ar, bruksanvisningar osv. på plass i oppbevaringa under tv`en.










Tusen takk til alle som er innom Draumesidene. Heilt utruleg at teljaren viser 30.000 unike treff på to månedar... Eg er audmjuk, og veldig glad. Eg har aldri lagt skjul på at eg setjer pris på ALLE som er innom! Det hadde vore rimeleg meiningslaust å blogge så mykje som eg gjer, viss ingen fann det eg gjorde inspirerande. Eg får verkeleg energi av alle fine tilbakemeldingar dokke legg igjen. Det er verre med mi kommentering hos andre. Men eg prøver å stikke innom her og der i løpet av veka. Håper dokke tilgjev meg akkurat det.


 Velkommen til ALLE nye følgjarar/
Welcome to all new readers of Draumesidene!
Og takk til alle som har vore her ei stund/
and thank you all for spending time here...


You are the best!



Og så var problema med blogger over, og eg må fixe innlegga frå i går :)



I dag ser det ut til at problemet er borte? Då blir det nok innlegg på Draumesidene denne veka også. Det var rimeleg frustrerande å bruke tid på dette i går... Men eg fekk med meg at det var fleire som streva.

Takk for fine kommentarar, og TAKK til FROST for "I love you blog award", den kunne eg trenge ekstra etter alt krøllet her inne i går :) Nok ein vakker blogg eg fekk lov å finne via koselege spor her inne! 

No skal eg rydde opp i innlegga frå i går!


Nyt den nye veka!

Klem Elin 


søndag 27. mars 2011

Loftstova med tema : TID Teksten til innlegget finn du på foregåande innlegg!


Golvvasken er unnagjort på loftstova, og det er alltid kjekt å vere kreativ, og finne på nye måter å dekorere på. I dag vart temaet TID, inspirert av Earth Hour og Sommartid. Klokka har vore i sentrum siste døgnet.








Dei små urskivene kjøpte eg hos ZanZ på Lillestrøm sist sommar. Du kan finne slike på div. nettbutikkar. Formene er gamle, eg fekk dei av nokre snille folk i fjor. Har liksom ikkje fått dei på plass
før no. Dei er også fine til å ha på bordet med telys i.


Nyt den lyse kvelden!

Oppgradering av loftstova :)



For det gjenstår å vaske golvet, og ordne opp i ein del kasser og div... Lillebror har laga ny dessertmeny for oss i dag, men eg trur jammen han skal få prøve seg på litt husvask? ;) Kanskje eg kan klare å få han hekta på det også? Trur vel ikkje det er så store sjansar for ei plutseleg interesse for rydding og vasking... Men at det blir vafler og rosa bærdrikk til dessert; DET er sikkert :)




Her snøvar det, våren let vente på seg...

Men vi gleder oss SLIK til ein lys og fiiin kveld! 


lørdag 26. mars 2011

Bokstavar og tal i interiøret, her er mine hjelpemiddel :)



Har fått spørsmål om korleis eg lagar bokstavar og tal på tavlene eg lagar. Og det er ikkje vanskeleg i det heile tatt. Eg brukar rett og slett metallsjablongar. Eg har kjøpt dei litt etter kvart, men klarer ikkje å huske kvar? Eg har funne dei på ulike nettbutikkar. Har sett at dei har kome mange stadar i det siste. Dei er frå Chic Antique, dk. Eg synes dei er kjempefine å pynte med, samstundes som ei kløne som meg får god skrivehjelp når eg skal lage skrift og tal. Eg har også brukt dei på treverk og stoff. Plata meiner eg er kjøpt hos Emmas Verden? Som eg har skrevet før; skrifta på tavla på stova, er ei fransk adresse eg googla på nettet. Kanskje med små feil ;) Men det er jo ikkje så nøye... Du finn alt du treng på google, du må berre vere kreativ i teksten du søkjer med!









Har oppdaga at det er mogeleg å spisse krita med ein kvass kniv. Dette gjorde arbeidet lettare!
Då håper eg at alle spørsmåla er besvarte angåande tavla :)


Eg TRUR eg har overskudd til litt husvask i dag?
Best å setje i gang medan optimismen er her!

