...

tirsdag 31. januar 2012

Om å klare å gå igjen


Eg er eit heldig menneske. Eg er funksjonsfrisk, og har ingen alvorlege sjukdomar. Når ein ser på Ingen Grenser med Lars Monsen og gjengen på NRK, får ein verkeleg perspektiv på livet. Likevel; det har vore nokre strie veker sidan søndagen før jul. Frå å ikkje klare å sitje, og slett ikkje stå, har det gått sakte framover. Eg har vore plaga med ryggen i ti år, og har tre prolapsar i ryggrada frå før. Eg har vore sengeliggjande, og måtte hatt hjelp til det meste fleire gongar før. Men aldri så gale som denne gongen. Eg klarte ingen ting. Måtte ha hjelp av heimesjuketenesta og mine nærmaste i tre døgn for å fungere. Det kjennes som ei evigheit sidan eg klarte å kome meg opp på føtene på eiga hand, og gå fire skritt bortover golvet. Det har gått så veldig sakte framover, sjølvsagt lukkeleg for det, men det har tært på humør og psyke. Eg har ein tilstand i levra mi som gjer at eg ikkje skal ta smertestillande, dette gjer alt endå meir utfordrande. Eg tek ibux når det blir for gale. Eg måtte ha "the real stuff" første to døgna, men etter dette har eg klart meg uten. Mitt største problem i det daglege, er prolapsen som sitt øvst i nakken. Denne protesterte høglydt første vekene med krykkegåing. Heldigvis har eg verdas snillaste og flinkaste behandlar, og han har kome heim til meg, sidan eg ikkje har klart å sitje i bil. Han har på mange måtar berga meg gjennom dei verste vekene.

Kvifor skriv eg om dette? For at folk skal synes synd i meg? Tvert om; husk korleis dette innlegget starta. Eg vil berre dele at eg klarte å gå heile trimturen min i dag, uten krykker :) Det har vore det store målet i januar, og no rakk eg det akkurat! Eg skal innrømme at eg brukte dei etterpå, eg blir sliten og veldig ubehageleg stiv i ryggen etter ei slik økt. Men; eg klarte det! Og det var ikkje så vondt medan eg gjekk heller. Treninga tek meg framover dag for dag, og det nydelege vèret vi har hjelper veldig på motivasjonen. Det å kjenne verkeleg framgang etter så mange veker med verk og frustrasjon, er beste gåva eg kunne få på tampen av januar.



Eg veit at det blir få lesarar når eg skriv eit personleg innlegg, men eg håper du som les dette kan få optimisme og pågangsmot av det eg skriv. Kanskje treng du det du også? Interiør blir lite viktig i denne samanhengen. Men det kjem nok fleire innlegg når eg har blitt enno bedre. Akkurat no er det heilt andre ting som står øverst på lista mi over "thing to do".

Tusen takk til dei som legg att nokre ord,
 gir meg guts til å fortsetje
Draumesidene.

Elin

Sol i gangen


Vi er velsigna med eit fantastisk vintervèr for tida. Nokre minus midt på dagen, og sol frå blå himmel. Eg har ingen unnskyldning for ikkje å smile når eg står opp om morgenen! Og i dag har eg ENDELEG byrja å måle møblar igjen. Det kjennes så flott å vere kreativ igjen! No skal eg ut på min daglege treningstur, gleder meg! Ser fram til å bli så bra i ryggen, at krykkene ikkje behøver å bli med ut. Trur kanskje at det ikkje er så lenge til?


Det blir nokre bilder frå gangen i dag. Bada i vintersol.

 


Lillemor var på salg i helga og kjøpte støvlettar til seg sjølv, og fann mine yndlingar, til halv pris... Skulle ynskje vi brukte same str.! ;) Har eit håp om å finne eit slikt tilbod sjølv. Forresten utruleg masse fine sko og støvlettar til "gi bort" pris.

 
Ha ein fin dag!


Elin

 

mandag 30. januar 2012

Min besettelse for TineK, og Draumesidene på Facebook




Aller først; keramikken på bilda frå i går er frå TineK, og fløyelsbandet er kjøpt hos Herlighet. Keramikken er frå nettbutikken Blackballoon i Sverige. Dersom du handlar frå utenlandske nettbutikkar, må du sjekke om det er toll på varene du er interessert i. Porselen er f.eks. tollfritt. Du kan gå inn HER for å sjå lista til tollvesenet. Det er moms på alle bestillingar over 200kr.

