...

torsdag 4. oktober 2012

Heksejakt?

 
 
 
Eg har uttala at bloggen min ikkje er ein stad eg skal meine så mykje. Eg har ein tendens til å meine ein del privat nemleg. Det er nesten godt at Draumesidene ikkje er ein stad for politiske diskusjonar og ueinigheit. Men i dag må eg berre. I fleire mnd har eg lest innlegg og andre skriftlege uttalelsar om kor gale det er at interiørbloggarar framstiller liva sine for sukkersøtt og perfekt. Eg veit ikkje heilt om eg skal føle meg truffet, men eg reknar med at det er folk der ute som kan tenkje det om bloggen min også. Spesielt folk som er sporadisk innom, og som ikkje kjenner meir til historia mi og grunnen til at eg starta å blogge.
 
Eg skal gjerne innrømme at eg også er innom bloggar som eg les om i media, og hevar augnebryna og ler for meg sjølv. Det finnes mykje rart rundt omkring. Jada. Det eg uttalar meg om her i dag, er interiørbloggar, skrevet av godt voksne damer og menn, som har etablert seg og gjerne er godt over tretti år. Det er nemleg denne gruppa eg kan uttale meg om. Det er desse bloggarane eg har med å gjere.
 
Kritikken går på at det er for perfekt i husa, det er for stor grad av lykke. Matpakkar og mat ser for bra ut. OK. Når eg les interiørbloggar er det for å finne inspirasjon til eiga blogging og interiør, eller i tillegg at dei som bloggar er kvinner og menn eg ser opp til, og som eg har blitt vener med på nettet. Eg er veldig innhabil når eg tek tak i dette, men eg har lyst å belyse det
frå min ståstad.
 
Det blir hevda at spesielt kvinner føler press etter å ha lest bloggar. Kjenner at dei ikkje er bra nok, og at dette er eit skritt tilbake for kvinnekampen. Eg kjenner meg verkeleg ikkje igjen! Eg meiner at ein må ha rett til å gjere sitt beste utan å gøyme seg unna og vere flau over at ein oppnår gode resultat? Er det ikkje det vi har rett til som kvinner? Har eg misforstått? Eg har brukt delar av "mitt friske liv" til å dysse ned overfor andre at eg klarer ting som kvinne. Eitt av mine mål er å kunne vere stolt over det eg faktisk klarer i framtida!
 
"Men selv om bloggerne har mye å tjene på å vise frem glansbildeversjonen av livene sine, er de like fullt med på å øke presset på andre kvinner fordi de stadig tøyer strikken for hva som anses som normalt og oppnåelig. Pent danderte sukkerbomber, velfriserte hjem, nystrøkne barn og rolig hjemmeliv med god tid og lun stemning publiseres i hopetall under påskudd av å ville inspirere andre. Men når det blir mange nok slike perfekte historier er de ikke lenger inspirerende, da blir de en forventet normalitet." utdrag frå NRKkronikk
 
 
Eg har lyst å fortelje om nokre kvinner i Storfjorden, her eg bur. Tilbake på 1600-talet var det mykje trist som hende. Svartedauden herja, det vart mykje kriminalitet, og mange drap. Kyrkja trong nokon å skulde på. Og plutseleg fanns det hekser. Når vi les om hekser i eventyra, er dei gjerne stygge med ei vorte på nasen. Her i fjorden var heksene vakre, sterke kvinner. Kvinner som var flinke med buskap og avlingar. Gjerne litt ekstra kunnige med medisinar og avkok både til folk og dyr. Kloke kvinner, som sikkert hadde hatt gode jobbar og mykje makt i dagens samfunn. Desse fekk plutseleg skulda for alt som var gale. Og folk heiv seg på skuldingane, fordi dette var kvinner veldig mange var misunnelege på. Kvinner som stakk seg fram og sa meiningane sine, og som mange også såg opp til, og oppsøkte når dei trong hjelp. Plutseleg var der ei unnskyldning til å få dei bort. Og anklagene hagla. Det var for flott på gardane deira, dyra deira var for feite og formerte seg raskare enn hjå andre. Kvinnene var for vakre, og for sett opp til. Dei vart syndebukkane.
 
