...

søndag 13. november 2011

DIY oppskrift på drivvedstjerne




Her kjem ei oppskrift på korleis eg lagar stjernene mine. Det minner om når vi lærte å lage sjerner på barneskulen? Prinsippet om å lage ein trekant, og så lage ein trekant til opp ned på den første.






Du kan rett og slett leggje to trekantar opp på kvarandre, den eine med flat side ned, og den andre med spiss ned. Surr med streng i hjørna, og deretter i krysspunkta der pinnane tek saman. Stjerna i headeren min er sett saman på denne måten.

På stjerna eg laga i dag, putta eg kvistane litt over og under kvarandre, og det vart veldig fint!
Dette gjekk an, fordi kvistane ikkje var heilt rette.


Og stjerna du ser på øverste bildet, gir eg vekk til ein
følgjar :) Legg att kommentar
HER, og bli med i trekninga!



Elin


lørdag 12. november 2011

Eg gir bort ei DIY drivvedstjerne :)


Trekninga er over :)


I dag har lillebror og eg vore på skattejakt i naturen. Nettet vårt vart fullt av furu og grankongler, og ikkje minst drivvedspinnar. Eg kjem til å lage nokre ting framover, og fekk lyst til å gi bort ei lita drivveds-stjerne til ein av følgjarane mine. Eg er veldig glad og takknemleg for at så mange har funne vegen inn her i det siste.

Ser at det er litt styr inne hos NIB, fordi mange meiner at soveromma i utfordringa er veldig like. Seks av ti bidrag skal visstnok ha "ved" i bilda sine. Eg er enig. Og skal eg vere heilt ærleg, er eg ikkje oppteken av å få stemmer heller. Det blir ein slik bismak når ein ser alle dei flotte bidraga som ikkje nådde til finalen. Eg kan godt gi min plass til eit f.eks. retro-soverom. Alle stilartar burde vere representerte. 

Men at greiner og drivved berre er til fyring; det er eg ikkje enig i ;)
Og viss du heller ikkje er enig i dette,kan du leggje att ein kommentar under dette innlegget,
og bli med i trekninga om ei Draumeside-stjerne :)



Bildet over er av prototypen eg laga i haust.
Den eg gir bort blir omtrent lik :)

Det er sjølvsagt lov å leggje seg til som følgjar,
og så skrive kommentar...


Nyt helga!

NB! Det kjem oppskrifter på ein del GjerDetSjølv ting i vekene framover!

Elin



fredag 11. november 2011

I finalen hos NIB :)



Kjære alle saman! ENDELEG kom Draumesidene med i ein NIB finale :) Eg har vore med på temmeleg mange utfordringar, og vore heldig å fått vist bildet mitt i bildegalleriet mange gongar. Men eg har aldri vore blant dei ti siste. Eg har sett over dei 20 som er i bildegalleriet, og er som vanleg ikkje enig i kven som til slutt havna blant finalistane. Slik er det alltid. Eg vil hevde at der er fleire som fortente å vere med meir enn meg i alle fall. Så får dokke andre gjere dokke opp ei eiga meining. Reagerte veldig på ein av begrunnelsane til kvifor eit bilde var valgt. Men det er no ikkje mitt problem, når eg tenkjer meg om...


 Likar du bildet frå soverommet mitt, og vil gi meg di stemme, kan du trykkje
HER for å kome inn til NIB :)






Kjekt at sengegavlen med fjøler frå tippoldeforeldra
mine sitt hus fall i smak hos juryen :)


Elin


torsdag 10. november 2011

Vinterpynta på terrassen





Pledd frå Anouska, Herlighet



Kopp frå Indiska


Lykt frå Kremmerhuset, hjort og naturkransar frå Herlighet.





Heldige meg fekk nyte ein kopp te, og lese Alt i Hemmet nr.13 i novembersola på terrassen. Veldig fint blad! 
I fjor var det kaldt og snøv på denne tida. Eg må innrømme at eg setter VELDIG stor pris på at vi har draumedagar her i Nordvest, med sol og mildvèr kvar dag. Godt for kropp og sinn!

