Å leite etter det perfekte uttrykket... For meg er det ei blanding av noko eg blir superinspirert av, men samtidig klare å skape mitt uttrykk i det. Kven som helst kan kopiere ting ein ser andre stadar, eit fåtal klarer å skape sin eigen stil; sin eigen interiørsignatur. Eg har siste dagane takka ja til to ulike invitasjonar, der eg skal få presentere min stil på landsbasis. Mine tankar om interiør. Eg kjenner skuldrane hever seg, det er litt skummelt. Kva har eg å kome med liksom? Eg fann ut i dag, at ein må tenkje minst mogeleg, og berre leike seg. Eg veit ikkje om dette er sluttresultatet på soverommet? Men eg har i alle fall fått ferdig veggen bak senga! Den ser utruleg murpussaktig ut, etter 4 strøk med sparkel i kvitt og to grånyansar. Stria er historie! Snora med fjør som kranser inn senga mot taket er frå Love Warriors, det er også bilda på veggen. Hjorten Kåre har mista gull-looken og blitt vinterbleik... Men eg dekorerte han litt med svart tusj...
Elin
Røft og tøft på soverommet!
SvarSlettTil våren kanskje? ;-)
Har berre ikkje heilt energi no..
Lukke til med nye prosjekt av ymse slag!
Heiar på deg :-)
klem sendt innover fjorden
Hi dear!
SvarSlettYour home is absolutely fabulous. I just look your pictures and take some inspirations for my own home.
Greetings from Finland,
Susanna