I løpet av dei vekene eg ikkje blogga, fekk eg ein del henvendelsar, der folk lurte på når neste innlegg kom. Eg ser jo problemet når ein ikkje har blogg sjølv, at ein må innom for å sjekke. Men Draumesidene har faktisk ei side på Facebook også. Eg har aldri bedt folk om å "like" bloggen min der, fordi eg har eit avslappa forhald til slike ting. Men det hadde sjølvsagt vore veldig stas om fleire kom til i gruppa der inne. Ser at eg kan kommunisere veldig enkelt med lesarane mine, og at det er mange fordelar med dette. Spørsmål og svar bl.a. Og ikkje minst kan du lett få vite om eg har lagt ut eit nytt innlegg :)

Eg prøver stadig å svare på spm. frå kommentarfelta under innlegga, men ver så snill å sende meg ein mail på draumetausa@mail.com viss eg ikkje har svart. Dei siste mnd.har vore kaotiske, og eg har null kontroll på om eg har gløymt av nokon? Eg har sånn "vårreingjeringsfølelse" for Draumesidene, treng å ta ting til neste nivå. Det er godt med positiv framgang!

Så dersom du har lyst til å følgje med meg og bloggen på facebook,
kjem du dit ved å trykkje på ikonet under :)

Elin

søndag 29. januar 2012

Livsteikn - sign of life



 



 

 

 

Fekk herleg pakke i posten med TineK porselen frå
Jenny med nettbutikken Blackballoon
for ei tid sidan. LOVE it!

Eg er i bedre form, har byrja å glede meg over livet igjen. MR`en påviste ein prolaps i korsryggen. Har hatt tre slike før, så veit kva dette krev av meg. Positivitet og masse trening. Håper å ta meir bilder i tida som kjem.

Prøver å vere kreativ i små doser, og har ein del idèar eg
skal prøve å realisere i vekene som kjem.


Tusen takk for alle fine helsingar!


Elin


 

tirsdag 17. januar 2012

So long






Eg treng ein pause frå det meste. Er sliten etter snart fem veker med rekonvalesens med ryggen min. Føler eg ikkje har noko å bidra med her inne heller slik som eg har det no. Eg har det OK helsemessig. Er som sagt berre litt tom. Og sjølvtilliten er på minus hundre. Eg bloggar nok igjen om ei tid?

I have been in bed the last four weeks with pains in my back. I am tired, and a bit sad. I will take a break from my blogging. I think I will return later?



Thank you all for visiting my blog,
and thanx for lovely comments!


Elin


søndag 15. januar 2012

My kitchen and livingroom









Luftige bilder frå stove og kjøkken som er nyvaska og litengrand ommøblert i dag :) Mannen gjorde ein kjempeinnsats i går, og vi fekk endeleg tatt "julevasken". Ingen problem å gjennomføre den i januar? Kjennes SÅ godt i dag, hybelkaninar og støv er borte. Akkurat som om vi vaska oss eit skritt nærmare lysare tider og vår? Gjorde veldig godt for humøret mitt! Eg klarer å hjelpe til i ståande høgde, og på kne. Og det er mykje ein kan klare med god vilje, og litt hjelp av f.eks. tennene... ;)

Kjøkkenet er avbilda på veldig mange innlegg siste vekene, men det er desse innlegga som blir mest besøkt også? Kjøkkenet vårt er eit Mørekjøkken i kvitmåla bjørk. Rommet er nesten 40 kvm. Dette er eit såkalla allrom, og stova vår er difor ikkje så veldig stor. Men valget på stort kjøkken har vi aldri angra på. Etter at vi åpna opp mellom desse to områda, og tok bort skyvedøra og fekk inn ny peis, fungerar huset enno bedre. I dag viser også kjøleskapet og IKEA skåpa som har skulle blitt innebygd i 13 år... Det er enkelte ting som liksom ikkje blir? Diskusjonen har vore om der skal inn ei større kjøl/frys skåp, og vi ventar på at vi skal bestemme oss for det... Og så går åra medan vi tenkjer, og tenkjer... Vi finn vel ut av det til slutt?


Eg trener, slit meg nokre hundre meter meir på tur kvar dag. Har klart å sitje min første tur i bil i ettermiddag, 4 veker etter at ryggen svikta. Men humøret er bedre, og optimismen vender sakte tilbake. Tusen takk for alle fine helsingar både her inne og på FB. Veldig glad for alle fine ord! Betyr mykje for meg! :)


Ta vare på gode stunder i den
nye veka som ventar!


 
Elin


fredag 13. januar 2012

Header på hjerna...


Her går dagane av og til seint... Og då dukkar det opp problemstillingar som ellers ikkje er på dagsorden... Nytt år og ny header... Eg skifter ofte header, rett og slett fordi eg synes det er kjekt å eksperimentere med redigering. Og no har eg tid til det. Rikeleg tid... Det som irriterar meg mest, er at det er fort gjort å plagiere andre sine idèar, ufriviljug! Det vere seg teksttype, fargar, symbol osv.osv... Eg har alltid prøvd å ha originale idèar. Men det er jammen ikkje lett, for her er mange i systemet som tenkjer likt? Og så kan ein bli inspirert ubevisst trur eg? Min største inspirasjon på seinhausten var fargen lyseblå. Og dette vedvarer. Håper å få sydd, eller kjøpt nokre tekstilar i denne kuløren mot vår. Enn så lenge får eg leike meg med litt lyseblått her inne.


