...

tirsdag 31. august 2010

Mitt bidrag til NIB`s konkurranse SOVEROM



Vi pussa opp soverommet vårt i sommar. Laga til eit "kvitt lerret", og innreidde der med gjenbruksting. Inntrykket er lett og lyst, men det kan enkelt gjerast lunare med tepper, puter, gardiner og skinn. Eg har tidlegare vist bilder frå soverommet, dei kan du finne under linken soverom i venstre kolonne. Stilen i huset er prega av at eg likar å blande det rustikke med det florlette. Slik også i dette rommet. I dag merka eg at hausten banka på balkongdørene. Det regna kraftig medan eg tok bilda, og lyset var ikkje det beste. Eg valgte difor å gje rommet litt nytt innhald, litt haustpreg. Eg kjem til å leggje det øverste bildet inn som mitt bidrag til NIB`s septemberkonkurranse.



Dette er mitt bidrag til konkurransen, uten ramme og uten vannmerke.


Den gamle tallerkenhylla fungerar som utstillingsplass for gamle bilder.
Synes at desse passar godt inn her på soverommet. Eg er glad i å blande snev av
fransk landstil, saman med heilnorske funn. Og å mixe det grove med det florlette.
Eg har i det siste blitt flinkare til å ta inn fargar i romma. Den gamle, slitne, grøne benken
tener som lav skjenk i det vesle rommet.


Herlege putetrekk i lin mot vèrbitne plankar...


Sengegavlen er bygd av fjøler som er over hundre år gamle.
Sengehimmelen av tyll er festa til delane av ei gamal lysekrune.


Vakkert bilde av Jomfru Maria med barnet sitt. Hylla har ein nydeleg patina.


Det eine nattbordet er bygd opp av murstein frå ei gamal pipe.
Gamle og nye skattar får kvile her. 


Aneboda klesskåpa frå IKEA har fått gamle, franske aviser på innsida av plasten i dørene, og nye knottar frå Lisbeth Dahl. Sjølvlaga tyllpynt med hjerte lyser opp, og tek att detaljar i sengehimmelen.
Koffertane på toppen er gode å ha til oppbevaring.


Det andre nattbordet er eit gamalt funn, med fantastisk patina! Oppe på bordet står ein del av eit dørblad frå 1700-talet. Med flott rosemåling, i veldig spesielle fargar. Skrinet med same kulørar har vore brukt som kjeksboks.


Eit vakkert stilleben, som gir ro i sjela... Spegelen i bakgrunnen er laga av ei ramme.
Måla og shabba av meg. Legg merke til det alldeles fortryllande brettet, som er fullt
av rust, og heilt bølgete på kanten! Ein favoritt for tida hos meg!


Eg var heldig å få to gamle vindauge med trenaglar og originalt glas i sommar. Dei får stå i vinduskarmane på soverommet. Eg elskar å liggje å kike ut gjennom dei, og synes dei originale boblene
 i glasa tek meg tilbake i tid...


Gamle salmebøker, ein bibel
og ei katekisme ligg i hylla.


Vakre metallboksar frå ei svunnen tid... Ei dør står i bakgrunnen. Ho vart redda ut frå ei røykstove som held på å falle saman. Det er mange år sidan no, og eg er så glad for at eg tok vare på henne.


Eit ark frå ein bibel, saman med eit rusta kors.


Eg har festa på nokre metallblomster for å skape eit litt røffare look på lysekruna.
Lingardinene går att i heile huset, og er frå IKEA.


Korgstolen er fin til å leggje frå seg klede på, men han brukar også å få kome ut på den
vesle lufteterrassen i godt vèr. Og så er han flott å dagdrøyme i...


For det er ikkje berre natta det drøymast her i huset. Soverommet har fått ein fantastisk atmosfære.
Eg elskar å sitje her og tenkje ut nye eventyrprosjekt...



Håper at du kosa deg med bilda,
og at du vart inspirert?