Har investert i to reinsdyrskinn, fantastisk varme og fine!
Håper du også kan få oppleve slike dagar, sjølv om mørketida inntek landet
vårt dag for dag. Forresten: eg elskar å sitje ute stjerneklare
 kveldar også! Det gjeld å sjå det vakre i alle årstider...

Elin

onsdag 9. november 2011

Oppdatert vareinformasjon (må gjerne få ting forklart to gongar...) :)



Ja då er vi tilbake på soverommet. Eg har prøvd å gjere heimeleksa mi litt bedre i dag, og håper å kome med meir sannferdig vareinformasjon. Aller først; hjorten på nattbordet er frå House Doctor. Framleis kjøpt på Herlighet i Ålesund. Likedan lyslenkja over sengegavlen, frå same butikk og leverandør. Lenkja går på batteri, med sånne fancy pærer som ikkje brukar så mykje energi. Var det LED lys mon tru (OK, held på å dette av lasset allereie, igjen?) Stjerna har eg laga sjølv av drivvedspinnar frå fjøresteinane. Eg har laga to trekantar, og surra endane saman med tjukk streng. Du kan sjølvsagt bruke tau/hyssing også. Veldig dekorativ, og enkel å lage!



Oppi korga frå Broste (det var rett) kjøpt på Herlighet, heng det eit lekkert hjerte frå Walther & co, kjøpt på same staden. I tillegg ligg det strikka julekuler der, kjøpt hos Kremmerhuset.



No er eg vel snart ferdig vel? Putene har kome ned i sofaen på stova, dei er herleg vinteraktige, og heilt ulike alle dei andre putene eg har frå før. (og det er jo snakk om nokre eksemplar det då...) Den med fototrykk minte meg så veldig om bilder av pappaen min på 40-50-t. Det var difor eg fall pladask. Det står "Gledelig Jul" på ein lapp i det eine hjørnet, men den vurderer eg å fjerne. Denne puta skal få vere i stova til påske! Du finn henne på Kremmerhuset. Den andre berre ropte etter meg, og ville vere med heim frå Herlighet. -ta meg med Elin! Heilt sant... Synes dei er fine saman. Pleddet, som eg har ute i stolen på terrassen, er også frå sistnevnte butikk.




For å få full oversikt over alle desse tinga, måtte eg innom Herlighet igjen i går kveld, og det skulle vise seg å bli interessant... Var jo eit par ting eg faktisk klarte å la vere å kjøpe på måndag, som stod og gret på borda når eg kom inn... Vel, det får eg fortelje om ein annan dag. Og viss nokon lurer på kvar all denne kjøpelysta kom frå, så er det så enkelt som at eg held på å selge gamle møblar. Eg synes eg har fortent litt shopping eg også?

Tusen takk for alle fine kommentarar! Og velkommen til ein liten,
søt flokk med nye følgjarar!
Hyggjeleg! Skal gjere mitt beste for å
oppretthalde blogginga fram mot jul! :)




`till we meet again...



Elin

tirsdag 8. november 2011

Bli med til havet...





Var impulsiv i ettermiddag, heiv born og fotoutstyr inn i bilen,
og køyrde ut til Sunnmørskysten og det storslåtte havet. Ei ny eventyrleg oppleving,
på få dagar... Frå fjell til fjord.. Sjølv borna vart bergtekne av inntrykka.
Vinteren blir kortare for kvar dag som går. Sola skin frå ein skyfri himmel,
og med 15 grader minner det meir om seinsommar enn november...


Elin



Produktinformasjon à la Elin :)



Eg lover stadig å bli bedre med produktinformasjonen min, men heng litt etter i svingane. Det er veldig greit å sende meg ein mail, viss det er noko du lurer på. Eg svarer alltid, om ikkje med ein gong, så svarar eg så raskt som eg kan :) Eg forstår sjølvsagt at mange lurer på kvar ting er kjøpt, eller kva leverandør tinga kjem frå. I går hadde eg nokre nye ting som skulle i bruk, og eg la lappane sirlig på kjøkkenbordet. No skulle Elinjenta verkeleg informere proft! Men i dag må eg innrømme at ting har gått litt i surr? For kva lappe var på kva produkt?



