Eg laga ein lavendelkrans i går, etter inspirasjon og oppskrift frå Hulda. Det var ikkje vanskeleg, og dersom du har lyst å prøve deg på ein slik, anbefalar eg eit besøk innom Husfruas Memoarer. Bloggen til Hulda er full av flott inspirasjon, og gode idèar til hus og hage. Hulda var mi første kontakt her inne i bloggverda. Ho gav meg gode råd i oppstarten.
Eg har oppdaga mange, flotte, nye bloggar i det siste. Som regel gjennom at damene bak bloggane har lagt att ei helsing her inne hos meg. Då prøver eg å gjere eit gjenbesøk. Sånn trur eg det er for andre også. Dagens oppfordring er til alle dokke nye der ute:
1. Legg att kommentarar! Det er slik andre lett kan finne bloggen din!
2. Legg gadgeten med Følgjarar høgt oppe, slik at det er lett å leggje til bloggen din for andre
3. Ikkje ver redd for å spørje, viss det er noko de står fast med. Bloggedamer er veldig kjekke og hjelpsomme!
4. Viss du er oppteken av kor mange som verkeleg er innom bloggen din, velg ein teljar som tel UNIKE treff. Det vil seie ein teljar som berre tel ein person ein gong i døgnet. Fleire teljarar registrerer også dine egne treff. Eg bytta til SUSNET etter ei tid, og er veldig fornøgd med deira tenester. I går hadde eg f.eks. over dobbelt så mange treff som unike treff. Det er fordi somme går innom bloggen fleire gongar.
5. Det er foranderleg her inne. Vi finn kvarandre etter kvart, og dersom du bloggar med hjertet ditt, vil du etter ei tid finne andre som du har kjemi med. Mi erfaring er i alle fall slik. Ikkje alltid vi har same smaken heller ;) Sånn som i samfunnet ellers.
Det var måndagens tips og råd ;) Eg har også fått spørsmål om fotografering, og som eg har svart før, føler eg ikkje at eg er den rette til å svare på slikt. Men eg tenkte å forklare litt korleis eg tenkjer under ein "fotosession" (no høyrdes eg proff ut?) ;))) Fotostund er kanskje meir eit ord som passar for meg?
Vi skal ha 5 + 10 + 40 års lag på torsdag. Veka mi blir nok prega av dette. Litt ekstra husvask og pynting. Men eg prøver å blogge som vanleg. Tusen tusen takk igjen for at dokke der ute stadig veks i omfang. For min del gir dette ein ekstra giv til å fortsetje!
Grip måndagen,
tenk at denne dagen
finns berre i dag...
Klem
Elin
So fin ein krans☺
SvarSlettAlltid kjekt med tips om fotografering☺ Og du ta jo fine bilder so tips frå deg er supert☺
Kos deg med bursdagsforberedingar☺
Klem M♥
Vakker krans som alt annet her inne! Alltid en fryd å komme på besøk:)
SvarSlettHåper du får en herlig uke!
Klem A
Lekker krans og flotte tips du kommer med.
SvarSlettJeg har tyttebærlyng ved garasjen og har tenkt å lage meg en hjerte krans av det. Hvis vi får det til da.
Ha en fin dag
Klem Tove
kor fine lavendelkrans du har laga -- kor har du kjøpt lavendel da ?
SvarSlettog kor flinke du er med tips og råd ;)
ein gong trur eg at eg vil kidnappe deg og håpe du vil gje meg eit lite grunnkurs også
smil
og lykke til med bursdagene ;)
Du er så flink - og så er det kjempekjekt med tips og gode råd på veien i blogglandia!
SvarSlettStor feiring står for dør?
Igjen nydelig musikk av Eva Cassidy.
Klem fra sliten lærer, nå mamma
Flott lavendelkrans du har laga! Såg på den oppskrifta hjå Hulda eg også, men har ikkje lavendel...
SvarSlettSå kjekt at du deler litt tips med oss. Nyttige påminningar til både ferske og etablerte bloggarar det der!
Ha ei flotte ny veke.
Klems
Underbar krans , ELin!
SvarSlettHärliga råd du ger.
Önskar dig en riktigt bra vecka med pynt & städning:)
Kram J
Så utrolig vakker krans....og så vakkert foreviget. Tips får man aldri nok av...etter å ha blogget en del mndr nå, ser jeg jo en del...Og så spørs det jo hvor mye tid en kan legge ned i det. Jeg syns uansett det har beriket meg på flere måter, man oppdager faktisk en del ting om seg selv også.... Det er utrolig morsomt å dele sin intersse med andre...og derigjennom stadig få nye innput. Ha en herlig mandag, og kos deg med forberedelsene til festen (e)...klem
SvarSlettFor ein nydeleg krans!! ♥
SvarSlettYnskjer deg lukke til med fødselsdagforberedelsane denne veka! Blir vel stas det! Vi skal feire mamman min til helga, satsar på at det blir kos og, men eg slepp å vaske hus sjølv ;)
Emmas verden er der nok neste gong og ja, og då skal eg ha meir å bruke ;) Men med bestilling av nytt kjøkken, som er eit av 4 rom som skal takast før jul.. *kremt* kanskje vente litt? ;) hihi
*stor klem*
Vakker krans og gode råd! En famler jo en del i begynnelsen, prøver å finne sitt uttrykk, og jeg har vært heldig å få hjelp av flere -deriblant deg!
SvarSlettØnsker deg lykke til med forberedelsene... husk å ta deg tid til å gripe (man)dagen du også :)
Klem
Lise
Hei!
SvarSlettSom ny blogger er det supert å få gode tips og råd. Man føler seg litt "lost" innimellom (les: ofte), og da er det flott at noen tar seg tid til å hjelpe. Tusen takk for det ;-) Det er alltid så hyggelig å gå innom bloggen din. Den er bare så fin.
Ha en fin kveld og en hyggelig busdag!
Hilsen fra
HG
Å så kjekt med noen gode råd på veien, er mye nytt å sette seg inn i her i blogglandia:)
SvarSlettHa en strålende kveld:-)
Klem fra meg