...

tirsdag 18. september 2012

Lyseblåe innslag på stova

 
 
 
 
 
 
 
 
Meir farge som har vore her lenge. Hadde store planar for lockeren min, men så finns ikkje den målinga som eg skulle ha... IRRITERANDE! Men den er no så søt i lyseblått, så det er inga krise på gang. Skåpa fann eg på skraphaugen, i ganske stusseleg forfatning. Den er halvert i djupne, og sveisa saman igjen. Inni har eg fotoutstyr, tom emballasje som kan bli god å ha seinare, kopipapir, bilder som ikkje er i bruk... Den svarte &`en fann eg på Åhlens her om dagen.
 
Siste Elle Decoration fall veldig i smak! Nydelege interiør frå perm til perm. Fekk spørsmål her ein dag, om eg bor i "draumehuset". Nei, eg hadde nok hatt det annaleis dersom eg var FULL i pengar! Hadde ikkje hatt noko imot å bo i ein gammal fabrikk, med høgt under taket og alt som høyrer med. Store vindu med masse lys inn, og ikkje minst INGEN STRIE PÅ VEGGANE! Men med tanke på at eg har det som eg har det; draumehuset er der familien min er, der vi kosar oss kvar dag. Ein kan drøyme om mykje rart, det er berre sunt og kreativt, men når det kjem til stykket har dei fleste av oss mange begrensningar i liva våre. Slik som eg har det, kjem interiørdraumar temmeleg langt ned på lista, det var mykje anna eg heller skulle håpa på ordna seg i livet mitt. Og sjølvsagt hadde eg aldri kunne tenkt meg å flytte frå dette huset :)
 
Vil kome med eit råd i dag. Vi ventar reportasjeteam her om ei veke. I den anledning har vi tatt tak i småting som skulle vore gjort i opp til 13 år (då vi flytta inn) Det har ikkje tatt mange timane, eller har vore dyrt, men følelsen det gir er ubeskriveleg! Andrestrøket på nokre dørkarmar, nokre lister som aldri kom på, høgskåpa på kjøkkenet som har blitt innebygd. Og FOR ein forskjell det gjer! Faren er at ein sjølv ikkje ser det som står halvferdig, medan somme besøkjande sikkert lurer litt? Såg eit tips til fint interiør her ein dag, og det var å halde orden og ha det reint. Så kom tinga du hadde i huset i andre rekkje. Det er veldig sant. Så får det vere med alle tinga ein synes er flott, og som "alle" andre har.
 
Men du; det ER no kjekt å vere materialistisk av og til også! :) Eg har spart til nokre herlege pakkar som kjem i løpet av denne veka, frå Ølen Møbel, hviit og Ellos. Det er som julaften x 10 for meg.
 
Kjem nok til å klemme postmannen!
 (han er van med lukkelege hyl frå meg ved leveranse frå tidlegare)
 
Laaangt innlegg! Men viss du stadig heng på,
ha ein fin tysdagskveld! Eg har hatt eit heildagsprosjekt
med vasking av høgskåp, og inniputting av alt som
måtte ut i går kveld.
 
 
Elin
 
 
 


11 kommentarer:

  1. Diiiiigger skapene dine elin!
    Drømmehuset ja, kunne ønske at vårt eksisterende bare kunne blåst seg opp litt liksom... Sånn at jeg fikk litt mer plass overalt...

    Klem

    SvarSlett
  2. Så herleg Elin! Det er superdeilig når slike 'venteprosjekt' blir ferdig! Vi alle har dei jo! Eit slikt prosjekt for meg var å få bytta ut den mintgrønn fargen på vegane med ein meir nøytral og meir 'meg' farge.... Herleg!

    Kjekt å lese at du har hatt ein god dag! :D
    No skal eg få minsten i seng, før siste innspurt med bryllupsforberedingar.. Vi reiser i morgon etter halv dag på jobb, for min del... Så alt må vere klart i kveld! Du får ønske meg lykke til ;)

    SvarSlett
  3. Snyyygt var har du köpt älgarna?! de vita?
    Eva

    SvarSlett
  4. Herlige bileter du viser i dag og. Å tenk å finne slike skap då.. Her er det og nokre halvferdige dørkarmar, kjøkkensokler, lister. Irriterande IG kan tenke meg den følelsen er ganske god. Berre det å veta at ein kommode er ryddig syns eg føles godt. Bør kanskje gjeras noko med.

    SvarSlett
  5. Så enig! Det er ein fantastisk følelse og få innagjort ting som har logge lenge.
    Spennande med reportasjeteam då, lykke til:) det blir nok knall.

    Gler meg til å sjå kva du skal få i posten.

    God tirsdag til deg også:)

    PS! Gratulerer med galleriplass på NIB, vel fortjent.

    SvarSlett
  6. Jeg hang på... ;)
    For noen lekre skap altså!
    Også er det alltid så kjekt med de fine oversiktsbildene du byr på.
    Både postmannen og du har noe fint i vente skjønner jeg hi, hi.
    Klem May Helen

    SvarSlett
  7. takk for det! satsar på at vi ikkje regnar vekk, det er meldt fint vèr på austlandet til helga ;) det blir eit litt spesielt bryllup dette, for det er søstera til mannen som skal gifte seg og eg skal vere forlovar.. kjekke gutane mine skal vere brudesveinar... ååå som eg gler meg! No nærmar det seg brått avreise og eg prøver å forberede meg mentalt på ein heil dag/kveld i bil ;)

    ha ei god helg! ;)

    SvarSlett
  8. Så godt når ting som er på vent vert ferdige...
    Og du har så rett, der ein har sine kjære rundt seg der er draumehuset!!

    Stor klem

    PS: nydeleg bilete som alltid

    SvarSlett
  9. Hei på deg.
    Kjenner igjen den herlige følelsen når ting som har stått på vent leeenge omsider blir ferdig ;)) Det er noe med å bo seg litt blind... man blir liksom så vant til at den listen mangler, eller at den karmen skulle hatt et strøk til..
    Spennende med pakker..., sikkert kjekt å være postmann hos deg ;))
    Ønsker deg en riktig fin fin kveld.
    Smil og klem fra Monica

    SvarSlett
  10. God kveld! Er det mogleg å låna litt bileter av deg? Tenkte å bruka dei i eit innlegg og linker sjølvsagt til deg :-)

    SvarSlett
  11. Kjempefine bilder! Stilige skap, og de var veldig fine i den fargen synes jeg :-)

    God ettermiddag!

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!