For deg som har lest bloggen min i eitt år, har du vore med på denne turen før. Men eg tek sjansen på å vise bilder frå ein av mine yndlingsstadar ein gong til. Eg vaks opp nede ved fjorden, fordi mormor og morfar budde der. Kan aldri huske å hatt redningsvest; vi måtte lære å passe oss! Vinteren var det alltid kaldt og utriveleg nede ved båthusa. Slik huskar eg det i alle fall. Men no har eg ei heilt anna oppfatning. På fine dagar, sjølv om gradestokken nærmer seg null, kan ein kjenne varmen frå sola når ein står inntil naustveggane. Dei fleste bilder eg har tatt til julekort i det siste, er tatt nedanfor naustet til mamma. Eg nyt denne staden. Eg var også så heldig å få bu her ned til vannkanten i tre år, før vi bygde huset vårt.
Hjertet i innlegget i går kom frå verdas vakraste
Eplehage,
og hjertet over her meiner eg at eg vann hos vår alles kjære
Maliva? :)
Eg må ha hatt ei voldsom hjertevinnarlukke i fjor?
I dag er eg og lagar mi andre reportasje, i eit julepynta hus :)
Den kjem forhåpentlegvis ut neste helg i
Sunnmørsposten. Er det noko som heiter å gruglede seg? ;)
Det kan hende at det også kjem bilder i nettutgåva.
Og det hadde no vore kjekt? Eller?
Ha ein uendeleg god vekeslutt alle saman!