...

torsdag 29. januar 2015

onsdag 28. januar 2015

Oh my, I got a Dream Warrior office...





















Ein herleg ettermiddag med rydding,
og meir forandring i huset. Likar å finne nye måtar å bruke tinga mine på.
Denne arbeidsplassen inspirerer, og står akkurat no på loftstova. Setter pris på mange
vindu, og masse lys i ein av dei mørkaste månedane.



Elin






tirsdag 27. januar 2015

Som new stuff, or I guess old stuff, in new places?














No shopping, just fooling around with my old stuff...


Ingen shopping, berre tuller rundt med mine
gamle interiørting. Eit forsøk på å bringe inn farge inn på kjøkkenet...
Ein gammal, knallgrøn kakeboks + gamle ineriørblad 
fungerer som nytt lampebord...



Nyt dagen!



Elin




søndag 25. januar 2015

Livingroom, and bad mood...















Så blei det eit blogginnlegg i dag også. Eg slit med lite energi etter ein operasjon 30.des. Bilda og bloggen fungerte jo før når eg var sjuk, og den har halde meg i gang denne perioden også. Men eg kjenner at tolmodigheita er i ferd med å ta slutt. Sinnet er i ferd med å kome, og det er ikkje eit godt teikn. Eg veit vel at eg må telje til 10 - 100 og 1000 når kroppen er i dette moduset. 

Tusen takk til alle som er innom kvar dag!
Det hjelper på humøret mitt å sjå at andre menneske kikar inn på Draumesidene.
Eg legg ut det meste av bilda på Instagram. Det kan virke som om denne bildedelingstenesta er i ferd med å ta over for interiørbloggane? Eg har likevel valgt å publisere både her og på IG. Du finn meg under Draumesidene. 

Ynskjer alle ei vakker og fin, ny veke.
Så skal eg gjere mitt aller-aller beste for å meinhalde på dei siste restar av godt humør. Dagane blir stadig lengre og lysare. Det er ingen grunn til å henge med geipen...

Ekstra stor klem til alle som kjenner seg igjen
i det å så gjerne ville, men ikkje kunne...

Thank U all for stopping by! I`m in bad shape,
my body has gone into no-modus. I try to keep up my smiles,
but it`s hard. I know better days will come, I just have to keep focusing positive!

You find me on Instagram, Draumesidene

Have a lovely new week!





Elin




lørdag 24. januar 2015

Is it possible to love a t-i-n-y bathroom?















Yes? I`m in love...
But I guess I have to thank Love Warriors for the feeling...


Have a lovely saturday night!




Elin



torsdag 22. januar 2015

Searching for the perfect look... B E D R O O M
















Å leite etter det perfekte uttrykket... For meg er det ei blanding av noko eg blir superinspirert av, men samtidig klare å skape mitt uttrykk i det. Kven som helst kan kopiere ting ein ser andre stadar, eit fåtal klarer å skape sin eigen stil; sin eigen interiørsignatur. Eg har siste dagane takka ja til to ulike invitasjonar, der eg skal få presentere min stil på landsbasis. Mine tankar om interiør. Eg kjenner skuldrane hever seg, det er litt skummelt. Kva har eg å kome med liksom? Eg fann ut i dag, at ein må tenkje minst mogeleg, og berre leike seg. Eg veit ikkje om dette er sluttresultatet på soverommet? Men eg har i alle fall fått ferdig veggen bak senga! Den ser utruleg murpussaktig ut, etter 4 strøk med sparkel i kvitt og to grånyansar. Stria er historie! Snora med fjør som kranser inn senga mot taket er frå Love Warriors, det er også bilda på veggen. Hjorten Kåre har mista gull-looken og blitt vinterbleik... Men eg dekorerte han litt med svart tusj...

 
 
 
 
 
 

Elin





onsdag 21. januar 2015

Kitchen | Kjøkken












Nydeleg ettermiddag i januarsola på kjøkkenet.
Med pakke frå Love Warriors, og bilder av helten min Hannah Lemholt.
Ho har inspirert meg i årevis, og eg kjenner ei stor ro når eg har bilda hennar framfor meg.



Elin






tirsdag 20. januar 2015

mandag 19. januar 2015

"New" bedroom

















Med god hjelp frå ein nevenyttig ven, har soverommet fått ein ny utsjånad. Bjelkane har ligge i naustet til mamma i årtier. Dei vart fjerna frå huset til farmora og farfaren min på åttitalet. No er dei på plass i arka som snur ut mot fjorden. Det vart ein fantastisk forskjell! Det kvite smykket er nytt, det med svarte fjør har eg laga sjølv. Inspirasjonen til denne romfornyinga kom frå bilda til Hannah Lemholt, og Love Warriors. Eg kan nesten ikkje forklare stemninga eg kom i. Ikkje visste eg kva eg skulle gjere, eg berre arbeidde og kreerte med hjertet denne gongen. Det er FANTASTISK å sove og opphalde seg i dette rommet med utsikt over ein magisk fjord på vestlandet... 


With help from a friend, I have transformed my bedroom. The old wooden beams had been put away in my mothers boathouse for ages. They where in my grandparents house a long time ago. They died before I was born. The only thing new in the room, is the necklace. It`s not from Dream Warriors... BUT; my great inspiration is this firm. Not at least Hannah Lemholt that has inspired me for several years. The other necklace with black feathers, I made last night. A lot of fun making your own stuff! 




Elin







fredag 16. januar 2015

Vår på forskot i kjøkkenet

















So lucky to find small signs of spring... Makes my heart beat extra strong!
I`m doing a makeover upstairs in my bedroom. Usually I get some idèas, and then starts a project. This time I don`t know how it will end? But I think I`m starting to see a result...


Heldige meg fann vårteikn på blomsterbutikkar i Ålesund i går.
Gjer meg varm i bringa, og smilet blir ekstra stort når eit slikt syn møter meg ein fredagsmorgen på kjøkkenet. Bilda er frå frambygget mot fjorden. Eg held på å fixar på soverommet i andreetasje. Det har ikkje vore enkelt å kome i gang, for eg aner faktisk ikkje korleis eg vil ha det der? Har tatt bort den elska bakveggen av gamle fjøler. Så spørs det kva som skjer i dagane framover? 


Nyt helga!



Still winter by my fjord... This morning
outside the house. A special greeting to my foreign
readers, thank you so much for mails!

And yes; my fjord and mountains are great!
(I don`t own them... I have to share...)




Elin




lørdag 10. januar 2015

Kitchen
















Nokre kjøkkenbilder ein laurdag i januar. Vi gjekk klar av vinden som trua, og i staden vart det ein vakker dag her med vasking og rydding av hus. Og det er merkbart lysare... Just LOVE it!





Elin




fredag 9. januar 2015

NIB-utfordring januar LYSSETTING










Slik vart mitt bidrag til NIB-s januarutfordring LYSSETTING.
Eg brenn enormt med levande lys for tida. Det er akkurat som om eg får livsglede og energi i mørketida av det. Ellers har vi både lysskinner i taket, og lampar av ulike slag. Eg likar at ein kan variere styrken på lyset, alt ettersom kor mykje ein treng av det. Dimmerar er difor eit must her i huset! I dag har vi i tillegg hatt besøk av sola nokre timar; beste lyset av alle! 


For fleire bidrag i utfordringa, klikk deg inn HER for å sjå!




Elin