Bilder frå lillebror sitt rom. In progress. Rydda og klart for litt nytt innhald. Men enkelte ting skal få vere som før; f.eks. Herr Kanin... Det er store greier å byrje i andre klasse. Ikkje lenger vere minst på skulen, og kanskje ha eit behov for å markere dette. No har det seg slik at mammaen IKKJE har eit behov for at lillebror skal bli fort stor, og sidan storesøster har fått lov å bli litt større i år, så får lillebror vente litt til ;) Temaet på rommet blir difor bilar og dyr. Det kjem nok fleire bilder etter kvart.
Så over til ein kommentar som tikka inn før i dag, fekk ikkje til å kopiere den inn her, men den var frå Lisa som lurte på om hemmeligheita bak gode bilder var dyre kamera og photoshopping?
Kjære Lisa! Og alle andre som har sendt mail med spørsmål om dette:
Photoshopping er FANTASTISK! :) Eg ville lyge viss eg sa noko anna. Men det å presentere gode bilder handlar om så mykje meir enn det. Eg føler meg alltid ukomfortabel når eg skal skrive om slikt, for eg har ikkje nok kunnskap til å gi proffe svar. Eg hadde eit Canon EOS 1000D før, og eg merkar god forskjell med det kameraet eg har no, EOS7D. Men sjølvsagt kan ein ta gode bilder med rimelegare kamera! Men med tanke på at du har eit speilrefleks; her er nokre tips!
Slike program er f.eks. PhotoScape og PicMonkey.
Som de ser, er Herr Kanin sliten både med og uten redigering, så det er begrensa kva du kan få til med Photoshop... Viss eg hadde vore skikkeleg god, så kan det vel hende eg hadde fått han litt kvikkare? :) Det som er fint med redigering, er at du kan gjere bilda dine lysare eller mørkare, velge om du vil ha varm farge i bilda dine, eller kjølege. Her har eg tatt bilda med ein kjøleg blåtone, men enkelt fått fram det varme med å dra litt i div.spakar i PhotoShop. Eg har gått eit PS-kurs for å lære om dette, synes det var veldig vanskeleg å lære på eiga hand. Det å kunne skarpe opp bilder, og få bedre kontrast er også ein fin måte å gjere bilder bedre.
Men når det kjem til stykket, trur eg at ein skal lære litt om alt, for å få bilder gode. Mitt mål no, er å ta bilder som treng minst mogeleg redigering, det er då eg blir verkeleg fornøgd. Og det kjem eg til å fortsetje å ha som mål. Eg håper på at ryggen min er enig i at eg og han skal på fotokurs igjen i oktober. Det ser litt mørkt ut akkurat no. Dei som kjenner meg veit, at viss det er veldig tett mellom blogginnlegga, så har eg ein dårleg periode helsemessig. Ei veninne spurde i helga, om kvifor i all verda eg brukar så masse energi på å blogge, når eg framstår som elendig med blå ringar under augene. Svaret er enkelt. Det hjelper meg å drøyme meg bort, akkurat som det har gjort i snart tre år. Og når eg les alle fine kommentarar, gløymer eg at dagen har vore tung. Så når eg vaknar neste dag, var dagen før fin og givande. Ikkje ein dag der eg hadde lyst til å gi opp. Denne gleda over å kunne klare å ta bilder, og inspirere andre, trur eg også er avgjerande når eg lagar eit blogginnlegg. Det å føle at ein kan gjere ein forskjell for andre også.
Merkar at dette ikkje var eit revolusjonerande godt svar,
men det var eit forsøk på eitt i alle fall!
I kveld skal eg setje meg ned og lage lister for trekninga av GiveAwayen, og eg håper å kunne presentere ein kjempeheldig vinnar i morgen!
Tusen takk for at du les bloggen min!
Elin
Tack för bra tips
SvarSlettKram Eva
Takk for fine tips:) Prøver å lære meg mer photoshop, men ser at et kurs hadde vært tingen... Lurer for øvrig på hvor jeg kan laste ned fine rammer eller ferdige collage til bilder (til photoshop). Har forøkt å lete litt på nettet, men finner ikke ut av det. Du har så mange fine rammer på dine bilder.
SvarSlettHa en fin dag:)
Heisann
SvarSlettHvor har du kjøpt putetrekket med "synstest" printet på ?
Maren
Gode tips, tusen takk!
SvarSlettDu tar alltid så fine bilder, noe å strekke seg etter :-)
God mandag videre til deg, håper dagen har vært flott!
Hr. Kanin er så sød, den kan Lillebror da ikke undvære.
SvarSlettJeg synes heller ikke det haster med at børnene skal blive så hurtig voksne...de skal have lov at være legebarn..:-)
Jeg synes du laver nogen flotte billeder altid.
Jeg har min datter til at tage for mig, hun har et Cannon 50D, men hun bruger det jo også i sit arbejde som grafisk designer.
Jeg har blevet så langsynet at billedtagning holder jeg mig fra.
Derfor kan det jo også gå lidt tid mellem blogindlæggene da jeg jo skal spørge min datter pænt om hun ikke vil tage nogen for mig..;-)
De 2 sorte stole fra Ikea i indlægget nedenunder er da super hyggelige..:-)
Kram fra Lisbeth
Heia! Tusen takk for gode tips! Jeg prøver meg på Photoshop, men får det ikke helt til ennå... Dine bilder er jo helt nydelig! Flere tips mottas med stor takk :-)
SvarSlettJeg synes dette var gode tips jeg. For meg er dagslys alfa og omega, så nå som vi går mot vinteren merker jeg panikken kommer litt om litt for hver dag. Det er ikke bare bare å være hobbyfotograf i nordnorge desverre :(
SvarSlettHa en fortsatt fin kveld :)
raw bilder? er det en instilling på canon...?:) nydelige bilder..sukk!
SvarSlettHei Lisa! RAW er eit format du også finn hos andre produsentar enn Canon :)
SvarSlettElin