...

fredag 8. april 2011

Supersmart oppbevaring under senga på jenterommet :)



Og eg trur eg har funne på dette sjølv? Eg har sjølvsagt sett skuffer med hjul under sengar,
og koffertar, men ikkje gamle skuffer? Vel; det gjer jo ingen ting om det
finns andre der ute som har gjort det same før meg :)





Eg skal leggje ei fjøl mellom senga og skuffene, og lage lokk på dei, slik at dei
ikkje blir så støvete nedi. Eg har trua på dette prosjektet her!





torsdag 7. april 2011

Sidebord med magnificent magnolia!



Reknar med at lesarane fekk ei overdose fargar før i dag, så eg tenkte at eg skulle roe ned netthinnene før leggjetid, og vise dei nydelege magnoliagreinene som blomstrar på stova. Dei står i ein vakker vase, frå glasblåsardama eg besøkte før i veka. Synes denne var så enkel og fin, med den nydelegaste bodskap :

vennskap - kjærlighet - lykke - smil - håp - mot


Du finn fleire vakre ting på NETTSIDA til Ingrid Ulla!




 

INDISKA på kjøkkenet, påfyll av farge!









Herleg teppe frå INDISKA, lyser opp heile hovedetasjen :) Krukke frå Kremmerhuset. Til å bli glad av! Takk for fine tilbakemeldingar på innlegget i går. Eg hadde lyst ut å ta bilder av dette teppet i dag, men her regnar og bles. Til dei som stussar på at eg har fastelavensris no; eg synes berre det er så fint med ris og fjør til Påske også :) Men vi kan ikkje ha det inne. Lillebror tåler ikkje bjørk, det får vi nok merke ganske snart. For det er små museøyrer på trea ved hagen. Kjekt for oss som lengtar etter vår, men så plagsomt for allergikarane. Det er ein spesiell dag her på bakketoppen vår; i kveld kjem sola igjen utanfor fjellet på andre sida av fjorden. Alltid ei herleg oppleving! Vi håper på klarvèr i halv ni tida i kveld! Det går verkeleg mot sommar! Og tida går rykande fort... NYT kvar dag!


GOD torsdag!




onsdag 6. april 2011

Himmelblå vår






Eg har vore ute ved havet i dag... Ikkje for å ta bilder, men eg måtte berre :)
Og eg veit at dette er ein interiørblogg. Dei gamle Draumesidene hadde veldig mange naturbilder. Saknar faktisk det. Ser at folk helst vil ha interiørinnlegg, men eg har funne ut at eg må vere litt Elin, og gjere mine ting? Ikkje så lett å finne att seg sjølv innimellom. Og no har eg vore lost ei stund... Men dette er meg; det er her eg finn min inspirasjon. I naturen. Så då tek eg sjansen på dele slike bilder innimellom. 





tirsdag 5. april 2011

Turkis kommode og my lovely one :) Location : glasblåsarverkstad


I dag har vi hatt det spennande! På reportasjetur med to blide jenter, som ikkje har vore i sving sidan utfordringa vi tok for INDISKA i desember. Du kan sjå bilda HER, ein gnistrande kald dag på isen. Men i dag har vi vore i ein glasblåsarverkstad i Ålesund. Ganske motsatt location, med glødande ovnar og masse fargar! Sidan dette er ein jobb, kan eg ikkje vise bilder før saka har vore på trykk, men eg kan leie deg inn i Ingrid Ulla sitt univers HER! Ei kjempeflott dame, med innsatsvilje og dyktigheit som tek pusten frå deg! Vi har til og med fått måle glasblåste påske egg i dag, ei herleg oppleving! Om du bur i nærheita av Ålesund, har du sjansen til å besøkje Ingrid før påske, og få dine eigne designa egg, med f.eks.inngravering av ord eller teikningar i glaset. Flott å la born få måle sjølv med glasmåling også. For meir informasjon, trykk på linken over! Men nokre bilder slepp eg allereie i kveld. Av mi eiga taus, som har på seg ein designerkjole av ei anna dyktig Sunnmørsdame; Judith Bech, henne kan du lese meir om HER.  Du finn kreasjonane hennar i verkstaden hos Ingrid!






Fantastiske lokaler! Eg skal sjølvsagt dele bilder og herlege stemningar frå glasblåsarverkstaden, når bilda har gått i trykken i avisa! Og då kan eg få vise fleire av produkta til Ingrid også! 


