...

fredag 13. april 2012

Putefavoritt



Takk til damene på ZanZ for uhyre rask pakkeforsendelse!

Har fått med meg at FABELAKTIG Mia har ei utfordring på gang.
Om å vise ei yndlingspute. Og sidan eg fekk tre nye i posten
i dag, kan eg nok vise i alle fall ei av dei :)

Likte alle altså, men denne er så forfriskande og fin.
Meininga var at storesøster skulle ha henne på "ny"-rommet sitt, men
jammen var ho fin på kjøkkenet og stova også ;)


Ynskjer alle ei flott helg!



Elin




torsdag 12. april 2012

Nokre bilder frå hagestova









Hagestova har vore i bruk sidan før påske, og det er eit fantastisk rom å vere i. Akkurat som om ein kjem inn i ei anna verd, to dører ut frå kjøkkenet. Nesten litt hyttestemning? Og så kobler eg ut fullstendig når eg setter på musikk, finn fram nokre gamle interiørblad og setter meg ned i varme puter og pledd. Med ein kopp varm drikke, er det heile perfekt. Framleis kaldt, men når sola stikk ut av skyene, kjenner ein den herlege varmen gjennom glasdørene. Eg ser fram til å få ferdig alt der inne, ikkje minst til å få på plass 4 vindu og hyller rundt peisen.



Elin


onsdag 11. april 2012

Kitchen with a view...









Ja, eg veit vi er heldige. Det er få som har eit slikt måleri utanfor vindua sine. Og viss vi i tillegg får litt vår framover igjen, skal eg smile frå øyre til øyre! Eames-kopiane er supre, gjestane i påska valgte den med armlener, og sjølv eg med min problemrygg, sitt godt i nykomarane. Dei søte fuglane er kjøpt hos Indiska. Små fargeklattar.

Takk for så fine kommentarar i går,
dei kom på akkurat
rette tidspunkt.



Elin


tirsdag 10. april 2012

Gult er kult...








Det er vel lov?
Vi kan vel ta med gult mot vår?

Elin

Fargar | Colours










Boksen er frå Skeidar. Lyslenkje frå Bloomingville, Herlighet.

Har eg meir fargar i huset? Eller er det trixing og fixing på innlegga som gir ein illusjon av det? Begge delar. Eg har meir fargar her, men eg trur nok at farga tekst forsterkar inntrykket. I tillegg har eg redigert bilda slik at fageklattane viser extra godt. Det kan du ordne ved å regulere fargane i bildet, veldig enkelt f.eks. i Picnik. Dette programmet skal bort frå nettet frå 19.april. Kjem til å sakne det, ingen tvil. Men prøver stadig å lykkast i PhotoShop i staden for. 

Våren min vil vere prega av fargar. Fargar og mønster. Og når ein har kvite flater, kan ein tillate seg det meste. Som å fylle eit kvitt lerret. Eg har alltid funne inspirasjon hos bloggar med fargar, m.a. Irina. Eg kan like masse forskjelleg hos andre, men det vil ikkje seie at eg synes det passar her hos meg. Likevel; etter å ha lest det nye bladet KK Living x-antal gongar, kom det ein veldig trang til å gjere forandringar her. Det som er fint, er at ein kan kjøpe ei rimeleg pute, eller putetrekk, og forandre eit heilt rom. Eg flyttar rundt på mi knall rosa frå Åhlèns, og synes den passar over alt. 

Tusen takk for alle fine kommentarar gjennom påska, 
veldig kjekt å få litt feedback!

Elin


mandag 9. april 2012

TineK, yndlingshylla mi og sånt... | TineK, my favourite shelf and stuff...









