Ikkje alltid mannen i huset ser vitsen i prosjekta mine. I dag har vi dratt inn meir gamalt skrot i huset, ifølgje ein del personar... Nesten som om eg let meg overbevise??? Hm... Eg som har venta slik på dette skapet. Herleg slete, nedpussa og klart for makeover. Eg synes det er fint. Men er visst ganske åleine om det også. Så spørs det kor lenge det får bli her - på nåde. Får av og til spørsmål om kva mannen min synes om desse ville idèane mine. For å gje eit svar; han er ikkje over the top fornøgd akkurat. Han er minimalist, med null følelsar for "skrotet mitt". Men han forstår at dette er viktig for meg, så han lar meg styre vekk. Stort sett. Men i kveld synes eg det fortvila blikket hans var litt for intenst? ;) Det er vel slik andre stadar enn her? Eller? Er mannen din begeistra over dine ville interiøridèar?
Sommarkveld i huset vårt er det i alle fall. Sola fløymer inn i kjøkkenet, og herleg musikk
leikar i bakgrunnen. Eg vil ut att i godstolen og nyte kvart eit
minutt som er att av herlegheita.
See U!
Elin