Hjort, lykt og stålkorg er kjøpt hos Herlighet på Moa, Ålesund. Lykta er frå Mille Moi, korga ser ut som om den kjem frå Broste, og hjorten stakkar, ja han kjem frå dei ville skogane... ;) Dersom nokon lurer, skal eg nok finne det ut? Herlighet bugna over av flotte varer i går, og eg vil nok ut igjen når julevarene kjem på plass. Ser ikkje bort frå at det blir nokre bilder frå utstillinga også. Det fine i år er at det finns så mykje fin pynt som passar heile vinteren, ikkje berre akkurat jul? Det synes i alle fall eg!

Dei strikka julekulene er frå Kremmerhuset.


Fleire bilder og opplysningar frå soverommet kjem seinare.
No må eg ut og nyte den vakre novemberdagen!


Elin




mandag 7. november 2011

Soveromsutfordring hos NIB - i siste liten :)
















Jammen bra at NIB har desse utfordringane, så ein får orden på eitt og anna rom ;) Eg har vore med
på soveromsutfordring før, men har vel kanskje vore gjennom ein x-treme makeover sidan sist?
Det nærmer seg desember og vinter. Det var også inspirasjonen til dagens bilder. 

Det blir jo også litt ekstra fluffing og stæsjing når ein skal ta slike bilder?
Eller er det kun eg som driv med slikt? (eller innrømmer det)
Kjekt er det i alle fall! Skal vere flink og informere om
kvar ting er kjøpt i seinare innlegg. Pleddet frå
Anouska/Herlighet er min vinterfavoritt!

(kunne faktisk brukt det som kjole!)
(LOVE!)

Sjå fleire bidrag i utfordringa hos NIB

Elin

søndag 6. november 2011

Indiska på Trollstigen, mine bilder!





 













Ein eventyrleg dag eg ALDRI kjem til å gløyme! Skulle gjerne vist fleire klede,
men forma mi er ikkje noko særleg for tida, så eg prøver å begrense meg i det kreative eg gjer.
Tusen takk til vakre og kjempeflinke Amalie, som ikkje hadde vore modell før... kven skulle tru det? Tusen takk også til Robin på Indiska Moa Amfi, som har trua på kreativiteten min! SÅ glad at eg vart kjent med deg Robin! Indiska har tilpassa varene sine meir og meir til eit nordisk klima, og butikkane bugnar over av bl.a.flotte strikkeklede.

Du kan sjå meir av Indiska sin kolleksjon HER.

Tusen takk for alle flotte kommentarar på innlegget før i dag
Kjekt å sjå at somme likar bilder på Draumesidene,
som ikkje er av interiør! Håper at du setter pris på
mitt forsøk på å vere nyskapande :)

Elin


photo by elin parr





Av ulike årsaker har eg valgt å bli Elin med fullt navn her inne på bloggen.
Draumesidene er ein interiørblogg, men av og til finn eg stor inspirasjon i å gjere ting som er litt annaleis. Som til dømes å låne ting frå butikkar og gjere dei om til min stil. Ser at lesartalet blir halvert når eg gjer slike ting, og det er jo litt ironisk, sidan eg sjølv har dobbel glede av slike bilder og prosjekt. Eg har pr.d.d. aldri tent ei krone på slike oppdrag, viss nokon lurte... Eg gjer det for min eigen kreative del. Seinare i dag kan du bli med meg og vakre Amalie på tur til Trollstigen, ein alldeles fasinerande fjellovergang i Møre og Romsdal, og eitt av Noregs mest besøkte turistmål. Synes at dette var ein passande setting for å vise klede frå Indiska?


