Vi er så glade! Den vesle guten på halvtanna år, som vart funnen nedkjølt og livlaus i nabobygda tidlegare i veka, er vakna opp, og sitt på fanget til mammaen sin! Fulgte med på nyheitene no, men der var ikkje noko høgt HURRA, berre ei stadfesting av at pappaen var utanfor mistanke for omsorgssvikt. Eg blir så provosert! Nyheiter er visst best, når dei er sørgjelege og dramatiske? Skulle ikkje han opplesaren smilt som ei sol i kveld, og jubla : han har klart seg! Han berre mumla at barnet er stabilt. Eg vil kalle det heile eit juleunder, og ei hending som har gjort veldig sterkt inntrykk på meg. Eldste søstera mi døydde då ho var sju år. Det er hennar bursdag i dag. Ein dag som alltid har vore trist. Men heretter vil eg også hugse datoen som den dagen denne vesleguten vakna, og prøveresultata var fine. No skal vi fortsetje forberedelsane til jul, og barna i barnehagen kan smile og glede seg til dagane som kjem. For han som var så nær å bli borte, får kome att!

Husk å vere takksam for alt du har!