Eitt av måla mine i 2013, var å klare å stå framfor kamera, utan å få angst. Skreiv om det HER. Sidan det innlegget, har eg vore gjennom ein prosess. Både tatt bilder av meg sjølv, men også blitt tatt bilder av. Eg kan ikkje seie at eg synes det er stas å posere, men det viser seg at ein faktisk kan venne seg til dette også. Bilda i dag er tatt av dattera mi sist fredag, og eg skal vere så tøff at eg deler dei på bloggen min. Siste utfordringa er herved utført. Kjenner at det ikkje er slik eg er oppdratt; ein skal ikkje dele slike bilder av seg sjølv? Jantelova og andre uhumskheiter ligg og lurer. Men for meg er dette eit stort skritt i rett retning. Eg fyller snart 42 år, og har som neste mål å akseptere meg sjølv som eg er. Eg trur mange kvinner slit med dette? Vi er flinke til å fortelje andre at dei er bra nok, men kjenner aldri det same om oss sjølve? Slik er i alle fall eg. 2013 vil for meg vere eit år der eg må akseptere kropp og sinn slik som det er, sjølvsagt arbeide for å forbedre både fysikk og psyke, men senke skuldrane og tenkje at eg ikkje er så verst i utgangspunktet.
Eg setter veldig stor pris på kommentarar der andre forteller meg om sine utfordringar, eg treng ingen om korleis eg ser ut. Dette innlegget handlar om alle oss som tek tak i ting som er vanskeleg og gjer livet bedre. For meg er det ikkje utseende som teller, men evna til å føle at ein er bra nok. Uansett!
Eg stod framfor 50 stk sist veke og snakka om det å vere kreativ og viste bilda mine. Det hadde eg aldri klart uten å jobbe med sjølvtilliten. Og eg kjenner meg sterk.
1000 gongar sterkare enn for eit halvt år sidan.
DET er gull verd!
Ynskjer alle ei flott, ny veke!
Elin