Denne bloggen heiter ikkje Draumesidene for ingen ting... Når eg starta å blogge hausten 2009, var det for å evne å drøyme og vere kreativ igjen. Det skulle vise seg å verte ein suksess. Ikkje alltid like intenst og målbevisst, men alltid på veg framover. Eg er veldig stolt og glad over å ha ei fin veke. OK, det har berre gått to døgn enno, men eg kjenner at eg er på rett veg igjen. Framover. Det er dit vi alle skal. Uansett.
Eg har fullført to prosjekt siste dagane, som eg gleder meg til å dele med alle dokke der ute. Men enn så lenge må eg få vise fram eit bilde frå ByNord som traff meg rett i hjertet... Trur eg er forelska - igjen... Det brukar alltid å skje noko nytt i huset når eg får slike reaksjonar og slik inspirasjon. Så får vi sjå kva som skjer. Eg klarer ikkje å gjere så veldig mykje opprør for tida, så mannen må vere veldig enig og hjelpe meg når eg får desse føra mine. Kanskje ikkje så praktisk, som å kunne dure på åleine, og gjere akkurat det eg vil. Lettare å få tilgivelse, enn tillatelse??? ;)
Bilde : ByNord via MyHome
Velkommen til alle nye følgjarar!
*
Superkoseleg at dokke vil vere med
på turen framover mot vår!
*
Dream along with me :)
Elin