Siste oktober... Ein månad igjen til julemånaden. Vi gleder oss alle saman. Eg skal lage til nokre saker i løpet av 4 neste vekene. Har kjøpt inn ein julekalender frå Kremmerhuset, som eg skal øydeleggje... ;) Den skal ikkje hengje oppe til desember, men ville berre tipse om at du kan finne den i kvitt og grått in stores now.
Har fått ein del spørsmål om den "nye" kråa på kjøkkenet. Skåpa er frå IKEA, og frontane kjøpte vi svarte for mange år sidan. Eg har måla skroga lysegråe i front, og sett på lærreimer frå TineK (Ølen Møbel). Eg har brukt muttrar for å feste reimane til dørene, for å få ein litt rå look. Fekk hjelp frå ein lærmaker til å ta hol i læret.
Kjøleskåpa er 13 år gammal, av merket Gram. Huskar for eit styr det var å skaffe kvitevarer i stål den gong då. Det var ein kar på ein elbutikk i Ålesund som fortalde meg at stål; det kom ALDRI til å slå an... Ja, ja. Dette var tilbake i 1999. Vi fann til slutt både kjøleskåp, ovn og takbelysning i stålutførelse. Vi har aldri angra på at vi brukte tid på dette.
Klemmene på kjøleskåpdøra med magnetar er frå Granit.
Bilda har eg printa ut sjølv på matt fotopapir.
Konglehjertet er frå OiSoiOi,
og er venta inn igjen på Herlighet i Ålesund (Moa) før jul.
Eg har eitt til som er mykje større. Må nok ned i
kjellaren og finne det fram snart?
Lampen som heng i kjøkkenet pr.d.d. er frå Palma,
dei to som er på bilda i VH&I er heimelaga.
Lyslenkja er frå Åhlens, vi merkar at det har blitt
tidlegare mørkt! Herleg med slike
lys i mørke kveldar!
Tusen takk for alle fine kommentarar!
You`re the best!
Elin