Headeren min er laga i Photoscape. Eg får stadig mailar om dette redigeringsprogrammet. Eg anbefaler at dei som er nysgjerrige lastar det ned, og prøver seg fram. Det er veldig forståeleg. Det er også dei tilbakemeldingane eg har fått frå dei som har prøvd det for første gang. Det er berre å leike seg, prøve og feile. Ein lærer litt etter kvart. Tolmod er nok eit stikkord.






Eg konkluderer med at min header ikkje kan innehalde for mykje tekst og bilder, det er akkurat som om det er greit at den ikkje tek for mykje merksemd frå sjølve bloggen. Eg ser at somme bloggarar spør lesarane sine om hjelp til å velgje header. Kanskje det er lurt? Har headeren mykje å seie for deg? Eg tenkjer mest over korleis den er første gangen eg er innom ein ny blogg. Når eg tenkjer meg om, har min header mest å seie for meg, at eg likar å sjå den når eg loggar meg på. Det er vel det som er viktigast?


Gleder meg til dagar, der eg har det for travelt til å
filosofere over headeren min... ;)


 
Håper at helga di blir god!



Elin
(som klarer å gå ute uten krykker...)


 

torsdag 12. januar 2012

Oliventrea på hagestova


Kom meg endeleg ut på hagestova, for å sjå korleis det går med oliventrea mine. Lillemor har gitt dei ein liter vatn annakvar veke etter at eg gjekk ned for telling. Der er veldig kaldt, men rikeleg med lys. Og det er ei glede å meddele at dei ser strålande ut :) Her har ikkje vore kulde å snakke om, men har fått opplyst at dei skal tole ned mot 10 minus dersom dei ikkje blir utsette for trekk.

 

 - både oliventrea og eg ;)



Elin


onsdag 11. januar 2012

Om handling og blogging...

 
 
 
Eitt av mange makeover-prosjekt i 2011

Har fått eit akutt handlebehov... Har ikkje vore på butikkar sidan 17.desember. Og så tenkte eg at eg skulle kjøpe meg noko fint på januarsalget. Men her ligg eg, eller no sitt eg faktisk. Rundtstappa med eit pledd går det OK. Herleg følelse! Håper å kome meg ein biltur snart. Det er ikkje sunt å gå rundt seg sjølv inne i eit hus i fire veker...

Dagens tema; hadling. Og blogging. For eg har drevet litt research. Interiørblogging består for veldig mange i å vise ting som er nyinnkjøpt, eller? Sånn var mi blogging også første året. Følte at eg måtte ha stadig nye ting å vise fram. Ikkje møblar og slikt, men pynteting. Kvifor les folk bloggar? For å bli inspirerte? Ja, sikkert. Men eg trur også vi gjer det for å drøyme oss vekk, fantasere om ting vi ynskjer oss? Eg gjer i alle fall det. Men no i det siste har eg ikkje hatt godt av det. Har nesten blitt frustrert. Ein ting er at eg ikkje har økonomi til å handle inn til huset, noko anna er at eg slett ikkje kjem meg dit ein kan kjøpe ting. Netthandel er ein fin ting. Ventar på ein pakke frå Sverige om nokre dagar. Gleder meg veldig! Men det har vore planlagd lenge. Har du ting som du ynskjer deg veldig, men som du ikkje har råd til? (dumt spørsmål kanskje...)

Og så vil eg seie, som eg har sagt før, at eg GJERNE skulle ha handla nye møblar og gjort om i huset her! Får så koselege mailar om gjenbruket mitt! Tusen takk! Hjalp ei tysk dame for nokre dagar sidan, som ville ha tips og råd ved oppussing av gjesterommet sitt :)  Men; eg går veldig lei av tinga mine til tider... Kunne handla i dagevis viss eg kunne! Eg er slik som folk flest!

Og eg har kjempelyst å bli kvitt stria på veggane her (som var ei superbilleg løysing då vi bygde for 13 år sidan), og eg har trua mannen med at eg skal få hit nokon og pusse ganggolvet, har fått for meg at eg vil ha sementgolv... Og så har vi ein heil kjellar som står rotete og uinnreidd. Blant anna med eit kjempestort rom som skal bli bad...

Eg skal egentlig vere glad berre eg klarer å bøye meg igjen, og måle hyllene eg kjøpte på Clas Ohlsson i september... Ikkje alt som går så fort som eg planlegg det. Og så har eg ein makeover-idè for mi heimelaga baderomsskåp. Lurer på om arbeidslysta vedvarer når forma blir bedre? ;) Det ville hjelpe på humøret mitt viss du som les dette kunne ause ut din frustrasjon om kva du ikkje klarer, eller ikkje har råd til! Eg treng å kjenne meg som ein del av eit frustrert fellesskap!!!


