...

søndag 28. april 2013

Kurert for fotoskrekk?

 
 
 
 
 
 
Eitt av måla mine i 2013, var å klare å stå framfor kamera, utan å få angst. Skreiv om det HER. Sidan det innlegget, har eg vore gjennom ein prosess. Både tatt bilder av meg sjølv, men også blitt tatt bilder av. Eg kan ikkje seie at eg synes det er stas å posere, men det viser seg at ein faktisk kan venne seg til dette også. Bilda i dag er tatt av dattera mi sist fredag, og eg skal vere så tøff at eg deler dei på bloggen min. Siste utfordringa er herved utført. Kjenner at det ikkje er slik eg er oppdratt; ein skal ikkje dele slike bilder av seg sjølv? Jantelova og andre uhumskheiter ligg og lurer. Men for meg er dette eit stort skritt i rett retning. Eg fyller snart 42 år, og har som neste mål å akseptere meg sjølv som eg er. Eg trur mange kvinner slit med dette? Vi er flinke til å fortelje andre at dei er bra nok, men kjenner aldri det same om oss sjølve? Slik er i alle fall eg. 2013 vil for meg vere eit år der eg må akseptere kropp og sinn slik som det er, sjølvsagt arbeide for å forbedre både fysikk og psyke, men senke skuldrane og tenkje at eg ikkje er så verst i utgangspunktet.
 
Eg setter veldig stor pris på kommentarar der andre forteller meg om sine utfordringar, eg treng ingen om korleis eg ser ut. Dette innlegget handlar om alle oss som tek tak i ting som er vanskeleg og gjer livet bedre. For meg er det ikkje utseende som teller, men evna til å føle at ein er bra nok. Uansett!
 
Eg stod framfor 50 stk sist veke og snakka om det å vere kreativ og viste bilda mine. Det hadde eg aldri klart uten å jobbe med sjølvtilliten. Og eg kjenner meg sterk.
1000 gongar sterkare enn for eit halvt år sidan.
DET er gull verd!
 
 
Ynskjer alle ei flott, ny veke!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


33 kommentarer:

  1. Fint innlegg, Elin! :) eg jobbar med det samme som deg, og er godt på veg til å godta meg sjølv for den eg er :) føles fantastisk! Eg er så glad for deg! Du strålar, og eg MÅ få sei at du ser heiiiiiilt fantastisk sprek og vakker ut! ♥ for ei dama!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Lina! Du anar ikkje kor glad eg blir for å lese at du jobbar for å vere glad i deg sjølv! Det er SÅ viktig! Vi kan ikkje vere den beste for oss sjølv og andre, viss vi ikkje er glade i oss sjølv... Eg ynskjer deg lykke til vidare, eg heiar på deg!

      God klem,
      elin :)

      Slett
    2. Søte du! :) heilt enig. Sånn er det! Ein lærer slike ting best gjennom tunge tak og tøffe erfaringar, trur eg. Då har ein ikkje anna valg enn å begynna å tenka "på nytt" ang korleis ein oppfører seg mot seg sjølv!

      God klem tilbake ♥

      Slett
  2. Fantastisk flott Elin,du er kommet kjempelangt og har alll grunn til å være stolt av deg sjølv,stå på❤du er vakker og flink:)

    God klem fra Lillian

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Lillian! Du er som eg har sagt før, utruleg flink til å oppmuntre andre med kommentarane dine! Og eg veit at du er nok slik ellers i livet også? Eg håper at folk rundt deg, og du sjølv, innser dette! Hurra for deg!

      God klem
      frå Elin :)

      Slett
  3. Du er fantastisk! Du er så oppriktig og god. Beundringsverdig. Takk for ett innlegg til ettertanke <3
    Klem

    Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Mari! Og takk for alle andre fine ord du har lagt att her inne! Det betyr så mykje at nokon skriv ein kommentar når ein prøvar å vere så ærleg som eg er i dag. Ynskjer deg alt godt framover!

      God klem
      frå Elin :)

      Slett
  4. Men shit vad snygg du är! Och vilka vackra bilder. Det är ju tydligt att ångesten inte sitter i hur snygg man är, för du behöver verkligen inte skämmas för dig.

    Kram Lena

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Lena! Det er dattera mi på 13 år som har tatt bilda. Angst opererer uten hensyn til kven man er, eller korleis ein ser ut. Og dei fleste av oss klarer å skjule han godt. Men den er der. Det einaste som hjelper er å gå rett på, og gjere dei tinga ein er mest redd for. Det er i alle fall min metode!

      God klem
      frå Elin :)

      Slett
  5. Hei gode Elin!

    Så godt at du har nådd eit mål du har satt deg!!
    Det er kjempeviktig å ha noko å strekke seg etter..
    Og både modell og fotograf fortjenar skryt!!

    Eg har pause! Livet er ikkje akkurat nokon dans på roser..
    Det er i allefall mange piggar..
    Men akkurat deg må eg innom då veit du..
    Stor klem frå Sigrid

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Sigrid! Har ikkje fått til å poste kommentarar hos deg siste veka? Prøvde på ny no!

      God klem,
      elin :)

      Slett
  6. Hei .. Bloggen din er så inspirerande :))) veit du ikkje fiska etter komplimang men du er så vakker på bilda :))) stå på og lykke til vidare :) klem Jill (fast lesar :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Jill!
      Det viktigaste er det vi har inni oss sjølve...

      god klem,
      elin :)

      Slett
  7. Flotte bilder av ei snasen dame! Det er vel mye hjelp i å bli fotografert av noen man føler seg helt trygg på? Ser at dattera har estetisk sans og fotoblikk, som sin mor...

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Pia!
      Heilt klart greit at det var Synne som var fotograf, og vi lo veldig!
      Vart nokre mindre heldige poseringar kan ein seie...

