Etter ei laber veke, er det fantastisk godt å ha klart å rydde kjøkken og stove før helga kjem. Blir faktisk friskare i kroppen når eg har ordna opp. Såg NIB hadde eige innlegg om rot her forleden, eg gidd ikkje å ta del i debatten lengre. Bloggarar har også rot. Ingen tvil om det. Men synes det er mykje kjekkare å blogge etter at eg har rydda.
Eg fann ein kommentar langt nede her, trur den var frå juli. Ikkje alltid eg får med meg alle, spesielt viss det kjem kommentarar lenge etter at nye innlegg kjem til. I alle fall; det var ei koseleg dame som ville vite om eg har hatt same stilen i huset heile tida. Der kan eg svare eit absolutt nei! Var mykje meir shabby chic ein periode, men før det igjen ligna det nok litt på den stilen eg har no. Eg bloggar ikkje for å prøve å likne på andre, men eg plukkar ivrig inspirasjon frå andre! Eg innser at stilen min ikkje er slik at dei fleste gispar, og tenkjer at SLIK vil dei også ha det! Men; for meg handlar det om å vere seg sjølv, på godt og vondt. Det å kunne gjere ting med interiøret, fordi ein har friheit til å skape sine eigne uttrykk. Så får eg berre innsjå at eg aldri vil bli ein av dei bloggarane med flest følgjarar og mest treff. Eg prøver i alle fall å vere meg sjølv, og akseptere at eg er litt sær ;)
Eg synes huset byrjar å få ein slags balanse, det har eg streva med. Det høyres nok latterleg ut for dei som ikkje er interiørfrelste, men eg drøymer stadig om ei slags heilheit i første og andre etasje. Uten å gå konkurs. Dei tinga vi styrar med no kostar ikkje all verda, men utgjer ein stor forskjell.
Kva råd eg vil gi? Eg er neimen ikkje sikker. Vi er alle så veldig forskjellege. Eg trur det handlar om å finne fram til ting som ein blir glad av å ha rundt seg? Om det er gjenstandar, fargar el.a. Og så vil eg understreke at eg likar SVÆRT mange ulike stilar. Trur eg har ein fordel der; eg let meg inspirere av det meste!
Vil ynskje alle ei flott helg,
om kroppen er på lag, skal eg få på plass ei fotoutstilling
der flinke barn har vore i aksjon!
Gleder meg!
Elin