Elin



tirsdag 10. januar 2012

Soverommet ein januardag...














TAKK for så uendeleg med støtte i siste innlegget!
Gir meg styrke! I dag er ingen god dag,
men eg trur morgendagen
blir bedre?



Elin

 

søndag 8. januar 2012

A new day in the kitchen...









 


 



 

Har vore så fryktelig lei dei siste døgna. Det er heilt vanleg at eg får ein slik reaksjon etter 3 veker med ligging... har prøvd det før. Må vere så optimistisk og positiv, men så plutseleg blir det tomt nokre dagar. Eg klarer å vere åleine i huset, og får til det meste med god tid og sterk vilje. Men i går vart det litt for mykje bøying ved knyting av sko, og så vart ting vondt i ryggen igjen... Reaksjonen i dag var å gi opp alt, aldri blogge igjen, synes grusomt synd i meg sjølv... Ein god plan, heilt til eg sparka meg sjølv hardt i rumpa (mentalt) og kom meg opp på beina med kameraet.

Håper at i alle fall nokon tek seg tid til å lese denne teksten, slik at dei forstår kva dette innlegget betyr for meg. Det er gamle motiv, og kanskje kjedelege bilder - igjen frå kjøkkenet. Men for meg er det eit billedleg bevis på at eg ikkje gav opp i dag... No skal eg ut og gå i sola, viss eg får på meg sko... Og viss eg klarer å skru på smilet igjen, blir dette innlegget posta seinare.

Oppdatering : eg har vore ute og gått over ein kilometer...


Elin

fredag 6. januar 2012

På rundtur i gangen med nytt kamera :)


Eg var så heldig å få nytt Canon EOS 7D med meg sjølv i julegåve (og litt med mannen min) :) Eg fekk det i posten dagen før ryggen min svikta. Og det har kun blitt trykt litt på, før eg prøvde det for første gang i ettermiddag. Bortsett frå at det er veldig tungt i forhold til kva eg burde halde, merka eg ein slags "luksusfølelse" frå første bilde :) Men at eg må ha meg nytt og bedre fotostativ er herved opplest og vedtatt! Så har du nokon gode råd, blir eg kjempeglad dersom du legg igjen ein kommentar! Det må gå an å setje kameraet på i alle vinklar, og så er det fint viss eg slepp å ta opp lån for å kjøpe det...















Elin

ByNord

 
 
Berre innom for å opplyse om at sengesettet i innlegget i går var kjøpt hos hviit,
men finns nok i mange andre butikkar og webshops rundt omkring. Og ja; dei er dyre. Eg gav vel rundt tusenlappen for eitt år sidan (vaksen str.). MEN dei har ein fantastisk kvalitet. Begge setta her i huset var på konstant første månedane, og eg har vaska og tromla dei massevis. Likevel held dei seg fine. I barnestørrelse ligg dei på rundt sekshundre kroner. Linken øverst tek deg rett til ByNord produkt hos hviit :)



Og ja; ByNord er ein STOR favoritt hos meg!


Elin


torsdag 5. januar 2012

Fantastiske TineK!






 






 
Alle fantastiske bilder frå TineK!
Og så eg som har blitt så glad i lyseblått...
LOVE the Springcollection!


Elin

Lillebroren sitt rom




 


 






Ikkje store forandringar siste året, men i alle fall eit nytt teppe frå Pappelina :) Kjøpt på Åhlens. Hadde tenkt å ha det på badet nede, men så bad lillebror om å få det framfor senga si... Han er glad i stjerner, og dette fall visst heilt i smak. Ellers er sengesettet også snart eitt år gamalt, frå ByNord, og framleis like fint! Det har fått kvile seg ein periode, Cars og fotball-sengesetta har vore i bruk. Men det var stor gjensynsglede når lillebror kom på at "ulven" låg i skuffa :) Han har også fått opp dyra frå ByNord på veggen sin. Ei drivvedsgrein gjer nytta som oppheng. Vi held også på å skrive dyrenavn på ein label eg lagde av kvit kartong, men så vart Dymoen vår tom... Knaggrekka har eg laga sjølv av gamle fjøler, og oppkutta drivvedspinnar. Ekornkoppen til lillebror er av merket Mugtail, kjøpt hos hviit.no  

Lillebror har hatt vannkoppar siste halvanna veka. I morgen er han klar for skule igjen.
Så spørs det om han trives i dongeri, etter å ha slumra rundt i koseklede så lenge? ;) Eg kjem i alle fall til å sakne den hjelpsomme vesle fyren veldig!


 
Elin