      Og ja; ho er flink, kun 13 år!

      klem,
      elin :)

      Slett
  8. Flotte billeder af dig...du er en meget smuk kvinde Elin..:-)
    Jeg har altid gjemt mig væk når det skulle fotograferes. Min stefar gav mig så dårlig selv tillit da jeg voksede op og blev altid sammenlignet med mine 2 yngre søstre. Som begge to er smukke kvinder..
    Så når jeg en gang i mellem kom med på et billede klovnet jeg...det gør jeg den dag i dag.
    Det vokser jeg aldrig fra tror jeg og nu kan det være ligemeget ...nu er jeg så gammel og trett..;-)
    Jeg tror du nu er ved at kunne se at du ingen grund har til at gjemme deg vekk, tvertimot..:-)
    Dyktig fotograf du har der...:-)

    Stort kram fra Lisbeth

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Lisbeth!
      Skulle ynskje at eg kunne fått ta bilder av deg!
      Kjenner igjen det med å vere klovn. Har vore slik
      sjølv. Eller å ikkje skulle smile... Har funne ut at det er smart
      å ta maaange bilder! Så er der kanskje eitt som er ok? ;)

      God klem,
      elin :)

      Slett
  9. Kjempefine bilder Elin....har samme skrekken jeg og......kan ikke si jeg liker å bli tatt bilde av...men det skjer...:)
    Så tøff du var som sto å pratet foran en forsamling...den skrekken har jeg og:)
    Ha en fin søndagskveld..
    klemklem

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Elin!
      Her er det seriøs jobbing for å kome
      over angst og fobiar! :) Går beint på!

      God klem,
      elin :)

      Slett
  10. Du inspirerer og du er tøff:-) beundringsverdig er det :-) takk som deler - og stå på! Tøffe bilder - du ser jo så ung og sprek ut :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk!
      Er jo ganske sprek, men ikkje så ung ;)

      Ha ei fin veke!
      klem,
      elin :)

      Slett
  11. heja dig! Fina bilder på vacker tjej. kram Nilla

    SvarSlett
  12. Kjempebra foredrag du holdt! Og flink du er blitt til å vere modell. Eg ventar stadig på å få ta bildene eg har masa om i årevis!!!! Fine var di. Du er så flott:)

    Ha ein fin kveld!

    Klem Marianne

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Marianne! Vart ikkje slik eg tenkte det foredraget, korta ned veldig. Men det var kjekt å gjere det! No er det din tur! ;) Eg har framleis ingen kjempehunger etter å bli tatt bilder av... Men det er på det næraste når Synne trår til.

      god klem,
      elin :)

      Slett
  13. Du slipper ikke helt unna da Elin, for jeg synes bildene av deg er rålekre! Stilig dame er du. Men jeg kjenner desverre tankegangen din så altfor godt. Min største utfordring nå er å klare å ta tak i slankingen igjen for det er noe jeg trenger. Etter at jeg slutta å røyke i september så har det sneket på seg 7-8 kg igjen og de trenger jeg ikke for å si det sånn. Men jeg er fryktelig stolt av at jeg har klart å slutte med det da:)
    Jeg har give away på anneksbloggen nå. Bli med da vel:)
    God klem fra meg:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Elin :)

      Det er veldig lett å legge på seg igjen... Og viss du har slutta å røyke, så forstår eg at det er ekstra vanskeleg! Men HURRA for at du har klart det! Tenk så viktig det er for kroppen din!

      Største klemmen!
      Elin :)

      Slett
  14. Hei på deg :) Ja, dette med å vera glad i seg sjølv er ikkje alltid like lett. Men fy søren, det er viktig! I forrige veke tok eg opp att Tankefelt Terapi, dette fordi eg i ein lengre periode ikkje har følt meg god nok. Det har vore så ille at eg har vondt i magen kvar dag når eg vaknar, og vaknar sjølvsagt grytidlig for å grua meg for alt som eg ikkje kan fordi eg er så evneveik. Ein skikkelig utidig spiral å komma inn i det der, med lute skuldre, dødt hår, dødt blikk og ltie å gi andre. Men no spant eg ut att frå den destruktive spiralen på fredag, har det i alle fall myyyykje betre no, med enkle grep, og håper at det fortsetter. Har ein time i slutten av mai som livbøye ;-)

    Kva har du gjort for å jobba deg utav det?

    Klem ELi

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjære Eli!
      Er det ikkje trist at flinke, oppegåande damer skal plagast med slike tankar? Men det er kjempeviktig å vere ærleg om det! Trur at dei fleste problem minkar, med ein gong ein tør å snakke om dei? Eg har lagt om kosthaldet, og fått mindre smerter. Dette gjorde at eg klarte å trene igjen. Og med treninga kom livsgleda igjen. Eg er veldig avhengig av å vere ute, kjenner meg så levande då. Mentalt byggjande for meg. Ellers har eg klart å arbeide igjen, ikkje så mykje, men nok til at eg kjenner meg meir verd i samfunnssamanheng. Og så har eg vore sosial, engasjert meg meir i fotoklubben eg er medlem av, og tørt å seie meininga mi igjen. Det er små skritt, men skritt i rett retning!

      Eg ynskjer deg lykke til vidare Eli!

      God klem,
      elin :)

      Slett
  15. Elin

    Du burde absolutt stå oftere foran kamera.
    Flott bilde.
    Lykke til!

    Klem

    SvarSlett
  16. Vakker du er, Elin♥ Innlegget var personlig og fint. Lykke til med 2013....mitt år skal preges av det samme!

    SvarSlett
  17. Takk Lisette! Håper du lykkast med alt du prøvar på!

    God klem,
    elin :)

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!