Frøken Anker har lagt att kommentar, om at ho har slike sjablongar i nettbutikken sin :)

Og Anne har ulike metallsjablongar i
butikken sin, Emmas Verden!

 
 

Takk :)




Eg har rett mykje å takke for, når eg tenkjer meg om. Det er ikkje mange dagane sidan eg såg ganske svart på det meste. Lei av helsa som skrantar, og med null energi til noko som helst. Men "the only way is up!" Ikkje alltid så enkelt å tenkje slik. Men det er dit tankebanene må. Når eg har det labert, setter eg ofte inn eit støt for å kome meg opp av bølgjedalen. Så viss nokon stussar; ja eg har blogga mykje siste dagane. Med vilje. Og med dei tilbakemeldingane eg får, prøver eg å finne ny giv. Det dreier seg ikkje berre om blogginga. Det handlar om så mykje meir. Bloggen min har vore mi drivkraft på tunge dagar sidan oktober 2009, og kan nok hjelpe meg denne gongen også. Det handlar også om å blogge på nye måtar. Å ikkje køyre seg fast i eit spor. I alle fall for min del. Det er sunt å rive seg sjølv opp med rota av og til. Tørre å gjere ting på nye måtar. Så det skal vere eit mål neste vekene. I alt eg gjer. 



Fekk denne awarden frå REGINE med bloggen Regines kreativiteter for nokre dagar sidan. Eg er ikkje flink å ta imot slike lenger. Og slett ikkje flink til å gje dei vidare. Det betyr ikkje at eg ikkje blir glad for dei, eller synes at det ikkje er meiningsfyllt å gi bort slike! Eg har valgt å gi dei til lesarane mine siste tida, og det vil eg i dag også. Det finns SÅ mange flotte bloggar, og eg får meg med nye bloggar også innimellom. Regine har originale løysingar på fleire ting i huset sitt, kanskje blir du også inspirert av hennar påfunn!

 

fredag 25. mars 2011

I`m a cupcake girl - finally! (med god hjelp av lillebror...)



For dette er første innlegget om cupcakes, eller mat EVER, meiner eg? Eg likar å bake og lage mat, men det er ikkje noko eg setter av mykje tid til. Og eg ser jo at cupcakes er ein veldig bloggbar ting rundt omkring. Men ikkje på Draumesidene. I dag må eg gjere eit unntak frå regelen. Lillebror sine muffinsar vart kjempegode, og han gjorde det meste sjølv. Lillebror blir seks år i august, og skal til på skulen. Ikkje rart at han avanserer på kokkeleringsfronten! Inni desse herlegheitene, putta han skogsbær og små bitar av lys kokesjokolade. Storesøster tok seg av hakkinga med kniv. Flott teamwork med andre ord. 




Lillebror har allereie plukka ut ei ny oppskrift i boka si.
Her er det berre å gjere seg klar til neste økt på kjøkkenet!


Ha ei flott helg!

 

Den store MUFFINSDAGEN!




Sist helg fekk lillebror lage milkshake, etter oppskrift i Ole Brumm kokeboka. Han fann snart ut at dette vart ein suksess, og bestemte at neste rett ut skulle bli MUFFINS. Eg overtalte han til å vente til neste fredag, som er i dag. Lillebror er som lillebrorar flest; og vi har fått høyre om bakverket han skal lage opptil fleire gongar pr.dag. Han er veldig forventningsfull, og eg tipper han legg ut om det på barnehagen i skrivande stund... ;) For sikkerheits skuld måtte eg skrive opp handlelista på ei av tavlene eg har laga. Slik at det blei umogeleg å gløyme innhandlinga av muffinsingrediensar. Eg er veldig freista til å ta ein slik ferdigpakke, men lillebror meiner vi må gjere det som står i kokeboka... Og det er heilt greit det også. Inni skal vi ha blåbær og sjokolade. Og så det store spørsmålet: kan ein putte begge deler inni på ein gong? Dette var tema mellom dei to håpefulle i går kveld.



Eg måtte le når eg oppdaga at det er den store vafledagen i dag. Eg forstår jo at vi har bomma noko kollosalt :) Men vi får heller lage vafler når alle andre feirer den store muffinsdagen,
viss den finns altså?


GOD FREDAG!