Siste rest av påska lyser gult på kjøkkenet og stova.
Ein tulipanbukett som har stråla fint i snart ei veke. I morgen
skal vi igjen tilbake til kvardagen, og det blir nok godt for både store og små. 
Eg skal prøve å finne overskot til å kome i gang med små prosjekt. Eg stoppa heilt opp nokre veker, og det er sjølvsagt viktig når kroppen ikkje vil vere med på det hovudet vil. Men du verden så trist det er
å ikkje gjere på noko som helst. Eg trur at bloggelysta også er i ferd med å ta seg opp igjen.
Det er alltid eit godt teikn. Hjelper så godt på humøret mitt! Så gjenstår det å sjå
om eg klarer å inspirere nokon der ute? :)

Stikkord for april er nytt jenterom, og oppgradering av loftstove.

Og om dette held seg oppatt, DET gjenstår å sjå!



Elin



søndag 8. april 2012

Enkel dessertkake







Matblogging er ikkje noko denne dama er kjend for, 
men kanskje eg skal dele mine enklaste oppskrifter framover våren? 
Eg har ikkje noko rykte på meg for å bake og kokkelere. Men; det er 
ikkje alt omverda veit om meg heller... ;) Denne kaka/desserten er i alle fall superenkel, 
og god. Eg laga den i ei paiform. Ein kan sjølvsagt variere kva bær ein brukar.
Eg skal prøve ein rein ostekrem neste gong, kutte ut kremfløyten og
heller bruke to boksar filadelfiaost. 
Treng nok litt meir melis då? 



Elin


Roleg morgen på kjøkkenet | Slow morning in the kitchen










Påskemorgen... Eg har hatt ein roleg start på dagen. Treng det også. Har vondt i ryggen min, og kan ikkje bli med på skiturar og andre aktivitetar i Påska. Dei andre er på fjellet. Eg kjende plutseleg for å lage eit blogginnlegg. Tok si tid ser eg... ;) Seinare i dag blir det besøk frå familie, og kaffe og kaker. Eg har fått ei ny oppskrift, og den var så enkel at eg vurderer å lage eit innlegg? Det er sjelden eg matbloggar...




Elin

tirsdag 20. mars 2012

Kontorbilder










Eg kosar meg i hjørnet av stova, hjalp på kreativiteten å få ein eigen plass til PC, fotoutstyr og andre duppedittar. Eg manglar framleis bilda eg skal få på plass av ungane, men håper på 
printerhjelp very soon! Mi nye rosa pute lyser opp heile første etasjen. 
Det ser ut til at denne fargen er
komen for å bli :)

Eg ynskjer alle saman ei flott tid framover,
ingenting er som VÅR!
Take care!



Elin




My office, frozen moment









Skal lage eit innlegg med mange bilder frå 
kontoret. Eg ELSKAR min nye
arbeidsplass. Og så er eg blir så glad
av å klare å putte på
fargar i huset!


Elin


A lovely one...





Håper nokon blir glad for å få ein tulipan på netthinna...

Eg held på å lagar eit nytt innlegg,
som skal vere med på utfordringa til Øyeblikk.net.
Du kan levere ditt bidrag før klokka 23.59 i morgen.

Er du med?
Temaet er stilleben,
og det er sjølvaste NIB jentene som er
dommarar denne gongen.¨

http://bloggurat.net/minblogg/registrere/b762fd88a7a499777bc580b76e8ef5d9e557212f



Elin



mandag 19. mars 2012

Kvistar i huset



¨

Har du lyst på kvistar til pynt i huset? Sånne uten lauv på?
Det er like før alt mogeleg av tre og grønt sprett ut! På tide å klippe deg nokre dersom du har planar om å pynte opp med slike! Tips; hvis du har lyst på kransar av kvist, er det den beste årstida å lage slike på. Sevja er på veg ut frå treet, og dei tynne greinene er svært bøyelege. Eg skal prøve å lage nokre som skal pynte opp når hausten er her igjen, eller kanskje før? Eg fekk eit kjempegodt tips om å leggje slike ytterst på krukkene mine ute, med blomster inni, når eg laga ei hagereportasje i fjor haust. Bjørk og lerk høyrer med til mine favorittar. 

Kanskje du også vil bruke idèen? 


Elin



Nespresso anyone? Og nokre spørsmål og svar







Tusen takk for fine tilbakemeldingar på innlegget i går! 

