Eg var så heldig å bli plukka ut av Irina i går, med bloggen All of Irina, som ein av hennar favorittbloggar. Ho kallar meg "ei shabby chic dame med ein morsom vri". Eg kan ikkje kopiere teksten frå bloggen hennar, så viss du vil lese meir, trykk HER. Irina er ein klar favoritt hos meg i desse oppussingsdagar. Ho triggar "slå ut håret" knappen min ;) Men eg skal prøve å plukke ut andre enn henne :)
Eg skal plukke ut 3 nye favorittar. Noko eg finn ekstremt vanskeleg. Eg har lest ein del utenlandske bloggar dei siste månadane, men har bestemt meg for å velge mine 3 frå Norge. Det gjer det litt enklare. Litt... Neste valget eg har gjort er å dele dei tre i kategoriar.
Ein blogg eg har fulgt sidan eg byrja å blogge sjølv
Kjersti er fantastisk flink med bilder og lay out. Eg blir alltid superinspirert av det Kjersti finn på og viser. Prosjektet hennar med å restaurere og byggje på huset ho bur i, har fasinert langt fleire enn meg. Ho er ein av dei som verkeleg har fått masse lesarar på kort tid! Det er også viktig for meg at menneska bak bloggane kommuniserer og er til stade. Kjersti har vore ein flott bloggven, og eg gleder meg veldig til at ho kjem i bloggeform igjen! Saknar innlegga dine Kjersti! Gleder meg til fortsettelsen når du er klar!
Ein blogg som berikar kreativiteten min
med flotte bilder og uttrykk
Harmoni & Kontrast
Gode Laila kom susande inn på bloggen min som ein varm sommarvind ein eller annan gong i 2010. Eg føler at eg har kjent henne her inne "alltid". Laila, som bl.a. grunnla ZanZ, har ein blogg der ho først og fremst legg ut inspirasjonsbilder som ho sporar opp på nettet. Kvar ho finn alt dette vakre, aner eg ikkje. Men det er ei sann fryd å få stikke innom og rulle hjerna rundt i alt det fantastiske ho deler. Innimellom får vi også sjå Laila sine eigne bilder. Vil gjerne sjå endå fleire av dei! Takk for at du deler alt dette eventyrlege med oss Laila! Og takk for at du er ein super bloggevenn!
Ein blogg eg ikkje har lest så lenge
Marie fann eg i fjor haust. Ho tek dei vakraste bilder. Der er noko sart og vevert over det ho viser. Duse tonar, pastellar... men bilda er så kraftfulle likevel! Ho er kjempeflink med layout, og eg er alltid glad når eg forlet verda hennar. Ho inspirerar meg til å bli ein endå betre fotograf! Interiøret til Marie høyrer heime i ei draumeverd, og i slike likar eg meg som kjent veldig godt! Ser fram til å følgje deg vidare gode Marie!
HÅPER DOKKE OVER TILGIR AT EG HAR LÅNT BILDER FRÅ BLOGGANE!
Og så sitt eg her, og føler at eg har så mange fleire eg burde ha nevnt... Det er det som er så vanskeleg med å plukke ut berre tre, av så uendeleg mange, flinke folk! Håper dokke 3 over her tek utfordringa med å finne 9 nye favorittar! (tre kvar)
Ynskjer alle ein flott torsdag!
Så koselig at du skriver og skryter om andre blogger... SNille deg!
SvarSlettVeldig flotte blogger du nevner!!!!
Rommet til lillebror er vakkert.. ELSKER knaggrekken, men det skjønte du vel! hihi! Just my kind of style!!! hih!
Jeg blir inspirert av deg!!!! VELDIG OFTE! TAKK! KLem
Takk, Elin, for at Marie fekk så fin omtale av deg. Elsker bloggen henna, og personen bak er like fin!
SvarSlettHa ein fin kveld. Håper du er litt bedre?
Klem!
:) :) :) :) :)
SvarSlettKjære snille snille du...om du bare ante hvor rørt jeg blei nå!! Tusen hjertelig takk, jeg blir virkelig takklemlig og har nesten ikke ord ;)
Utrolig givende å få høre at jeg inspirerer andre, at jeg inspirerer deg.
Tar utfordringen jeg :)
Helt nydelig jenterom du viser i innlegget over i dag!! Super flinke Elin. Du er så flink med så mangt og bildene dine er så nydelige. Du inspirerer så masse selv du :)
Håper du har det bra og at du føler deg bedre. Er jo så trist å høre når du ikke er i form om dagene!! Ta vare på helsa og deg selv :)
Goklem Marie
Godeste Elin, for en utrolig tillitserklæring, jeg føler meg virkelig ydmyk og utrolig glad! Alt er gjensidig og jeg vil skrive mer så fort jeg er ferdig med denne h.... omgangssyken som jeg har klart å pådra meg denne uka... Tenker masse på deg, kjære venn! Varme klemmer fra Laila
SvarSlett