God klem
Elin


 

mandag 30. august 2010

Endeleg espalièr! :)



Vi bygde terrassen for over fem år sidan. Og heilt sidan den gongen, har eg venta på å få på plass espalièr i front. Men først måtte all torva fjernast under terrassen, og så la mannen i huset duk med pukk for å få ei rein og grei overflate der. Dette skjedde i fjor, og ENDELEG! No fekk vi hjelp til å lage til resten!
Eg er så glad :)







Det vart meir fullkome no, akkurat som om huset har stått og gapt opp alle desse åra.
Synes at alt kom meir i balanse. Skal ta skikkeleg bilde, når det er heilt ferdig :)



Ha ein fin kveld!

Klem
Elin

søndag 29. august 2010

Rooms with lovely views...



Eg får ofte spørsmål rundt bilder med utsikt frå huset. Er det verkeleg slik her? Ja, det er det. Eg bur på ei høgde, ca.70 meter over fjorden. Med bratte bakkar under oss, blir utsikta makelaus. Alle solnedgangsbilder er tatt frå terrassen, eller som det siste eg viste, kjøkkenet. Eg veit at vi er heldige, veit at mange ikkje ser så veldig mykje frå vindauga sine...  Alle romma våre har fantastisk utsikt, til fjord og fjell... Desse bilda er frå kjøkkenet :) Blei litt rundtsnuing når eg rydda etter selskapet ;) I dag har fjorden vore som ein spegel, med ein azurblå farge... Lufta er klar... Luktene nye... Fjellet har skifta kulørar. Eg kjem alltid i ei slik merkeleg stemning i skiftet mellom sommar og haust... Både trist og glad på ein gong?






Har lagt til AHA i dag, er så vemodig at dei held på å slutte av...
Har så UTRULEG mange gode minner
til musikken deira! Takk for følget
Morten, Magne
og Pål!

(det føles som om vi er på fornavn?)


Håper dokke alle har ein fin kveld!
Takk for alle "god bedring" helsingar!
Eg er oppe og hoppar igjen ;)
(ikkje så høgt vel å merke...)


Klem
Elin

♥♥♥

MAKEOVER IKEA-skåp



Tenkte eg skulle gi eit tips om makeover av ANEBODA skåp frå IKEA. NIB har opplyst at soverommet er tema i deira septemberkonkurranse. Kanskje du kan ha nytte av dette der? :) Tipset kan sjølvsagt brukast på andre skap med gjennomsiktige dører.


Vi har vel alle litt ulike fargar på kleda våre, og det kan vere litt "uryddig" for utrykket i resten av rommet.


Eg valgte gamle, franske aviser i dag. Kjøpt hos Hilde Heimdal. Har brukt tapet tidlegare. Lim passande remser med tape på innsida av dørene. Du kan bruke det aller meste, stoff hadde sikkert også vore fint?


Forskjellen er ganske stor?


Ein liten sjølvlaga detalj, eg er no så forelska i tyll... ;)



Aneboda med fransk touch ;)
Håper du fekk litt inspirasjon?


Klem
Elin



lørdag 28. august 2010

fredag 27. august 2010

Skatollet eg passar på...



Først må eg tilstå å ha fått ein betennelse i nakken... Tilstår det KUN fordi eg ikkje klarer å skrive fine ord inne på bloggane til alle englane mine... Den har vore der nokre dagar, og sjølv om eg ikkje stressa med selskapet, skal eg vel ikkje nekte på at det var nok den vesle dråpen...  I skrivande stund, er det den to år gamle prolapsen i nakken min som ropar : Hei Elin!!! Eg er her enno!!! Ikkje gløym av det!!! Eg bloggar sjelden om slikt. Dette er Draumesidene, og smerter høyrer ikkje heime her. Dette er fristaden min. Bobla mi, som kom til når eg trengde positive ting å fokusere på. Og det var noko av det luraste eg har gjort.Eg har vore veldig personleg siste døgna. Men glede er det så godt å dele! Glede og takknemlegheit. Og med 70 kommentarar i går, smelta hjertet mitt... Går det an å vere så støttande, og så hjartelege!? Når eg kom meg opp av senga i dag (tok nokre timar), slo eg på PC`en, sjølv om eg trudde eg ikkje orka. Så leste eg alle helsingane. Beste medisin eg nokon gong har fått! Omtanke og fine helsingar kan nok kurere svært mykje. Lillemor las alle helsingane til henne i kveld, og ho vart så glad! Skulle takke VELDIG, som ho sa. 

