Etter innlegget i går, vart eg inspirert til å lage nokre blogginnlegg med sommarstemning frå heile huset. Einaste som plagar meg, er at bilda mine minner om andre bloggar, som har slike lyse bilder som si merkevare. Dette beklagar eg, det er ikkje meininga å framstå som ein blåkopi. Men eg leikar meg stadig med kameraet, og er så glad når eg plutseleg klarer å kontrollere ulike stemningar i bilda som eg tek. Eg er også glad at eg kan dele eit tips med andre, som har døtre som er over snittet interessert i interiør og blogging. Our place 10.30 : -Lillemor, i dag skal eg blogge om rommet ditt! Eg høyrer ei romestering på loftet. Når eg kjem opp stikk det eit rotete hovud opp av ei dyne, i ein stol, midt i rommet. -blogge her mamma??? Men no vaknar ho til live, og det blir både rydda og støvsuga i løpet av kort tid. -eg vil ha med neglelakkane mine, dei er så fine fargar på! Og så dei rosa øyreperlene! Og vips, så har mor eit flott rom å blogge om :) Så spørs det om lillemora er fornøgd med resultatet?
Så kjekt at fleire oppdaga bloggen min i går! Skal stikke innom ALLE som legg att kommentar denne veka. Det er i alle fall målet. Og veldig kjekt for meg også, å få oppdage nye bloggar! No skal vi avgårde å kjøpe gjestesengar. Det er nemleg saker på gang på loftet, på eit rom eg aldri har blogga om. Men kanskje blir det eit sommarleg innlegg frå gjestesuiten også ;)
Nyt dagen, uansett om du er
på ferie eller jobbar!
Elin