Sol og søndag er det i alle fall, men SÅ kaldt! Blir det aldri varme her i år? Ti grader klokka ett, er ikkje sommarvarme spør du meg... Gårsdagens kino var OK, men hadde større forventningar må eg innrømme... Men turen med
Marianne og
Maya var kjempekjekk, og natta lys og fin når eg kom heim. Det gjer veldig godt å kome seg ut av huset! Takk for turen jenter! I dag har eg berre stulla litt rundt her. Kallar bilda Søndagspyssel...




Og dokke kjære, vakre, vene damer : det er heilt greit å berre sjå på bilda mine, og ikkje leggje att kommentar! Eg har SÅ dårleg samvittigheit for tida! Eg rekk rett og slett ikkje rundt til alle som er innom meg! Og eg har denne filleskuldra som ikkje har lyst å bruke tastaturet... SUKK! Frustrerande! Det er HEILT greit å berre stikke innom her :))) Denne veka er den beste EVER for Draumesidene. Både for den gamle og nye versjonen. Det inspirerar meg veldig, og etter ein tung vår, som slett ikkje var så triveleg rett personleg, har eg funne skikkeleg glede ved blogginga igjen. Tusen takk til alle dokke som har valgt å følgje meg! Har heller ikkje fått vore innom dei nye følgjarane mine. Synd og skam! Eg er kjempeglad for at den nye lista veks i antal medlemmar. Den gamle bloggen min er tilgjengeleg, du finn han til venstre i margen, "Gamle Draumesidene". Livet går sånn i bølgjedalar. Venner meg aldri heilt til det. Men bloggen min er for meg ei slik bølgje som gjev ein god følelse. Takk til alle dokke som er her, og gjer dagane mine så mykje lysare!
Ha ein vakker søndag!
Klem
Elin :)