Har forelska meg i stråhattar og treperlesmykker i sommar. Og det er slett ikkje eg som har funne ut at dette er fint på veggen. Har sett det rundt omkring hos mange andre bloggarar. Eg såg på eit slikt smykke i Bergen, som kosta sekshundre raske. Det var finsk design, men ikkje heilt etter mi lommebok. I dag kjøpte eg treperler på hobbybutikk, og laga smykker sjølv.
Og slik vart det på veggen i hagestova. Årane fann eg i fjøra etter orkanen. Hadde tenkt å måle dei, men likar så godt den sletne looken dei har. Dei får henge slik for no. Den andre rariteten som heng på venstre side, er eit gamalt bringetre; eit slikt som vart brukt for å hente vatn og andre tunge ting. Buen skal liggje rundt nakken, og så festa dei på ei bøtte på kvar side. Smart!
Så kan det vel passe med ein trommehvirvel?
Den heldige vinnaren av eit flott TineK
teppe frå Ølen møbel er:
Eg valgte å trekkje, sidan eg ikkje klarte å bestemme meg for kven som skulle vinne!
Tusen takk til alle som var med, eg veit ikkje om Draumesidene er skapt for å utfordre folk, men det gav meirsmak! Den neste trekninga her inne blir imidlertid ein GiveAway som startar ganske snart. Må feire rundt tal på teljaren min ;)
Ha ei fortsatt FIN helg!
Elin