...

søndag 7. april 2013

Litt garderobe....

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 




 
Genser, topp og veske (by Dixie) frå Herlighet
 
 
Sånn på nippet til å bli "dagens outfit"-dame :) Men berre nesten...
Eg skal glatt innrømme at eg handlar heller klede til meg sjølv, enn puter til huset for tida. Når også Herlighet har eit stort utvalg av herligheiter som ein kan putte på kroppen, er det ikkje lett å motstå fristelsar... Toppen med ulvemotiv er frå Barfota, og blir ein del av sommergarderoba mi. Den strikka genseren med Skappel-look, er frå Alpaca Society. Ein draum å ha på...
 
Det er ganske uvant å få spørsmål om kvar eg handlar klede. Men eg går ellers innom kjedebutikkar som Hennes & M, Bik Bok (på slep etter tenåringen vår), B Young og Vero Moda. Det er få veldig dyre plagg i skåpa mi. Eg har vel same oppfatning om dette som interiør; det er greit å ha nokre dyrare innslag, og så heller velge rimelege alternativ til det meste anna. Du får vel som regel det du betalar for viss du brukar fornuften?
 
Siste bildet i dag er tatt av jenta mi, ho snik rundt når mamma tek bilder. Ho har blitt flink med kameraet, og eg håper ho har lyst til å lære meir i åra som kjem. Og eg prøver stadig å jobbe med angsten for å havne på minnebrikka ;) Håper fleire der ute har tatt tak i dette problemet sidan sist eg skreiv om det! Eg kjenner det kjem seg etter kvart som eg tillet andre å ta bilder av meg.
 
 
 
Ynskjer alle ei herleg, ny aprilveke!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


6 kommentarer:

  1. Så mye lekkert i disse bildene!!!! Ulvetoppen var nydelig!

    SvarSlett
  2. Ingen grunn for å gøyme deg for linsa du!
    Herlege ting frå "Herlighet"!!

    Fin fin ny veke til deg :-)

    SvarSlett
  3. Den angsten for å havne på minnebrikka er det tydelig ingen grunn til å ha.:)

    Fantastisk fin garderobe, forresten! Hadde min bare vært halvparten så ryddig...

    God søndag til deg!

    SvarSlett
  4. Veldig fine bilder og klær! Så lurte jeg på hvor den store metallboksen er fra?

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!