...

mandag 30. september 2013

HP-RAMMER

 
 
 
 
 




 
Bilda innramma hos HP-Rammer
 
Eg er så heldig at eg har fått rammer på bilda eg tok av borna i sommar. Eg er slett ikkje flink til å lage til bilder på papir, og det er første gangen eg får noko innramma. Vil gi skryt til HP-rammer på Sjøholt, som gav flott sørvis og ein fornuftig pris. Dei tre andre bilda heng i igjen i utstillingsvinduet der så lenge. Det er ekstra fint at ein kan finne slike bedrifter på landsbygda, at vi ikkje må til ein by for å finne slike tenester. For meg vart dette ei kortreist sak!
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 


lørdag 28. september 2013

Laurdag i heimen

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Laurdagar uten faste planar er herleg!
Og laurdagar uten faste planar med fint vèr er enno bedre!
 
Mange sender spm. ang. kjøkenbordet. Det er måla med
svart bengalakk. Litt utfordrande, fordi bengalakk er ganske tyntflytande.
Ein må vere veldig obs på at ein fjernar "sig" etterpå. Gå etter på møblet og sjekke
at det ikkje renn overskytande måling nokon stad. I tillegg luktar jo bengalakk veldig!
 
Men resultatet gir ei slitesterk overflate, og den beste blanke finishen!
 
 
Nyt helga vidare!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


Prinsesse i kornåker

 
 
 
 
 

 
 
 
Har møtt ei lita prinsesse i dag.
Akkurat passe bestemt til at det gleda hjertet mitt å bli kjent med henne.
Av og til kan ein faktisk møte ei tvillingsjel på 4 år...
 
 
God helg alle sammen!
 
 
 
Elin
 
 
 
 

torsdag 26. september 2013

Draumesidene in LANDHAUS living & 101Woonideen

 
 
 
 
 
 






 
 
Draumesidene is in a german magazin this month.
I got Landhaus living yesterday, where our house has got 8 pages. I find it surreal? Another magazine called 101Woonideen (Holland) will also have a reportage. Anna Truelsen & Carina Olander visited us one year ago, and have sold text and pictures to Vakre Hjem & Interiør, Boligdrøm, the swedish paper Expressen, and now these to mentioned magazines. I never believed that there would be such an interest for our house? Anyway, we really recommend a visit from Anna & Carina if you are thinking of letting someone into your house for an interior reportage.
 
 
 
Elin
 
 
 
 
 


onsdag 25. september 2013

Confidence is not for sale...













Slettvollstolane på stova har fått på seg dei gråe opprinnelege trekka.
Ellers er veka litt hanglete, og eg har ikkje fått gjort 
det eg hadde planlagt. Men sånn er det
innimellom, to skritt fram og så
nokre tilbake...


Satsar på fine dagar mot helg!



Elin




søndag 22. september 2013

Soverom | Bedroom & By Nord

 
 
 
 
 
 




 
 

 
 
 
Har lyst å skryte i dag, uten å få betalt for det!
Sengesetta eg kjøpte frå By Nord, trur det måtte vere i februar 2011? Dei er akkurat like fine! Har vore brukte på soveromma til ungane nesten uten stopp. Dei har vore vaska og tromla utallige gongar. Glidelåsa nederst fungerer heilt perfekt. Akkurat no har dei vaksne i huset gleda av å låne dei. Kjempegode å sove i også.
 
Vil takke alle som har vore innom siste veka, både her, på FB og Instagram. Veldig kjekt å vere tilbake! Eg håper forma og inspirasjonen vedvarer framover hausten!
 
Thank you all for visiting me, here, on FB & Instagram!
 
 
 
Takk for følget,
og ha ei kjempefin
ny veke!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


lørdag 21. september 2013

Haust på hagestova

 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
 
 
 
Berre kos, knitring frå peisen og god musikk på
annlegget. Hausten med grått vèr er heilt
OK når ein kan sitje her inne
i varmen...
 
 
 
Elin
 
 
 
 


fredag 20. september 2013

Friday I`m in love...

 
 
 
 
 
 
 
 
 
I alle fall i godt humør etter å ha rydda og vaska hus i dag!
Og i går vart utdøra svart på innsida...
Små skritt i rett interiørretning...
 
 
Ynskjer alle ei flott helg!
 
 
Elin
 
 
 


torsdag 19. september 2013

Superglad dag på kjøkkenet :)

 
  
 
 
 




 
 

 
 
No blir det enno meir fart i blogginga... Den gamle pc`en min har hangla
sidan i vår. Fantastisk å få ein ny på plass i dag.
Hadde draumar om ein Mac...
Men ikkje oppnåeleg
akkurat no.
 
 
 
Elin
 
 
 


onsdag 18. september 2013

Livingroom

 
 
 
 
 
 

 
 
 
Stova skal få ein makeover er planen...
Stolar frå Slettvoll, Archibald.
 