Takk for alle fine kommentarar, eg må innrømme at eg dett heilt av lasset. Men eg tek vare på alle fine ord inni meg, det kan eg visst trenge for tida... Ubeskriveleg godt med fine tilbakemeldingar når sjølvtilliten skrantar... Tusen, tusen TAKK!





søndag 3. april 2011

Heimelaga bord og tavle i NIB utfordringa



Meldte på det heimelaga bordet mitt i månadens NIB utfordring, med eit gamalt innlegg. Har funne ut at eg vil skrive litt meir om prosjektet. ADVARSEL : Gamalt nytt! Bordet har eg laga HEILT åleine. Eg laga ei ramme av stavar, og brukte kappsaga til å tilpasse borda. Plankebitane er frå eit gamalt hus, som tilhøyrde tippoldeforeldra mine. Difor er det ekstra kjekt å ha dette bordet på stova. Eg har brukt ein glasknott på "skuffa", for å skape kontrast. Det eg likar aller best, er at fjølene har så flott fargespel i seg, laga av vèr og vind! Så her er mitt bidrag, GARANTERT sjølvsnekra ;)

Tavla over bordet har eg også laga sjølv, først laga eg ei ramme av stavar, og så la eg på ei bygningsplate. Deretter vart alt måla med vanleg måling to gongar, og til slutt brukte eg to strøk med tavlemåling.






Minnast pappa her eg sitt, som lærte meg det meste om å snekre, støype, pusse opp og
andre fornuftige ting! Takk til ein flott pappa, som oppdrog ei taus som etter kvart vart ganske sjølvhjelpt :)





lørdag 2. april 2011

Spennende prosjekt på gang, og påskegul touch i heimen :)



Eg har sagt ja til ei ny reportasje til avisa, og eg har leita litt før eg fann lokalitetar til påske-fotoshoot :) Men i dag, dalande frå himmelen, som vanleg, kom det perfekte tipset! Takk til Robin! Eg er heilt rusk i hovudet, for eg vart så inspirert av huset eg var i, eller skal eg seie verkstaden? Det som er heilt sikkert, er at eg deler alle bilder her inne før påske. No blir det nokre intense dagar med planlegging. For å kome i den rette stemninga, måtte eg ha med ein raus bukett med gule ranunklar heim. Energi boost!





Kvistane i buketten er MAGNOLIA... Gjett om eg gleder meg til dei sprett ut! Men enn så
lenge får knuppane stå saman med alt det gule og godgjere seg!

Faktisk nok pynt for min del? Ute stormar og regner det. Snøven har reist. Det byrjar å likne
 på vår? Men jammen er det godt å fyre i peisen, og slappe av med eit pledd på sofaen sjølv om det er lyst ute!





fredag 1. april 2011

Rommet til lillebror med "ny" industrilampe



Er innom med nokre bilder av lampa eg monterte på rommet til lillebror i ettermiddag. Ho er brukt, men like fin :) Kofferten til morfaren min har funne plassen sin, og fungerar som oppbevaring av leiker. Dokka har lillebror laga på barnehagen, og kokeboka har han med seg over alt :)







Ellers har eg hatt ein flott dag, og årets første langtur på delvis asfalt, grus og snøv er gjennomført. Temmeleg rusten i forma, men det skal eg gjere noko med i våren som ventar. I morgen skal vi prøve å fullføre halvferdige prosjekt i huset, for dei er det ein del av? ;)


Ha ei herleg helg!




Slutte å blogge? Not :)



Hadde tenkt å ta ein skikkeleg aprilspøk her inne i dag, etter surmulinga mi i går kveld. Kanskje fleire som faktisk hadde trudd at eg ville slutte å blogge? Men eg hatar å bli lurt sjølv første april, så det utgår! Eg hadde planar om å ikkje skrive noko som helst meir om innlegget i går, men det kan eg jo slettes ikkje. FOR: takk for så flotte tilbakemeldingar! Eg var så glad før eg la meg! Det var så fint å få bli kjent med så mange nye bloggarar, og der var tilogmed nokre som hadde ordna seg ny header i går etter å ha fått tips her inne. DET var det eg ville med første innlegget i går! Og tenk at Trollmora hadde brukt mobilbilde, og fått eit så flott resultat :) Det som skremmer meg, er at eg gong på gong tek ein liten kommentar sånn innover meg? Eg vil jo vere tøff i trynet? Forklaringa er nok, at eg har veldig mange lesarar som aldri legg att kommentarar. Når det kjem ein slik negativ, tenkjer eg: hmmm... kanskje det er fleire som ser på det eg skriv på den måten? I dag er det derimot ein ny dag, og til og med ein ny måned! Påska nærmer seg med stormskritt, men eg er ikkje i påskepyntmodus i år. Kanskje fordi høgtida kjem så seint?

I mangel av påskepynt i heimen, kjem fire bilder av det einaste gule eg kunne finne, men no lovar eg at eg ikkje skal leggje ut fleire bilder av desse stolane! Men når ein er litt in love, går det over styr? Egga kjøpte eg i fjor, og dei har fått stå i kjøkkenskåpa med glasdører sidan sist påske. Huskar desverre ikkje leverandør?






Tusen takk til alle dokke fine menneske,
eg veit jo at dokke er i stort fleirtal!

