...

tirsdag 10. april 2012

Fargar | Colours










Boksen er frå Skeidar. Lyslenkje frå Bloomingville, Herlighet.

Har eg meir fargar i huset? Eller er det trixing og fixing på innlegga som gir ein illusjon av det? Begge delar. Eg har meir fargar her, men eg trur nok at farga tekst forsterkar inntrykket. I tillegg har eg redigert bilda slik at fageklattane viser extra godt. Det kan du ordne ved å regulere fargane i bildet, veldig enkelt f.eks. i Picnik. Dette programmet skal bort frå nettet frå 19.april. Kjem til å sakne det, ingen tvil. Men prøver stadig å lykkast i PhotoShop i staden for. 

Våren min vil vere prega av fargar. Fargar og mønster. Og når ein har kvite flater, kan ein tillate seg det meste. Som å fylle eit kvitt lerret. Eg har alltid funne inspirasjon hos bloggar med fargar, m.a. Irina. Eg kan like masse forskjelleg hos andre, men det vil ikkje seie at eg synes det passar her hos meg. Likevel; etter å ha lest det nye bladet KK Living x-antal gongar, kom det ein veldig trang til å gjere forandringar her. Det som er fint, er at ein kan kjøpe ei rimeleg pute, eller putetrekk, og forandre eit heilt rom. Eg flyttar rundt på mi knall rosa frå Åhlèns, og synes den passar over alt. 

Tusen takk for alle fine kommentarar gjennom påska, 
veldig kjekt å få litt feedback!

Elin


3 kommentarer:

  1. Deilig med litt fargar! Finfine bilder og lekkert hos deg, som alltid!

    Kor har du kjøpt den lyslenka, hvis det er lys i den då?

    Eg sitt no her og ventar på å kome meg på føden. Dritt lei og veldig låk og energilaus no. Mista totalt lysta på å blogge, så får sjå kva som skjer vidare. Føler det er berre masse nysgjerrige folk som følg med og at eg ikkje får noko tilbake, frå kjentfolk då, så eg tenker litt på å droppe ut det personlege iallefall..

    Håper du har hatt ei fin påske, vennen - det har eg. Skulle gjerne stått på ski då, men men det er vel ikkje siste vinteren...

    Klemma

    SvarSlett
  2. Er så misunnelig på det skapet ditt! Synes det er kjempefint med farger hos deg:)

    Godt å høre at det går fremover:)

    Klem Monica

    SvarSlett
  3. Hei.

    Lekre bilder. Digger stålskapet.

    Klem Mona C

    SvarSlett