...

mandag 12. mars 2012

Draumesidene med i bok :)



Fekk ein fin mail på slutten av året i fjor, frå Franciska Munck-Johansen, om eg ville bli med på hennar nye bok, Sanselig Jul. Eg var faktisk i tvil med det same, for eg har aldri publisert bilda mine via andre. Og som den pessimisten eg har vore siste åra, var eg usikker på om eg hadde noko å bidra med? Men gode Franciska fekk meg til å senke skuldrane, og ho har gitt meg all tida eg har trengt til å få ferdig bilda mine. Det har ikkje vore så lett med denne ryggen, for eg har problemer med å sitje enno. Men i dag fekk eg sendt over dei siste. Tilfeldigvis på den dagen forfattaren har lagt ut liste over alle som skal delta. Eg kjenner meg glad og stolt over å få lov å vere med i dette selskapet av flinke bloggarar!



Eg vil takke for mogelegheita til å bli med i mi første bok!

Du kan gå inn HER viss du vil sjå den fullstendige lista over dei som er med.


Angåande innlegget frå før i dag, vil eg takke samtlege som tok seg tid til å gje meg tilbakemeldingar! Eg skal ta med meg alt i blogginga mi vidare! Fekk ein mail av ei dame som hadde trudd at det var eit bilde frå eit interiørblad eg viste i går, så ho gjekk ikkje inn av den grunn... He-he :) Ja, ja. 


Eg skal prøve å finne overskot og sjølvtillit til å vere tru mot den eg er, og stole på at det er godt nok. For det er nok det som er viktigast. Tross alt.



Elin




9 kommentarer:

  1. Så kjekt, grautlerer! Gledar meg til å sjå bidraget ditt!

    Klem Marianne

    SvarSlett
  2. Så spennende! Nå må du vel snart begynne å skjønne at du kan dette med interiørfotografering?;)

    SvarSlett
  3. Hei på deg Elin.
    Så spennende, og absolutt velfortjent!
    Husk: vær deg selv, bare du kan det best ;))
    Ønsker deg en riktig fin fin kveld.
    Klem, Monica

    SvarSlett
  4. Juuuhuu! Morrrro!

    Gleder meg

    Klem

    SvarSlett
  5. Härligt Elin!
    Är säker på att det blir en alldeles underbar bok..!
    Stor kram
    Mia

    SvarSlett
  6. Så stas!!!! Gratulerer:-))))

    SvarSlett
  7. Aaaaah saa utrolig morro da.

    Den skal jeg ha ja, det er helt klart. hehe

    Bli med paa min give away da, flotte premier. hihi

    Klem Simone ;o)

    SvarSlett
  8. SÅ stas:)
    Gratulerer så masse!!

    :)

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!