Kanskje ei litt for dramatisk samanlikning, men du skal liksom ikkje lykkast for mykje. Til det er Jantelova for hard i vårt fura vèrbitte land. Eg har følt kritikken stryke tett om øyrene i tidlegare år, dersom ein meiner for mykje og tør å drøyme og gjere nye ting. "Heksejakter" har vi desverre i 2012 også. Dei foregår blant oss heile tida. Er det ikkje lett å angripe menneske som er litt for perfekte, fordi gjennomsnittsmannen/kvinna ikkje kan oppnå slike resultat? Vil det då seie at vi ikkje skal utsetjast for dette, fordi vi er så fragile at vi ikkje taklar andre sin suksess? Og kor mange er det snakk om i bloggsamanheng egentlig? Er det topp 100 på blogglistene, eller er det alle som aldri viser rot på bloggane sine? 
 
Husk at eg skriv om interiørbloggar skrivne av ganske vanlege menn og kvinner. For kritikken slår breitt ned, slik at alle kan føle seg truffet. Om ein har ti, hundre eller tusenvis av lesarar for dag. Om ein er kjendis eller ikkje. Det å velge å lese bloggar er ganske friviljug. Og eg tenkjer at dei aller aller fleste av menneska rundt oss er så oppegåande, at dei klarer å skilje mellom røynda og fantasien. Eg trur veldig mange les bloggar for å flykte vekk frå det ein har rundt seg til dagleg. For å bla litt i ein internettkatalog med underhaldning. Omtrent som å lese i sladderblada. Der er så enormt med underhaldning og informasjon tilgjengeleg der ute. Og som vi gjer ulike valg ellers i liva våre, gjer vi det også når vi vel underhaldning. Men at ein stor andel som les interiørbloggar tar skade av dette, DET tviler eg på!
 
Eg har kjempa i tre år for å bli ein bedre fotograf. Eg har klart å ta nokre kurs, og har eit lysande mål i framtida om å bli så frisk at eg får jobbe med dette. Og skriving. Eg er pr.d.d. freelance i periodar der ryggen gjev meg litt slakk. Det å lage innlegg på bloggen held meg i gang i tunge periodar. Men bloggen gjer også at eg anstrenger meg for å vere best mogeleg i det som interesserer meg fagleg. Eg finn det då heilt feil å gå ut og beklage at mange synes bilda mine er fine å sjå på! Og det at eg likar å ha det ryddig rundt meg, synes eg heller ikkje at eg skal måtte skjule? Eg er så glad kvar dag eg klarer å ha det nokonlunde i huset mitt! I periodar må dei andre ta seg av alt av rydding, fordi eg ikkje klarer å bevege på meg. Ein annan ting er at rydding er gratis, det kostar ikkje så mykje å vaske heller. Folk kan gjere det viss dei vil, dei aller fleste.
 
Eg veit som sagt ikkje om eg har ein slik blogg kritikarane er skeptiske til. Kanskje har du som les dette ein slik blogg? Eg trur mange av dei som les dette har lagt ut status på FB, twitter og andre sosiale medier, om korleis du har det? Det er kanskje ikkje bilder der, som beviser tilstanden. Men eg ser at mange får pes for dette også; at dei er for lukkelege. Framstår som "bedre" enn dei er. Er det så gale? Er det ikkje greit at folk strekkjer seg etter noko meir? Ynskjer å vise det som er godt i liva deira? Om det så er å ha vaska badet eller tatt opp 100kg poteter? Eg kjenner etter kvart mange som er uføre, som har store smerter i kvardagen sin. Og alle uttalar at det er viktig å fokusere på alt som er positivt, dei dagane livet er vondt. Det kan eg skrive under på. Er det ikkje slik når ein er frisk også?
 