Nyt fredagen!




torsdag 31. mars 2011

Kjøkkenbilder



Aller først; det var ikkje meininga å fornærme nokon med forrige innlegg? Eg trudde at eg sette av tid til å gi tips og svar på spørsmål eg har fått siste tida på mail. Eg ser fortsatt ikkje problemet med å hjelpe andre? Ein blogg er det du sjølv gjer han til. Det finns mange måtar å blogge på. Eg er av den typen, at eg likar å lære og forbedre meg. Og det ser eg ingen grunn til å unnskylde? For det er masse arbeid som ligg bak ein slik prosess. For meg har bloggen fungert som ei aktiv sjukmelding, og etter kvart ein CV, og eg har fått jobboppdrag på bakgrunn av det eg viser her inne. Men det er mi historie. Du som les dette, og har eigen blogg, har dine tankar og mål rundt di blogging. Og det er det som gjer dette bloggfellesskapet interessant; vi er ulike!

Råda eg gav før i dag, skal kunne brukast uansett kor mange lesarar du har, og korleis du bloggar. Om du har flott speilreflekskamera, kompaktkamera eller bruke mobilen til å ta bilder. Hadde berre behov for å understreke dette; slike innlegg lagar eg for å vere grei, å dele av min kunnskap. Ikkje for å påpeike at somme ikkje gjer ting bra nok! Men så det er sagt; eg ser ingen ting gale i å ville ha mange lesarar! Det må vere opp til kvart enkelt bloggar. Og eg håper nokon fekk tips som dei kan bruke. Blir nok ei stund før eg deler slik informasjon igjen. Fekk ein liten bismak i munnen kjenner eg.


NOK OM DET!

Her er nokre kjøkkenbilder.  






 




Redigering av bilder, og det å lage ein makelaus header



Er ikkje så enkelt... Eg vart ikkje fornøgd etter første forsøk i dag. Men eg la den ut likevel, for eg kom på at eg kunne gi nokre råd? Eg har fått ein del spm. om korleis eg lagar header, og kva redigeringsprogram eg brukar. Har fortalt om dette før, men det kan nok repeterast? Eg brukar gratisprogramma Picnik og Photoscape. Skulle gjerne lært meg, og hatt Photoshop, og trudde eg skulle få det inn på programmet i vår, men eg må vente til ryggen er bedre. Har problemer med å sitje enno, etter siste ryggkrangling, så kurs er ikkje så freistande. Det og tastaturbruk. Eg vil anbefale alle som har lyst på fleire lesarar, å bruke litt tid på å leike seg inne på fotoprogram. Det skal lite til for at header og bilder ser bedre ut! Om du kun regulerer på kontrast og lys, kan bildet ditt gå frå brukbart til lekkert.

Eg har funne ut at headeren er KJEMPEVIKTIG! Det er førsteinntrykket av ein ny blogg. Du kjem inn, og danner deg eit inntrykk frå bilder og tekst øverst. Sånn er det i alle fall for meg? Av og til "stemmer" ikkje headeren med bloggen, men i dei aller fleste tilfella får du eit innblikk i kva som finns i innlegga.

Pass på at du har ein tanke bak skrifttypar du brukar, og fargar. Eg har hatt for lys skrift, sånn at det har vore vanskeleg å lese. Det var ikkje slik på min PC, men vanskeleg for andre. Bakgrunnsfarge er også ei utfordring. Eg hadde lys grå på den første bloggen min, men gjekk over til kvit på denne. Nøytralt og enkelt, og bilda slepp å slåst med "bakteppet" om merksemd.

Dersom du vil ha bilder øverst, tenk over kva du har i heimen din som er spesielt. Kva som kjenneteiknar deg. For det er det du vil vise i ein header. Kvifor skal folk stoppe opp, og lese din blogg? Prøv å vere kreativ og nytenkjande. Det får i alle fall meg til å stoppe opp inne hos for meg nye bloggarar. Sett av tid til å ta bilder til headeren. Og ver kritisk til det du brukar. Eitt bilde kan kanskje fungere like godt som fleire? Viss du setjer saman fleire, må du passe på at dei passar godt i lag. Kanskje lurt å spørje nokon andre om kva dei synes? Eit råd eg sjølv har brukt mange gongar. Greit med tips frå andre! :)

Sånn til slutt vil eg nevne, at eg er INGEN ekspert, og det kan hende eg ikkje har peiling i det heile tatt. Men eg håper at dei som lurer, kan ha fått nokre råd? Eg veit at mange nye bloggarar har lagt seg til som følgjarar i det siste, og eg huskar min eigen hunger etter tips i starten. Eg har masse eg lurer på enno, forresten ;)






Eg har skura seks gamle stolar i dag, og har tatt bilder frå kjøkkenet, som eg publiserar seinare. Vart plutseleg
veldig mange sitjeplassar her? ;)