 
 
Elin
 
 
 
 


tirsdag 17. september 2013

The woman & her interior

 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
Toppen av lukke er å matche interiøret sitt...
Måtte flire når eg oppdaga at tørkeduken på ovnen hadde same mønster som skjorta mi... og så måtte eg berre bli tatt bilder av... Storesøster ordner ut med kamera, så det er ikkje farleg... Eg er ikkje superkomfortabel med å bli tatt bilder av, men har kome meg stort sidan nyttår. Faste lesarar huskar kanskje at eg hadde eit mål om å klare å bli tatt bilder av, uten å få angst. Eg har i alle fall posert og utfordra meg sjølv alle desse månedane sidan. Trudde eg også skulle tørre å la fotovenner ta bilder av meg, men der er eg ikkje enno... Nokre mål må ein no ha for 2014 også? ;)
 
Viss du har lyst til å lese om fotoskrekken min,
kan du trykkje HER & HER
 
Og så vil eg seie tusen tusen takk for så enormt mange besøk, og alle fine kommentarer!
Det å byrje å blogge igjen har vore ei oppleving over all forventning!
Gjett om det er kjekt å få ei slik mottaking etter min lange pause!
 
Thank you all for visiting Draumesidene!
I can`t express how happy I am to be back on track!
You are the best!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


mandag 16. september 2013

Haustdag på stova

 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
Puter frå Princess, ta 3 betal for 2 faktisk...
2 brune og 1 kvit med grått mønster.
 
 
Regnet auser ned ute... Må nok innrømme at det minner om haust...
Men eg er sikker på at sola skin igjen ganske snart!
Eg har ikkje skifta smak i løpet av året.
Veldig glad i kvitt, svart, grått
og brunt.
 
Både i interiøret og klesveien.
 
 
 
Takk for alle besøk!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


søndag 15. september 2013

Mitt "nye" kjøkken | My "new" kitchen

 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 
 
Nytt kjøkken på 1-2-3...
Hadde gløymt den gode følelsen når det kreative blomstrar...
Eg har plutseleg MANGE gode idèar! Og eg gleder meg til å porsjonere
energi i vekene som kjem, og kanskje få til litt fleire prosjekt?
 
Bordet er måla med svart bengalakk.
Nye gardiner er på gang.
 
 
Ynskjer alle lesarane mine ei
flott, ny veke. Eg er ganske så overraska over
kor mange som ventar trofast og er innom når eg postar innlegg.
Gjer det veldig kjekt å kome tilbake i
bloggverda!
 
 
Thank you all faithful readers!
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 


lørdag 14. september 2013

Black is my new black...

 
 
 
 
 
 
 

 
 
Når eg byrja å måle møblar svarte? Trur det er seks år sidan? Benken på kjøkkent og nokre kommodar. Har aldri blitt lei heller? Så no i løpet av siste døgnet har
kjøkkenbordet lide same skjebne... Dei to nye lampane
svevar over det svarte...
 
Herleg forandring, eitt år sidan sist eg
var såpass nyskapande i huset!
 
 
Fortsatt god helg!
 
 
 
Elin
 
 
blogglisten_b5fa8a6947fcfada96deab912bd5fb72 


fredag 13. september 2013

Og så kom inspirasjonen!!!

 
 
 
 
 
Dette blir ei helg i interiørets ånd...
Eg har endeleg fått igjen piffen... Kjenner at no skjer det ting...
 
So stay tuned ;)
 
 
 
Ha det flott der ute!
 
 
 
Elin
 
 
  


tirsdag 10. september 2013

Små skritt i rett retning gjennom snart eitt år...

 
 
 
 
 
 
September 2013
 
 
 
 
September 2012
 
 
Fann dette bildet som ei veninne tok for snart eitt år sidan.
Kan nesten ikkje forstå at det er meg? Det er ikkje berre det fysiske som har forandra seg, eg trur heile dama er snudd på hovudet og rista aldri så lite...
 
Eg har halde foredrag i kveld, for ein gjeng med damer. Delt av mine erfaringar. Det å tenkje positivt, og skape nye mogelegheiter for eit betre liv. Berre det å stå framfor så mange og snakke er uvant etter fem år som sjukmeldt. Men eg synes det var kjempefint, og eg håper å få gjere slikt oftare i framtida.
 
Ein ekstra god klem til alle der ute som har store utfordringar i liva sine!
Husk på at alle forandringar kan byrje i det små. Men at ein må byrje ein eller
annan stad for å skape forandring!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


søndag 1. september 2013

Septemberkjøkken

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Det ser vel ut slik som i juni på kjøkkenet?
Men eg merkar at interiørinteressa aukar i takt med at kveldane blir mørkare. Nye telys og lys er kjøpt inn, og lyspærer er skifta. Eg elskar våren og sommaren. Har vel aldri vore så gira når september har banka på døra. Men i år er det også greit. Har opplevd så mykje fantastisk fint siste månedane, og vore i så mykje lys og sol at eg kjenner at lagera er fulle, og skal halde langt inn i 2014! Så sjølv nysnøven ned i høgste toppane på Sunnmøre er greit i dag. Det skal bli varmare ut i veka, nesten sommar igjen. Eg rekk nokre fjellturar enno ;)
 
Ha ein fin september!
 
 
Elin