Kanskje kritikarane skulle gjort heimeleksa si litt bedre før dei gjekk ut og ropte? Kanskje dei skulle vere klar over at dei kan ta luven frå folk som gjer sitt aller beste for å vere stolt over kvardagen sin? Her er så uendeleg mange lag av interiørbloggarar, medan dei som skriv tek alle under eitt. Det er mange av oss, og vi er forskjellege. Og til deg som les interiørbloggar; gjer samfunnet ei teneste med å vere kritisk! Det vil alltid finnast alt mogeleg rart på nettet. Det er du som lesar som set standarden for om den som skriv skal ha lesarar! Om du står opp i gryotta for å figurkoke egg til barna dine, fordi du synes det er fint og greit, OK, det er ditt valg. Men viss du gjer det fordi du trur dette er ein vesentleg detalj i det å skape lykke, er eg redd du tek feil. Det eg prøver å seie, er at dersom du kjenner at du blir deppa av å lese ein blogg og leve opp til det du ser der, er det på tide å slette denne frå favorittlista di! Det er også ditt valg!
 
 
Og til andre bloggesøstre og brødre der ute;
vi treng ikkje vere skamfulle fordi vi underheld andre! Men
putt gjerne inn litt kvardagsgruff innimellom, så folk ser
at vi er av vanleg kjøt og blod! Det er tydelegvis
eit kriterium for at folk skal forstå at ein
ny hekseprosess er unødvendig.
 
 
 
 
Elin
 



27 kommentarer:

  1. Vi tek eit val når vi bloggar.
    Kva vil vi formidle til dei rundt oss? Du har ein vakker blogg :-)
    Tek vakre bilete etc. Og sjølv om eg ikkje kjenner deg personleg veit eg at du er vakker i deg sjølv også. Kvifor skulle det vere gale? Eg heiar på deg. Gler meg til kvar gong du legg ut nye bilete og innlegg! Og den som les har også eit val.. viss ein vert dårleg psykisk ved å gjere noko bør ein berre halde opp med det..
    Nei takk til Heksejakt! Ja, takk til ei mengd med bloggar som inspirear og også til dei som velge andre måtar å blogge på!

    Ha fin kveld kjære bloggvennine♥

    SvarSlett
  2. Hehe...knallbra skrevet !!!
    Det er jo ofte sånn at man vil ikke at andre skal ha det bedre enn en selv.
    Misunnelse og latskap ligger som regel bak.
    Jeg bryr meg ikke noe særlig om hva andre måtte mene om det jeg blogger om,jeg gjør det for min egen del.
    Terapi!
    Jeg liker å ha det ryddig rundt meg, jeg liker å skape og jeg liker å fotografere...
    Ikke særlig flink, men jeg liker det.
    Mat-og familieblogger styrer jeg unna, det er kreativitet i interiør osv som interreserer meg.
    Jeg er på stadig søken etter inspirasjon.
    Og jeg er handy...jeg gidder tilogmed å være det.
    Joda, vi hadde nok blitt brent på bålet.Både du og jeg :o)))

    SvarSlett
  3. Du kan få sagt det Elin! Og eg er så enig, så enig!
    Eg les blogger som gir meg noko.. Som er godt skrevet, har fine bilete, som inspirerer.. Fine, ryddige bilete gir meg noko... Men eg tar det som ein sjølvfølgje at det ikkje ser ut som på bilda, til ei kvar tid ;)

    SvarSlett
  4. Bra skrevet:-) Det er farlig med ambisjoner i dette landet! Som du skrev tar de alle under en kam. De har iallefall ikke lest min blogg hvor jeg skriver både om hybelkaniner, søvnmangel og uoppdragen husbonde til tider:-)

    Jeg synes du har knall fin blogg og flotte bilder stå på!!

    SvarSlett

  5. Du skriv verkeleg godt og tek flotte bilete.

    Er så einig med deg - vi vel sjølv kva vi vil lese og sjå.
    Eg tenkjer at skal eg sjølv ha det godt, må eg kunne unne andre det same. Det gjer eg -og det gjer meg glad!

    Takk!

    SvarSlett
  6. Det er så flot skrevet Elin..:-)
    Jeg er ikke selv en der laver nye indlæg så tit da jeg er afhenging af at min datter fotograferer.
    Min blog er en blanding af det hele. interiør som jeg altid har elsket, mine dyr som jeg elsker højt og haven som nettop nu ligger i "ruiner".
    Jeg nyder mange dejlige blogger om mange emner og det er ikke noget emne der er dårligere end andre.
    Desværre er vi mennesker så smålige og har svært ved at andre har sucess.
    Jeg kan se det på dyresidene hvor folk som elsker dyr og at hjælpe dem har et veldig lite hjerte når det gjæller mennesker..:-(

    Jeg elsker at se dine flotte billeder og synes at du er en super dygtig fotograf.
    Du er en stor inspiration for mange mennesker så bliv endelig ved...med at være DIG!

