Adventspynt/julepynt 2013 går i kvitt, svart og gull.
Og sjølvsagt måtte også eg pynte meg på same måten ;)
Glam-bukse i svart & gull frå Vero Moda
Første desember, og første søndag i advent...
Kvar blei året av? Desember skal bli ein månad full av lading og kos. Eg har lært frå åra før, at skal eg smile på starten av eit nytt år, må desember brukast fornuftig... Vi skal bake peparkaker, men det er også alt som står på planen. Så skal vi skaffe juletre, og pynte det nokre dagar før julaften. Ellers tek vi dagane som dei kjem; som dei blir gitt oss. Eg kjenner at angsten rundt det å få ein ny prolaps aukar denne måneden, fordi eg sist datt om 17.desember 2011. Det er ikkje berre fysisk ein skal trene seg opp igjen etter fire slike opplevingar. Det er lett å bli redd, lett å trekkje paralellar. Dette tek også av energien min. Men eg skal bevise for meg sjølv at eg klarer å smile desse vekene som kjem, slik som eg har gjort i heile 2013.
Eg vil ynskje alle mine lesarar ei herleg førjulstid! Og så håper eg at de andre også tek dykk tid til å nyte dei små gledene i kvardagen! Ubeskriveleg godt...
Elin