Etter ein aldri så liten haustferietur, er vi heime igjen. Ballongane er komne ned frå taket, men ikkje lengre enn ned på golvet. Vaskemaskina går for fullt, klede skal på plass. Og min energi er ikkje den beste. Men akkurat no rivnar skydekket, og sola stråler i fjorden. Etter nokre dagar med grått og trist vèr, er dette heilt magisk! Kjenner at ein varme breier seg inni kroppen, og at det er lettare å smile. Og etter ein tur med kameraet, er humøret fleire hakk bedre. Eg er heilt bevisst på at bloggen ikkje skal vere ein stad der eg klagar. Den har alltid vore ein reiskap for meg, ein stad eg prøver å vere positiv. I desse dagar har eg hatt både sjukehusbesøk og vurdering av helsesituasjonen min. Det er ikkje kjekke ting å gå gjennom. Føles som om det er kaos i hovudet mitt. Eg har blitt drivandes flink til å late som om ting er bra, smile meg gjennom vonde dagar, og faktisk fortrenge alt som er gale. Men akkurat no er eg smerteleg klar over korleis ståda er. Eg skal likevel fortsetje å kjempe for å bli frisk. Dagens blogginnlegg er til ære for alle andre der ute som har det mykje verre enn meg. Eg veit at eg er kjempeheldig som har fått oppleve så utruleg mykje flott i 2013. Ein enorm framgang, og så mange positive opplevingar! Så av den varmen som breier seg i meg no, sender eg det meste vidare til dei som treng den meir enn meg!
Stå på!
God klem frå Elin!