    Kæmpe klem fra Lisbeth

    SvarSlett
  7. Heisann,
    jeg bor vel ikke i Norge, er ikke norsk, men elsker alt som er "der oppe hos dere".
    Skjønner problemet ikke helt. Har det nokko å gjøre med Jante og "du skal ikke tro du er noe..."?
    O.K., bloggene har fine bilder, fine mennesker, fine hus, fine møbler,....!
    Og? Akkurat derfor klikker jeg. For å se nettopp dette. Og jeg VET at de fleste bloggerne har det ikke altid sånn som på bildene.
    Og?
    Jeg kjøper jo heller ikke interiørblader for å se skittne slite hus?
    Neida. Jeg er veldig glad for at jeg fant veien tol å lese blogger og å blogge selv. Det gir meg mye og hvis det gir litt til andre også- hva vil jeg mere?

    Gjør det videre det du gjør. Jeg gleder meg over hvert nytt innlegg

    Hilsen
    Suse

    PS: Beklager norsken min. Har ikke så mye anleddning å snakke...

    SvarSlett
  8. Så sant, hver ett ord Elin!
    Vi som blogger velger hva vi vil vise.
    Bak bilde og utenfor utsnittet finnes ikke alltid det like perfekte, så enkelt er det jo bare, fatter ikke at folk ikke kan forstå det! De som leser velger hva de vil lese. som du så sant sier, blir man deppa og føler seg underlegen på grunn av en blogg... slutt og les!!
    Man sitter vel ikke å tvangs ser en skrekkfilm hvis man blir livredd av det!?
    Takk for ordene :)

    Klemmer

    SvarSlett
  9. Så bra skrevet!
    Norge er jo god på janteloven, men jeg håper og trur at den er på veg ut av landet! Jeg er ny blogger og har ikke angret en dag på at jeg startet med blogg. Det er så mye inspirasjon å hente gjennom andre! Min kreativitet i yrket hadde nesten begynt å skrante inntil jeg tok tak i interessene mine og fikk min egen blogg. For å si det enkelt, inspirasjonen og kreativiteten kom tilbake og den holdes ved like gjennom blogging. Til og med mange års skrivesperre, er på veg bort!

    De som syter og klager, kan finne sin egen arena: janteblogg eller no. Vi kan stå for interiør, hjem og innrednig, så kan "de andre" holde på med sitt! Fritidsproblemer!

    Jeg leser sjeldent så lange tekster på blogger, men denne grep meg! Stå på!
    Klem til deg
    Monica- Twist

    SvarSlett
  10. Virkelig bra skrevet Elin!! Er så enig så enig, og fikk litt ny lærdom om heksejakt på kjøpet!
    Fin helg til deg og dine, klem fra Tone

    SvarSlett
  11. Helt enig i alt du skriver! Kvinner burde støtte og oppmuntre hverandre, heller enn å prøve å dytte hverandre ned, for ja - hverdagen er egentlig krevende nok for de fleste av oss uansett. Hvorfor skal man bruke egen blogg til å ramse opp egne feil og mangler, i stedet for å vise frem det man får til? Eller at det er greit å bake cupcakes, bare man gjør det med en "ironisk distanse" eller unnskylder seg på en eller annen måte. Når denne debatten om livsstils-/mamma- og interiørblogger har pågått såpass lenge nå, skulle jeg egentlig likt å se en skikkelig spørreundersøkelse blant blogglesere om de faktisk føler seg "truet" av å lese blogger, eller om dette bare er en problemstilling som er konstruert av noen svært få synsere... Én ting som heller ikke blir nevnt i debatten, som jeg har tenkt en del på, er at interiør og hva som er trendy er blitt "demokratisert" etter at bloggene kom, i motsetning til før, da det mer var bladene og trendekspertene som styrte folks preferanser. Jeg vil hevde at det i større grad nå gir like mye "cred" å innrede med rimelig interiør som dyr design; så lenge man til en viss grad er litt original og finner en personlig vri. Ønsker deg en god helg, forhåpentligvis med god rygg :) Klemmer