Eg får av og til spørsmål om korleis eg redigerar bilda mine, slik at dei blir så lyse.
Eg har aldri følt for å forklare så veldig om fotografering, til det er eg for utrygg på eigen kompetanse. Men etter at eg kjøpte meg nytt kamera, Canon EOS 7D, og lært litt om å bruke det (ikkje minst), klarer eg å ta bilder som er så lyse uten å redigere dei. Det eg gjer, er å skarpe opp kontrasten, og regulere fargane. Det er ofte lett at bilda blir veldig blåe, men det er lett at dei får eit rosaskjær også. 

Eg har endeleg kjøpt meg PhotoShop, og tok eit kurs sist haust. Men eg synes det er vanskeleg å få taket på funksjonane der. Eg brukar ikkje filter for å skape looken i bilda mine. Eg trur at mange setter pris på at ein blogg har "lik" redigering på bilda frå innlegg til innlegg. Skaper kanskje ei slags heilheit? Det beste rådet eg kan gi, er at du finn deg ein type bilder som du likar, og så prøver å gjenskape dette uttrykket i dine egne. Eg ser at mange av dei store bloggarane deler velvilleg ut tips og råd om sine triks for gode bilder. Ein ser nok ikkje på dette som "kopiering", for det er jo ingen som har einerett på slikt?


Mitt råd : Finn din stil, og stol på at det er bra nok!

Bilda mine i dag er frå kjøkkenbenken. Eg drikk ikkje kaffe, men får veldig lyst til det med nye, lekre krus frå Åhlèns. Og forresten; eg forstår godt at folk trur eg er sponsa, men det er eg altså ikkje. Det er berre at eg finn butikkar som inspirerar meg, og då fortel eg om det her på bloggen. Blide folk bak disken og god sørvis hjelper også på! Eg kan oppleve å få prosentar, fordi butikkane veit at eg skriv om dei, men då er det eit valg dei gjer. Dei krev ingen ting tilbake. Det hadde kanskje vore annaleis viss eg budde ein annan stad? Det er ikkje vanleg å samarbeide med butikkar her på Sunnmøre. Eg skulle gjerne ha tent pengar på bloggen min, men eg likar å ha denne friheita til å velge kva eg vil blogge om, og kven eg handlar hos. Får sjå om eg åpnar opp for reklamering i framtida. 


Vi hadde snøvstorm i går kveld, ganske sjokkarta at våren plutseleg reiste sin veg.
Vi planta og ordna til påskeliljer og stemorsblomster på terrassen laurdag, men dei ser nokså fornærma ut i dag...  Dei klarer seg nok, og eg kryssar fingrane for at dette vèret går fort over.

Nyt veka!

Elin
  

søndag 18. mars 2012

My dream about Eames... Kjøkkenbilder etter våropprydding og ommøblering :)









Stolar frå www.cultfurniture.com
Mønster i filt på lampane, klipt ut av ei spisebrikke
kjøpt på Åhlèns.


Eg har erfart at det kan lønne seg å drøyme om nye interiørting lenge, for ein blir så veldig glad når ein får på plass det ein har drøymt om? Og eg blir veldig kreativ i denne lykkerusen! Fekk plutseleg mange nye idèar :) Så viss fysikken gjev meg ei OK veke, skal eg prøve å få gjennomført og ikkje minst avslutta prosjekt som er på gang. Eg prøver å sleppe til fargar i huset, og første forsøk ut er ei knallrosa pute frå Åhlens. I tillegg har tavla på stova fått fargerike utklipp på seg. Eg må innrømme at eg likar det! 


Håper du har ein fin fin søndag!
Og velkommen til nye følgjarar! Gjevt å ha passert 600!
Eg er evig takknemleg for alle som er innom! 

Siste månedane har vore kjempetøffe, men eg føler meg sakte bedre. 
Er uten krykker, og klarer å gå litt lengre for kvar dag. 

Dokke held meg oppe! Hadde gitt opp bloggen 
for lenge sidan viss ikkje!


TAKK!



Elin