Måtte lage eit innlegg i dag, her har vore full fart siste dagane. Mannen i huset har hatt nokre dagar fri, og har stått på for å få ferdig alle prosjekta våre. Vi er enno ikkje i mål, men det kjem seg litt etter litt :) Det er ikkje berre eg som bestemmer her (sjølv om det som regel er eg som får viljen min), men no i helga lot eg mannen få det som han ville. Resultatet er ein kvitmåla peisvegg, noko eg synes vart heilt OK. Litt kjedeleg, men lyst og fint. Ristene i veggen er laga etter mål, og eg synes dei både er røffe og litt gamaldagse. Industrielle, med spor av rust. Lesarar med gode auger, ser nok at der er litt sparkling på gang enno, men eg trur alt er ferdig ut på kvelden. Så her er det nesten ferdige resultatet :)
Eg har fått spørsmål om eg lagar knaggrekkjer for sal. Er du interessert?
Send meg ein mail på adressa du finn til venstre i margen her, eg vurderer å lage nokre få.
Bilda skal opp på rommet til lillebror, der har også skjedd saker og ting i helga. Det blir nok eit nytt innlegg
om ikkje alt for lenge. Det er imidlertid litt merkeleg når ein stoppar opp å blogge. Eg synes eg ikkje har så mykje å tilføre interiørverda, og eg oppfattar bloggen min på ein heilt annan måte enn før. Eg forstår dei som ikkje ser vitsen i alle desse bilda, og alt maset om kva som er i huset mitt. Likevel veit eg at det er dette som har halde meg i gang. Gjennom motgang og tårer. Draumesidene har ført meg framover i snart halvtanna år. Takk til alle dokke som har gjort ferda så flott!
Takk også for alle flotte kommentarar, og
velkomen til alle nye følgjarar!
Eg vil ynskje alle ei ny, vakker mars-veke!
Mine draumar handlar om vår!
NB! Fann akkurat ut korleis eg skulle få fram bildet i bloggrollen frå innlegget mitt! Treng du også hjelp? Gå inn HER, Citronpiken veit råd! ;) TAKK for hjelpa!