...

Viser innlegg med etiketten Hageinspirasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hageinspirasjon. Vis alle innlegg

lørdag 3. september 2011

Treng du hageinspirasjon? :) Ny reportasje i Sunnmørsposten



For nokre veker sidan var eg heldig å få besøkje Linda og familien hennar på Skodje utanfor Ålesund. Eg har ikkje lang erfaring med hagefotografering, men eg trur at det ligg i same gata som interiørfotografering? ;) Det var i alle fall veldig koseleg! Og VELDIG inspirerande. Har ordna opp utanfor huset her etterpå, eg fekk så mange gode idèar hos Linda! Ho er utdanna blomsterdekoratør, og mannen hennar er anleggsgartnar. Det var ei fryd å få gå rundt i den spesielle hagen deira, og berre supe til seg inntrykk. Linda sitt bodskap er at ein kan gjere mykje ut av ein kvar hage, liten som stor. Ho anbefaler folk å handle inn no på hausten, medan butikkar og gartneri har salg. Ein kan faktisk plante, så lenge ein kan klare å stikke spaden gjennom jorda. Visste du det? Linda vil at folk skal bruke hagar og uteområder heile året, for det er nemleg fullt mogeleg!













Men det aller, aller beste med denne jobben min, er at eg er så velsigna heldig å stadig få bli kjent med koselege folk i området. Det er nesten som om eg lagar eit nettverk med interiør-familie på Sunnmøre. Linda hadde også eit fantastisk hus, og eg håper å få kome tilbake når jula nærmer seg? Eg har følelsen av at ho har ein del inspirasjon å by på då også? :)

Tusen takk til Anniken, Jesper, Linda og Frode for at eg fekk kome på besøk!
Og takk til høna Lykkeli for at ho poserte så velvillig!
(der finns ein del fleire bilder nemleg...)


God helg!
(forresten, eg har tømt stova mi i dag ...)

Elin