Juletreet i fjor, men ganske identisk med det vi har i år.
Juletrefoten er sporlaus forsvunnen... Fekk låne ein i ettermiddag, og treet er pynta...
Men eg rakk ikkje dagslyset for fotografering. Men no er det på plass, og det luktar så herleg gran i heile hovedetasjen.
Lillebror hjalp meg å pynte, og har mykje tankar i dag om det som skal skje i morgen. Det flottaste åtteåringen sa til meg var dette :
Det er ikkje gåvene som er viktigast mamma,
men at vi får vere saman med dei vi er glade i...
Ei spesiell helsing i dag til alle som ikkje
får det, av ulike årsaker. Ein god
klem frå meg!
Elin