    SvarSlett
  12. Så bra skrevet Elin!
    Jeg kjenner at jeg er SÅ lei alt som har med dette og gjøre... og jeg skjønner ikke greia...??
    De som ikke liker og lese om det vi skriver må da bare holde seg unna - jeeezuz, værre er det da ikke, hehe:)

    En med matblogg legger da ikke ut brente brød og flate kaker - og vi legger da ikke ut bilder fra de delene av huset som er rotete, møkkete eller stygge - thats life!
    Take it - or leave it, det mener nå jeg:))

    Ha en fin kveld Elin ♥

    SvarSlett
  13. Heia gode Elin :-)
    Klem Tove

    SvarSlett
  14. Eit klokt innlegg, synest eg!

    For nokre år sidan fekk eg ei viktig innsikt av ei venninne: Vi menneske samanliknar oss med summen av alle andre. Viss venninne A er flink til å trene, venninne B har det utruleg flott heime, venninne C har tidenes karriere og tenar ein million, venninne D ser ut som ein million og venninne E slår Eyvind Hellstrøm ned i støvlane på kvardagsbasis, då skal det godt gjerast å måle seg med alle desse - samtidig. *Ingen* kan vere alt. Og det er det vi treng å formidle, tenkjer eg, til borna våre, til dei rundt oss som vi ser strevar og heng i stroppen.

    Og det går an å ha to tankar i hovudet samstundes: JA, vi skal streve etter å vere så gode som vi kan, på dei områda som gir oss og dei rundt oss glede! Og JA, vi skal gje oss sjølve slækk på det andre.

    Og så skal vi minne oss og kvarandre på at ingen kan vere alt. Om eg kan gjere det i bloggen min, med humor eller som hjartesukk, så gjer eg det. Men om ein har lyst til at bloggen skal vere ein fristad frå alt som ein ikkje synest at ein strekk til på, ja, så må jo det og vere lov!

    Helsing ein utflytta sunnmøring - med smulebonanza på kjøkkenet men fargesortert bokhylle. :)

    SvarSlett
  15. Har ikke vært inne på bloggen din før, men fant den via Feien & Fjong. Først vil jeg si, for en utrolig inspirerende og flott blogg du har.

    Jeg har ikke blogget lenge, men var en av de som gjorde litt narr av "interiør og bolleblogger". Det skyldtes egentlig litt sjalusi. Jeg også vil ha det finere hjemme. Jeg også vil lage matpakke med hjerte på til sønnen min. Men det gjorde jeg ikke. Etter jeg startet å blogge, så fikk jeg mer motivasjon til å ordne hjemme, til å lage ostesmørbrød med smilefjes og det ga meg rett og slett mer energi til å gjennomføre prosjektene min.

    Så hvis folk blir sjalu istedenfor å hente inspirasjon fra bloggerne, så er det egentlig kun deres eget problem. Jeg har kastet janteloven. Det er lov å ta fine bilder, og være stolt over den fine kaka man har laget. Dermed basta.

    Ha ei fantastisk helg!
    Hilsen Ingrid

    SvarSlett
  16. Fantastisk godt skrevet!!!!!
    Stor klem

    SvarSlett
  17. Flott skrevet Elin :)
    Ønsker deg ei strålende helg og venter på nye innlegg som gir ny inspirasjon til oss leserne :)

    SvarSlett
  18. Jeg er en av de som ikke blogger selv, men er absolutt hekta på å lese andres.Jeg er også storkjøper av interiørblader, koser meg med disse som andre leser avisen eller en god bok.Og de varer leeenge.Tror ikke det hadde vært så spennende og ikke minst inspirerende om bildene var fulle i rot og forstyrrende elementer.Har nok rot selv,jeg vil drømme meg bort....Det er som med julekortene,vi meddeler alltid om alt det kjekke som har hendt i løpet av et år, men ingen tror vel at livet er like rosenrødt hver dag for det.Fortsett i samme leia du Elin,jeg stikker stadig innom til deg. Klem fra Kari

    SvarSlett
  19. Blir så oppgitt nåe jeg leser sånne meninger som du refererer til her.. Huset her står for det meste på hodet egentlig, med 2 små barn, og masse opppussing som pågår. Men det er da ingen som er interessert i å se bilder av alt rotet??!! Og hvor interessant er det å lese om at jeg i dag tidlig for ørtende gang måtte minne min datter på hvor klærne hennes bfinner seg når hu skal kle på seg om morran? Nei, folk er smålige og sjalu, og takler ikke at andre kan være flinke, få til noe, og at man ønsker å dele dette med resten av verden. Hvis de føler seg så stressa av bloggene, så får de bare slutte å lese!