*
Over til bildet under. Ei barndomsveninne av meg, var på besøk med sin flotte familie for litt sidan. Ho overlot eit gamalt skatoll i mi forvaring, og det hadde eg ingenting imot! ;) No er eg barnevakt, på ubestemt tid. Møbelet skulle vise seg å passe heilt perfekt på hagestova ;) Hi-hi! Må nok ha meg ei slik skåp etter kvart? Stolen har same farge, som skuffa inne i skatollet, oppdaga det når eg held på å ta bilda :)




Trur dette må vere ein yndlingsjobb? Å passe på ein slik skatt? Eg held ut CB! Ingen hast med å hente det!!! :) 

Og tilgi meg igjen alle andre gode; for at eg ikkje skriv til dokke! Må rett og slett kapitulere litt. Er likevel så glad for å ha fått tatt nokre bilder, og skrive 2 innlegg i dag. Fekk meg i betre humør!

Ynskjer alle ei flott helg!

Klem
Elin

♥♥♥





Merci...

Eg har oppdaga ei verd av englar... Dei er rundt meg kvar dag, og gjev meg gode ord og vakre smil. Når eg er trøytt og har det vondt, held dei rundt meg, byssar meg mildt. Alle dagar der eg er rådvill og tenkjer at eg ikkje er så mykje verd, slår dei vingane sine ut og fangar meg opp. Eg klarer ikkje å uttrykkje meg klarare enn dette, meiner ikkje å vere for lyrisk, eller for full av klisjear... Eg føler berre meg så priviligert, som kan finne energi og lukke inne i ein skjerm. Eg skulle gjerne ha halde rundt kvar og ein av dokke alle! 

Tusen takk!

Eg er så glad for at du kanskje er ein av mange i engleskaren min!







God klem!
Elin

♥♥♥






torsdag 26. august 2010

Fola, fola Blakken, no er kvelden over...



Kjære alle bloggedamene som les sidene til mamsen! Tusen takk for alle fine helsingar her inne!
Eg har hatt ein fantastisk dag, men no er eg veldig trøtt.




Klemmmmmm!

S

Ferdigpynta bursdagsbord! Vi du sjå? :)



Dagen starta før sju, med ei strålande opplagd lillemor :) Litt pakkar vart åpna, før vi åpna bloggen, og eg leste orda eg skreiv til henne i natt... Tårene rann hos oss begge, og eg veit at ho visste kva eg meinte med teksten. Det har ikkje vore lett for henne med ei sjuk mamma, med sorgene eg har kjempa med, med smerter og lite overskot. Men ho har venta tolmodig på at eg skulle bli "meg sjølv" igjen. Ofte blir eg frykteleg lei meg, når eg tenkjer på at barna vil huske meg som sjuk når dei var små... Men barn huskar ofte dei beste minna? Og det håper eg er tilfellet her også.  Kanskje tenkjer du; at det er no måte på til pynting for ein 10 års dag? Men eg elskar å gjere slikt, og eg har ikkje hatt overskot til å styre slik på mange år. Difor er det ekstra kjekt å lage til selskap for dei eg er glade i! For vi feirar no karane i huset også, sjølv om fargane er utprega feminine! ;)


Ikkje alle stolane er henta, men viss eg skulle rekke eit innlegg, vart det no ;) Tyllhimmelen var umåteleg populær blant dei minste her, og er enkel å feste opp med stiftar. Tyllen er hjøpt hos stoff og stil, og er rimeleg!


Gjenbruk... Alt var i huset frå før, det einaste eg har kjøpt for anledninga er blomar. Lillebror reagerer på ein del ville blomster, så eg køyrer safe! Men nydeleg med markblomar til dette bruk! Bruk plasttopper som du får kjøpt på blomsterbutikkar, og fyll med vatn. Stikk blomane inni.


Temaet skulle jo vere eventyrskog, men eventyrskogen vår ute, vart fylld med regn i natt. Og når alt er så vått, vart planen lagd om ;) Men eventyr minner det meg om enno...


