Det er ikkje alltid like enkelt å vere interiørbloggar. Av og til er eg så lei mine eigne motiv, at eg er på nippet til å slette heile bloggen. Kjenner du deg igjen? Eg blir kritisk til det eg produserer, og til kvaliteten. For eg vil verkeleg at bloggen skal innehalde gode bilder. Det er verre med nyskapinga, og dei ferske motiva. Så då blir det bilder av sofaen i ulike vinklar, og somme tider blir eg veldig fasinert av enkelte ting (les: gyngehesten, f.eks) ;) Korleis ser det egentleg ut heime hos ein interiørbloggar? Eg er så heldig å ha få besøkt to slike i det siste. Og eg vart ikkje skuffa. Tvert imot. Begge damene levde opp til forventningane, og eg fann så stor inspirasjon i dei flotte heimane deira.
Men kva med huset mitt her oppe i fjellsida? Ville folk ha rygga ut igjen, og rista på hovudet viss dei såg realitetane? For det er ofte litt fjusk og fanteri når eg tek bilda. Ein får med det ein vil skal kome med, og snur ryggen til tørkestativet, listene som manglar, og hola etter bilda i veggen, som ein tok ned i fjor. Akkurat no er her kaos. I morgen kveld får vi motert ny peisinnsats på kjøkkenet, og siste vekene har eg knapt hatt overskudd til å rydde når eg har kome heim. Eg har slite med influensa i fire veker, og hosta dag og natt. Har brukt astmainnhalator for å døyve dei verste hostekulene. Oi, var det slik det har vore? Forstår du? Har du lest bloggen min i denne perioden? Vi kan skape eit image om ein heim og eit liv, men det er ikkje sikkert at alt som verkeleg skjer, kjem med på bloggen...
Eg har lært meg å fokusere på alt som er positivt, i livet og med fotolinsa.Viss ein skal kome seg etter nedturar, må ein det. I dag er ein dårleg dag. Som eg skreiv i går, det er på tide å ta det litt med ro. Nakken er vond. Kva gjer eg då? Jau, vrir hjerna etter kva eg kan gjere for å bli i bedre humør. Og i dag synes eg det var kjekt å kunne vise noko frå huset som dokke ikkje har sett før! For du har faktisk ikkje sett alt i huset her? Merkeleg nok er her soner og rom som eg aldri har tatt bilder av. Sånn som desse under her frå loftstova. Rommet er vist før, men ikkje med dette innhaldet.
Kassebordet mitt har fått hjul frå Clas Ohlsson, så no flytter eg det dit eg vil heilt åleine! :)
Adventstaken er frå Indiska, og har fått seg ein ny heim her ;)
Talplatene på lysa er frå Emmas Verden.
No skal eg rett og slett berre slappe av :) TUSEN inderleg TAKK til alle som tek seg tid til å leggje att kommentarar, sjølv om eg ikkje er i stand til å gjere det same hos andre. Tilgje meg!
No er vi vel alle klare for DESEMBER! :) Lillebror har telt ned dagar i snart to månedar, så han er i alle fall superlukkeleg over at julemånaden ENDELEG er her! :)
Pssst! Klarte ikkje å vente med desemberheaderen til i morgon! :)