...

tirsdag 15. februar 2011

Skåpa på badet









Mine trufaste lesarar som har vore med ei stund, får tilgi at bilda kanskje ikkje er
så oppfinnsomme :) Eg har vist denne skåpa fleire gongar før. Men eg synes berre at ho er
så fin, og original, at ho toler å bli tatt bilder av igjen og igjen. Ho er laga av to kasser som eg fekk av ei gamal dame, og ho trudde at dei var brukte til flyttekasser for lenge sidan. Ho skulle kaste dei, men det var før eg ropte høgt NEI! Eg skal finne ei låseordning for døra, men eg har ikkje funne den perfekte, gamle duppedingsen enno. I dag er det store målet å få tak i gamle kasser i Ålesund. Eg kan aldri forstå at eg er så bra at eg kjem meg dit på eiga hand, så det blir nok ei mobilisering av familien i området der? :) Dei var så fine og rimelege, at eg MÅ få tak i nokre. PERFEKTE til rommet til lillebror!

Vil takke for alle fine kommentarar på innlegget mitt i går kveld! Nantaya og Lars Johan synes det er så kjekt å få slike tilbakemeldingar! Og det fortener dei. Dei opplyser og forundrar ein heil nasjon. Det er utruleg tøft gjort å stille opp slik som dei og dei andre folka i serien gjer. Eg må innrømme at eg hadde mine fordommar før eg starta å følgje med på Et lite stykke Thailand, men at eg etter kvart ikkje ser to menneske frå to ulike kulturar, eg ser berre fine kjærleiksforteljingar som rører noko djupt inni meg.



Ynskjer deg der ute ein flott tirsdag!



3 kommentarer:

  1. Oi, det var fint skap! Jeg har ikke sett det før, så er veldig glad for å du lagde et nytt innlegg om det :) Kjempetøft var det!! Lykke til i jakten på de perfekte kassene til lillebror! :)

    SvarSlett
  2. Så tøft me hjul under kassene!Har ei til vedkasse sjøl,skal kjøpe hjul til å ha under i morga, bli riper i golvet uten.Har fått mykje inspirasjon fra draumesidene dine, du er kjempeflink:)

    SvarSlett
  3. Så utrolig kreativt! Hyllen var kjempe kul:)

    God kveld videre ;)

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!