Bordkorta laga eg akkurat no. Revet, handlaga papir, med to perler sydd på i eine hjørnet.
Enkelt og raskt å lage!


Skal tru kva tid han her var i eit barneselskap sist? Han som har vore oppe på eit gamalt mørkeloft, i fleire delar stakkar... No har han fått ny tyllsløyfe, og eg synes eg ser eit aldri så lite smil om munnen hans? ;)


Alt er klart. Gjestane kjem ikkje før klokka seks. Eg skal hente stolane, og seinare lillebror i barnehagen. Eg hadde aldri gjort dette, viss eg ikkje hadde GOD tid! Det verste som finns, er å bli stressa, då forsvinn gleda ved å ha selskap... Eg veit kva eg snakkar om! Been there...

Kanskje kjem det meir bilder seinare?


Ha ein fin torsdag vidare, og tusen takk for alle vakre ord og helsingar på innlegget under!


God klem!
Elin

♥♥♥





Gratulerer til ei flott jente! :)




Kjære gode Lillemora vår! Gratulerer med ti års dagen! 26.august klokka tolv gret du i armane mine. Det var ei hard natt før du kom, med eine handa ut saman med hovudet. "Eg kan ingen ting for at eg er ein superhelt", er forklaringa di til dette ;) Du har vakse deg så stor, og kan så veldig mykje. Og det er ikkje få gongar du er med på mine sprell... "Var mora di like gala som du er mamma?", sa du i kveld før du la deg. Det tok eg som eit kompliment... Eg håper du får berre gode dagar framover, og at du kosar deg i selskapet ditt, i den vakre tyllkjolen din... :)





"Den fyrste gongen eg såg deg, visste eg kven du var... Kjende igjen smilet ditt når eg såg det. Visste at det blåe i augene dine, var lånt frå meg. Såg fort at du var rastlaus - som meg. At sinnet ditt var likt mitt. At vi er velsigna med kvarandre, på godt og vondt. At kreativiteten din er langt over snittet. At du nok kan forfølgje draumar, eg ikkje turde å drøyme... Kjenner dei lange setningane, og alle orda som berre må ut på ein gong... Kjenner tårene dine når livet ikkje går din veg, kjenner smerta i mi eiga bringe, fordi eg ikkje kan ordne opp i alt du strevar med... Og vissheita om at du blir eldre for kvart år, gleder meg, men skremmer meg også... Du skal lære å flyge, utan at eg passar på heile tida. Eg lærer deg det med kjærleik, kunnskap og grensesetting, og håper du forstår den viktige verdien av audmjukheit. For eg veit kven du er, barnet mitt. Ti år etter at du smilte til meg for fyrste gong... Eg kjenner deg! Du er ein del av meg. Eg er så velsigna heldig som får lov å vere mammaen din.

Og eg vil vere der ved sida di, for alltid."


I LOVE U

Mamma
Elin

♥♥♥


onsdag 25. august 2010

Ein liten sneakpeak på kjøkkenet... ;)



Så er det kvelden før kvelden. Tenk å bli ti år??? Tida går kjempefort. Og jammen vart det så mørkt ute, at eg måtte til med extra blitz... Gåvene er i hus, kakene er ferdige, og bordet er litt dekka. Gleder meg til å gjere alt ferdig i morgen! Sangen i bakgrunnen er til Lillemor. Ho er så glad i musikken på bloggen, og yndlingssangen er "Smile". Ho har faktisk bedt om at vi må skaffe henne den på CD. Temaet for bursdagen i morgon, er eventyrskog. Sikkert litt prega enno av den flotte fotoseansen i skogen saman med hovedpersonen. Du kan sjå bilda HER. Ein kjole kjøpt på tilbud i Sverige i sommar setter standarden. Stikkord, TYLL i massevis, rosalilla nyansar og kvite roser :) Og gamle stolar... Veit ikkje om Lillebror synes det er så stas å feire fem år oppi ein masse jenteting? Eller om mannen i huset ville hatt ei litt meir macho ramme rundt førtiårsdagen sin? 




Då er det berre å nyte "I love U" med Tone Damli Aaberge,
og så lovar eg oversiktsbilder i morgon når lyset kjem att! :)



Klem frå
Elin