Har prøvd meg på fargar i interiøret før i år. Og eg har likt å ha ymse fargeklattar rundt omkring, i form av puter og bilder. Men no går det mot haust. For meg er haust og vinter kvitt, svart og grått. Sånn er det berre. Men nytt av året 2012, er også min fasinasjon for gull og gyldne innslag. Har eit interiørblad frå i fjor haust, som eg stadig har kika på. Lurte på om eg kom til å like denne nye trenden etter kvart? Og som eg tenkte; no er her some glitter & gold i huset.
Så skal eg også prøve å ha nokre grøne planter for å gjere interiøret litt meir fargerikt. Eg er ingen stor inneplante-fan, men prøver innimellom med meir eller mindre vellukka forsøk. Den planta som eg har hatt lengst, er ei corokia kjøpt for eitt år sidan. No ser den litt pjusk ut, men det er nok fordi eg har gløymt å vatne den nok. Den vil faktisk ha ein del vatn? Så når eg var innom den vakre butikken Mille Fleurs i Ålesund, og dyktige Susanne hadde ei flott, stor corokia igjen, slo eg til. Krukka kjøpte eg til halv pris hos Home&Cottage i sommar, og eg synes dei to kledde kvarandre?
Så skal eg fundere vidare på kva anna grønt som skal få sleppe inn i huset.
Forresten; eg har takka ja til ein flott GiveAway, skal kome tilbake med meir informasjon etter kvart. Reknar med at det er mange der ute som ynskjer seg nytt, lekkert sengetøy til mørke haustnetter? Det gjer i alle fall eg!
Tusen takk for alle fine tilbakemeldingar. Eg tenkte det før i dag; no har eg blitt ei slik sær bloggedame som aldri kjem seg til å skrive tilbake til andre. Ei sånn som irriterte meg før... Beklager, det ligg meir bak enn det eg har lyst til å dele her inne. Men i alle fall, som eg har sagt tusen gongar før; kommentarane held meg i gang! Tusen, tusen takk!
Elin




















