    SvarSlett
  20. Hey Elin. Jeg er en leser fra Island. Jeg trot dine bilder giver meg inspiration til mit hjemme. Du har flere kvinder her pa Island som kikker pa dit blog hver dag.
    Hilsen
    Kristin

    SvarSlett
  21. Har oppfattet at det finnes slike meninger rundt om jeg også, og fra før jeg begynte blogge og helt til nå i dag, har jeg sett og lest innlegg på blogger, der bloggerne har følt at de har måttet vise virkeligheten. Har lurt på om jeg skulle gjøre det samme jeg også, for de som kjenner meg vet jo at jeg ikke har et perfekt hjem. Jeg har hittil ikke gjort det, men har sagt flere ganger muntlig, at jeg ofte rydder der jeg skal ta bilde, og at det kan være veldig rotete omkring ellers i heimen. Kanskje lager jeg et slikt innlegg en gang, for det kan godt hende at noen tror at jeg prøver å gjøre meg bedre enn jeg er, mens for meg er bloggingen blitt en koselig hobby der jeg treffer andre som er interessert i det samme som meg, og så prøver jeg som du å bli flinkere til å fotografere, bloggen gjør også at jeg kanskje får gjort ting jeg har lyst til litt raskere enn jeg ellers ville ha gjort.
    Og ja, jeg blir inspirert av andre blogger; hvis jeg ser noen har laget en høstkrans f.eks så kan jeg lettere gå i gang med å lage den kransen jeg har gått å tenkt på ei stund, og tenke at det ikke er så vanskelig, hun har fått det til, det er bare å ta seg tid osv.
    Positivt synes jeg, ikke noe press for min del, og enig med andre her, de som synes de blir presset av å lese blogger bør finne på noe annet å gjøre ;-)

    SvarSlett
  22. Wow, dette er et flott innlegg! Takk for at du setter ord på dette, jeg er så enig så enig!

    SvarSlett
  23. Bra skrive, Elin.

    "Amen" kan vel passe seg etter dette innlegget :)

    -Randi-

    SvarSlett
  24. Hei!
    Kjempegodt skrevet innlegg! :)
    Jeg syns bloggverden er en raus verden, hvor folk deler av sine ideèr, kunnskap, kompetanse, kreativitet mm. som gir meg mye inspirasjon! Både i forhold til interiør, matoppskrifter, ting man kan gjøre sammen med barna, mote, hobby ++. Og hvis enkelte føler press etter å ha lest slikt, så bør de heller holde seg unna! Er nok kanskje ikke press de egentlig føler mest av, er vel helst tante Jante med det lille grønne kjæledyret sitt Sjalusi som har stukket innom! ;)
    Jeg liker ihvertfall de flotte bildene dine og du er til stor inspirasjon for oss andre!

    SvarSlett
  25. Akkurat oppdaga bloggen din, og jeg bruker leser blogg akkurat som du beskriver; til glede og inspirasjon og avveksling. Jeg er dessuten akkurat så voksen at jeg for det første lett ser hva som er ting jeg kan få til å gjøre noe med selv, og jeg regner dessuten med at det er helt vanlige mennesker som har disse bloggene. Vanlige mennesker med alt det medfører i livets uutholdelige letthet;)

    SvarSlett
  26. Tusen takk for ett fantastisk innlegg!! Og jeg kjenner meg så godt igjen i alt du skriver - fra holdninger til hvordan jeg koser meg med bloggingen på de dagene kroppen og helsa mi spiller på lag, og jeg er istand til det. Jeg kunne ikke vært mer enig, så jeg tillater meg å dele dette på fb-siden mi.
    Ønsker deg fantastiske oktoberdager, og nok en gang: Tusen takk!!
    Titti-klem!!

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!