Stay tuned :)



Elin



lørdag 5. november 2011

fredag 4. november 2011

DIY strikkapute, uten å strikke






Fekk ein mail med spørsmål om puta på bilda frå i går, om den var å finne på Indiska. Nei, er svaret. Puta er nemleg ein strikka hals frå Indiska som vi skal bruke på fotoshooten i morgen ;) MEN: sjølvsagt kan du lage ei pute av den! For 99 kroner, har du eit godt utgangspunkt! Putt ei pute inni halsen, og lag til saumar slik at den blir eit putetrekk. Du kan til og med sy for hand, gjerne med ein grov ulltråd. Denne kan vere i ein annan farge som passar til puta sin petrolblå nyanse. Det er lurt å vrenge halsen, og sy på innsida. Siste saumen må du ta etter at du har putta puta inni. Elendig forklart, I know :) Men it was worth a try...


Nyt fredagskvelden!


Elin




torsdag 3. november 2011

Elin, Indiska og førjulsvinter




Hesjestaur til å hengje opp ting på! Anbefalast!

Tomme rammer i klase med tråd i. Kvifor ikkje? TineK idè.



Hortensia frå Mester Grønn, LOVELY!





Hagestova er ein flott stad å vere, også mot jul...


Svolten fotograf, blir tid til kos også!
Og masse inspirasjon!


Eg er så kjempeheldig å få lov å vere kreativ ved hjelp av kolleksjonen til Indiska. Eg tok på meg eit liknande oppdrag i fjor før jul, resultatet finn du HER :) Indiska sett gjennom Elin sine auge. I år blir modelljenta mi større, og settingen ein heilt annan. Gleder meg til fotoshoot i helga! Ellers har eg shoppa litt til meg sjølv også, fall pladask for papirpynten som heng på veggen. Eg måtte også ha meg nokre nye koppar, og 3 vakre trefuglar som ein kan hengje opp. Har snakka om vinterpynt tidlegare; synes absolutt desse fuglane kjem inn under denne kategorien.

Hadde tulla med linken ser eg, no skal det vere mogeleg
å kome til fjorårets innlegg!

Vil takke alle lesarar som er trufast innom kvar dag, sjølv om eg ikkje bloggar.
Dette innlegget er dedisert til alle dokke! Og til Robin på Indiska 
Moa Amfi.

Og nei, eg tek ikkje betalt for jobben... ;) 


Vi sjåast vel igjen i helga?


Elin

lørdag 22. oktober 2011

Kjøkkendetaljar











Vinteren som var innom trekkjer seg tilbake, vèrvarsla er fantastiske...
Den grøne basilikumen gjev kjensle av sommar... I alle fall
haust lenge enno... og til deg som lurte, finn ingen
merke på boksane om kven som er
leverandør? Skal sjekke.
Dei små metallskålene
er frå Madam
Stoltz.

Fann det ut : boksane er også frå Madam Stoltz :)


Laurdagen blir travel, familiemiddag
med 11 rundt kjøkkenbordet.
Men aller først ein lang
tur til fjellet...


Nyt din dag!

Elin


fredag 21. oktober 2011

Lullabye...




Eg har hatt besøk igjen av tinybittelille Ronja, som viste seg å ha blitt ei større jente i løpet av siste veka. Heile 14 dagar gamal, og forandra sidan sist fredag? Eg blir både tankefull og ikkje minst mjuk innvendig av å studere babyar på nært hald. Har fått fleire henvendelsar om babyfotografering, men det er faktisk ganske slitsomt og intenst? Fekk nokre kommentarar sist om at ein baby er fin sjølv om han ikkje søv. SJØLVSAGT er dei det! Nydelege uansett. Men det er noko magisk med eit sovande barn. Morfaren min brukte visst å seie, at borna var finast når dei søv... Han brukte å stille seg inn til senga deira, og nyte synet i ro og mak. Morfar var født i 1899, så han var av ein litt anna årgang enn dei fedrene som styrar på i dag. Var visst eit program på tv også ein kveld, om at det gav assosiasjonar til triste ting når ein tok slike bilder. Dette får bli opp til kvar enkelt. Eg synes slike bilder er vakre.








Fredfull, harmonisk, lukkeleg, roleg...
VAKKER!


God helg!


Elin


Lyst på ein godnattsang til bilda? Trykk på siste sangen
på spelelista mi til venstre i margen ;)